Mål og innhald
Emnet bygger på PTEK212 og PTEK213. Vi tek for oss eit konkret felteksempel frå norsk sokkel og studerer ulike utvinningsmetodar, både konvensjonelle og ukonvensjonelle.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne PTEK313 skal studenten kunne:
- gi ei kort geologisk og reservoarteknisk skildring av det bestemte feltet
- gjere greie for ulike utvinningsmetodar
- modellere eit reservoarsegment og kjøre utvinningsprofilar med programmet Sword
- utføre reservoartekniske utrekningar
- beskrive eit aktuelt IOR (Improved Oil Recovery) prosjekt og utføre ein studie av sensitivitet og uvisse med bruk av multivariat regresjonsanalyse og programmet @Risk
- utføre ei PVT-simulering med eit eigna softwareprogram for å bestemme mellom anna minimumstrykk for blandbarheit
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatoriske arbeidskrav
Innlevering av prosjektoppgåver. Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i 3 semester (undervisningssemesteret + 2 påfølgande semester).
Vurderingsformer
Karakterer basert på mappeevaluering og presentasjon av innleverte prosjektoppgåver.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.