Mål og innhald
Eigenskapar ved porøse medier, grunnleggande petrofysiske omgrep og likningar, absolutt og relativ permeabilitet, fuktpreferanser, kapillartrykk, kjerneanalyse, brønnlogging.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne PTEK211 skal studenten kunne:
- forklare eigenskapar ved porøse medium, med fokus på olje- og gassreservoar
- beskrive fleirfasestrøyming i porøse medium med vekt på oljeproduksjon
- gjere greie for innverknad på strøyming i porøse bergartar frå parameter som permeabilitet, trykk, temperatur, kapillartrykk, relativ permeabilitet og fuktpreferanse
- presentere prinsipp ved brønnlogging
Undervisningssemester
Haust (Fargekode: grønn)
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Dei to første semestra i bachelorstudiet i petroleum- og prosessteknologi.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen. Eksamen kan bli skriftleg, avhengig av antal oppmelde
studenter. Hjelpemiddel: Godkjent kalkulator.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen. Eksamen kan bli skriftleg, avhengig av antal oppmelde
studenter. Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.