Introduksjon til petroleum- og prosessteknologi

Fakta om studiet

EmnekodePTEK100
Studiepoeng10
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for fysikk og teknologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studieveileder.ppt@ift.uib.no

Mål og innhald

Emnet inneheld to delar. Petroleumsdelen omtalar grunnleggande geologi, hydrokarbonsystem, innføring til petroleumsleiting, strøymningseigenskapar for olje og gass, og produksjonsteknologi. Prosessteknologidelen omtalar gassprosessering og -transport, instrumentering, sikkerheit, fleirfase- og pulverteknologi. Ekskursjon til Hydro Sandsli, Mongstad og Kollsnes.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne PTEK100 skal studenten kunne:

  • beskrive korleis olje og gass blir danna, funne, utvunne, transportert og prosessert
  • beskrive grunnleggjande geologi, hydrokarbonsystem, petroleumsleiting, produksjonsteknologi og strøymingseigenskapar for olje og gass i eit porøst medium
  • rekne ut hydrokarboninnhald og produksjonskapasiteten til eit enkelt reservoar ved hjelp av ein enkel analytisk reservoarmodell
  • beskrive transport- og prosessanlegg for olje og gass, med vekt på instrumentering, fleirfase, separasjon og sikkerheitsteknologi
  • rekne på enkle problem innanfor strøyming i rør og varmeoverføring

Undervisningssemester

Haust (Fargekode: grønn)

Eksamenssemester

Skriftleg eksamen berre ein gong i året - haust.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Matematikk 1+2, Fysikk 1 og Kjemi 1.

Fagleg overlapp

Ingen

Obligatoriske arbeidskrav

3 øvingar og 2 ekskursjonar. Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i 7 semester (undervisningssemesteret + 6 påfølgande semester).

Vurderingsformer

2 timar fleirvalgseksamen med bokstavkarakterar. Ingen hjelpemiddel tillate. Skriftleg eksamen berre en gong i året - haust. Berre studentar med gyldig fråvær har rett til et nytt forsøk i påfølgende semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.