Natur og kulturmiljøforvaltning

Fakta om studiet

EmnekodeREG302
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår, Haust
Antall semester1
Undervisingsspråk
Til vanleg norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Mål og innhald

Emnet er sett saman av tre temaområde: Naturlandskap, kulturhistorie/miljø og forvaltning av desse i ein nasjonal og internasjonal samanheng. Kurset hentar primært eksempel frå den vestnorske regionen, ved at eit tar for seg naturhistoria og kulturhistoria frå dette området. Fokus vert retta mot korleis samspelet mellom naturlege føresetnader, kulturelle tradisjonarog ytre impulsar har gått føre seg på Vestlandet frå den tidligaste forhistoria og fram til i dag. Kurset tar og for seg ulike natur- og kulturmiljø og korleis desse vert forvalta og verna i dagens samfunn.

Emnet dekker følgjande tre hovudområde:

Naturlandskap på Vestlandet: Berggrunnsgeologi, kvartærgeologi og landformer, vær og klima, vatn og hav, vegetasjon og vegetasjonsregionar, dyreliv i hav og på land.

Forhistorie og historie på Vestlandet: Tidlige fangst- og jordbrukssamfunn, utvikling av landbruk, fangst og sjøbruk, busetnadhistorie, arkitektur og byutvikling, kulturlandskapet som kunnskapsbase, Vestlandet som kulturregion.

Forvaltning og vern: Næringsutvikling, byutvikling og arealforvaltning, friluftsliv ogrekreasjonsverdiar, landskapsvern og forvaltning, kulturminnevern og kulturmiljøforvaltning, natur- og kulturlandskapsvern i eit internasjonalt perspektiv.

Læringsutbyte/resultat

Ein student som har tatt emnet Natur- og kulturmiljøforvaltning skal:

- ha kunnskapar om naturforhold og prosessar i naturen, kulturutvikling, historie,

kulturmiljø og kulturminne på Vestlandet.

- ha innsikt i korleis natur- og kulturmiljø vert forvalta og verna i eit nasjonalt og eit

internasjonalt perspektiv.

- ha kjennskap til, og danne seg, holdningar til den allmenne verdien av kulturarv og

naturmiljø, og dei skal ha ferdigheiter i å analysere relasjonen mellom utviklingsinteresser og

verneinteresser.

Eksamenssemester

Haust

Studienivå

Master

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Krav til studierett

Opptak til masterprogrammet i region og regionalisering

Undervisning og omfang

Undervisninga er basert på førelesingar. Institutt for biologi, Institutt for geovitskap og Geofysisk institutt held førelesingane på det første temaområdet (Naturlandskap på Vestlandet).

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, samt Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, held forelesingane på dei to siste områda (Forhistorie og historie på Vestlandet, samt Forvaltning og vern).

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen består av ein firedagars heimeeksamen der studentane leverer ei oppgåve på om lag 3000 ord.

Karakterskala

A-F der F er stryk

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.