Mål og innhald
Emnet gir ei grunnleggjande innføring i metodane som brukast for å utvinne petroleum på norsk sokkel. Emnet gir også ei innføring i ukonvensjonelle metodar som kan ha eit potensial for å auke utvinningsgraden frå petroleumsfelta.Tema som blir tatt opp er: Petroleum fluideigenskapar, PVT-analyser, fasediagram, diffusjon og dispersjon, reservoar monitorering, og auka oljeutvinning.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne PTEK213 skal studenten kunne:
- beskrive særtrekk ved petroleumsfelta på norsk sokkel med tanke på reservoareigenskapar og fluideigenskapar
- beskrive kritiske parameter som har betydning for utvinning av petroleum
- anvende analytiske modellar (dynamiske og statiske) for å få kunnskap om dei fysiske og kjemiske prosessane som er relevante for utvinningsgraden
- utføre reservoartekniske utrekningar
Undervisningssemester
Høst (Fargekode: grønn)
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Ingen
Obligatoriske arbeidskrav
1 obligatorisk øving. Den obligatoriske øvinga er gyldige i 3 semester (undervisningssemesteret + 2 påfølgande semester).
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen (4 t). Dersom få oppmeldte kan det bli munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Enkel lommekalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet.
Obligatorisk øving må leverast innan fastsett frist for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen (4 t). Dersom få oppmeldte kan det bli munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar
Obligatorisk øving må leverast innan fastsett frist for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.