Mål og innhald
Emnet gir ein innføring til fleirfasesystem i prosessindustrien. Emnet omfattar: Impulstransport i og mellom kontinuerlege (fluid) og disperse (boblar, dråpar eller faste partiklar) faser, nytta på fleirfase strøymningsfenomen. Varme- og masseoverføring mellom kontinuerte og disperse faser, nytta til dømes på kontakttårn. Kjemisk reaksjon med samstundes transport av moment, varme og masse mellom fasane, nytta på fleirfasereaktorar.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne PTEK241 skal studenten kunne:
- kvantifisere utvekslinga av bevegelsesmengde, varme og materiale i dei separate fasene og mellom fasene i fleirfasesystem
- rekne ut responstider og koplingsparameter for fleirfasesystem og forklare kva betydning det har for modellering av prosessar som involverer slike system
- forklare problemstillingane kring formuleringa av bevegelsesmengde-, energi- og materialbalansar for fleirfasesystem
- forklare og rekne på dei basale typane kjemiske einfasereaktorar i prosessindustrien
- forklare og rekne på dei basale typane kjemiske fleirfasereaktorar i prosessindustrien, spesielt reaktorar med ein fast katalysator
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Ingen
Obligatoriske arbeidskrav
Midtsemesterprøva er gyldig i 1 semester (undervisningssemesteret). I semester kor undervisning ikkje vert tilbydd gjeld avsluttande eksamen 100% av endeleg karakter.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen.
Vurderingsformer
Midtsemesterprøve (25%) og 4 timar skriftleg avsluttande eksamen (75%). Hjelpemiddel: Godkjend kalkulator.
Vurderingsformer
I semester kor undervisning vært gitt kan midtvegseksamen gjelde inntil 25% av karakteren. Ved manglande oppmøte på midtvegseksamen i eit undervisningssemester vil avsluttande eksamen gjelde 100%. I semester kor undervisning ikkje vært gitt gjelder avsluttande eksamen 100%. Hjelpemiddel: Godkjend kalkulator.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.