Prosjektskildring
Fakta om studiet
| Emnekode | REG311 |
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisingssemester | Høst |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Norsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no
Mål og innhald
Innan dei humanistiske faga står mennesket i sentrum og ein studerer korleis mennesket kommuniserer, kva mennesket tek seg til og kva det omgir seg med. I dette emnet skal vi sjå nærmare på metodiske tilnærmingar innan dei humanistiske faga arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap men òg samfunnsvitskaplege metodar og teoretiske tilnærmingar vil inngå i emnet
Emnet legg vekt på innføring i humanistiske og samfunnsvitskaplege metodar knytt til forskingsprosjekt slik som til dømes ei masteroppgåve. Emnet vil styrke studentane sine kunnskapar om akademiske læreformer, som innan denne fagkrinsen særlig vil seie kjelde- og dokumentanalyse (historie), arkeologiske metodar (til dømes arkeologiske utgravingar og funnanalysar), tekstanalysar og feltarbeid og intervju som datainnsamling (religions- og kulturvitskap) og kvalitative og kvantitative metodar nytta innan samfunnsfaga.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskap: Emnet skal gje studenten auka innsikt i og forståing for eiga læring og gode kunnskapar om metodiske tilnærmingar og teoretiske grep nytta innanfor dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga.
Ferdigheiter: Studenten skal vise evne til å reflekterer over eiga læring og kunne demonstrere ferdigheiter i å nytte metodar og teoriar i eit forskingsprosjekt.
Generell kompetanse: Studenten skal vise evne til å reflektere, argumentere og dokumentere akademisk.
Undervisningssemester
Haust
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Krav til studierett
Opptak til masterprogrammet i Region og regionalisering.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
Ingen
Undervisning og omfang
Forelesingar og individuell rettleiing.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk frammøte til 70 % av undervisninga. Rettleiing og levering av minst eitt utkast til prosjektskisse.
Vurderingsformer
Innlevering av prosjektskisse på om lag 4000 ord.
Karakterskala
Greidd/ikkje greidd
Læremiddelomtale
Studenten legg opp eit sjølvvalt pensum på om lag 1000 sider.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.