Mål og innhald
Kurset er sett saman av mange emne innanfor bergartsfysikk/petrofysikk som blir brukt av geofysikarar, geologar og reservoaringeniørar. Det vil vere nyttig for dei som ønskjer å arbeide med tolking av geofysiske (elektromagnetiske og/eller seismiske) data med tanke på dei fysiske eigenskapane til bergartane, samt med moderne metodar for dynamisk reservoarkarakterisering basert på integrasjon av 4D geofysiske data med historiske (reservoar) produksjonsdata.
Pensum inkluderer element av teorien for dei effektive eigenskapane til mikroinhomogene medium, oppskalering, mekaniske eigenskapar til tørre bergartar, væskestraum og permeabilitet, mekanisk oppførsel til væskemetta porøse medium, akustiske og seismiske eigenskapar, elektrisk leidningsevne, dielektriske eigenskapar, elektromagnetiske bølgjer og diffusjon, samt termisk leidningsevne og varmestraum. Det vil bli fokusert spesielt på analogiar mellom ulike fysiske fenomen, samt korrelasjonar mellom ulike fysiske eigenskapar.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne PTEK218 skal studenten kunne:
- gjengi sentrale matematiske utleiingar i pensum
- vere i stand til å løyse nye problem basert på teorien frå pensum
- implementere dei fleste bergartsfysiske relasjonane på ei datamaskin
- demonstrere generelle evner i bergartsfysisk modellering
- forklare analogiar mellom ulike bergartsfysiske fenomen
- diskutere (tverrfaglig) bruk av bergartsfysiske relasjonar
Undervisningssemester
Haust (Fargekode: grønn)
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Egnar seg for studentar med god bakgrunn i matematikk.
Obligatoriske arbeidskrav
Øvingane er obligatoriske (bestått/ikkje bestått). Øvingane er gyldige i 3 semester (undervisningssemesteret + 2 påfølgande semester).
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen. Tillate hjelpemiddel: kalkulator. Eksamen kan bli munnleg, avhengig av antal oppmeldte studentar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.