Region og regionalisering, mastergradsoppgåve
Fakta om studiet
| Emnekode | REG350 |
| Studiepoeng | 60 |
| Undervisingssemester | Vår, Haust |
| Antall semester | 2 |
| Undervisingsspråk | Til vanleg norsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no
Mål og innhald
I samråd med rettleiar skal studenten utforme ein problemstilling og sette seg inn i teoriar og tidligare arbeid med relevans for temaet og/eller området.
Studenten skal vidare gjennomføre eit eige arbeid av praktisk og/eller teoretisk art knytt opp mot problemstilling, og etter praktisk/teoretisk behandling skal dette etter maksimum to år (for heile masterprogrammet) munne ut i ei masteroppgåve.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar
Studenten skal vise god kunnskap om tilnærmingar og teoriar knytte til tema Region og regionalisering. Dei skal òg ha innsikt i aktuelle forskingstema knytt til regional utvikling.
Ferdigheiter
Studenten skal kunne forstå og analysere strukturar og prosessar som påverkar regionar og regional utvikling, og ha forståing av samspelet mellom globale og lokale forhold.
Generell kompetanse
Studenten har opparbeidd evne til å problematisere og analysere omgrep, teori, metode og forskingsetikk og har fått ein kompetanse i skriftleg og munnleg fagleg diskusjon.
Undervisningssemester
Høst
Studienivå
Masternivå
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Krav til studierett
Emnet er tilgjengeleg for studentar som er tekne opp til masterstudiet i region og regionalisering.
Undervisning og omfang
Rettleiing og seminar
Obligatoriske arbeidskrav
Obligatorisk frammøte til 70 % av masterseminara i semesteret. Studenten skal ta i mot rettleiing kvart semester under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og fagkoordinator.
Obligatoriske arbeidskrav
Obligatorisk frammøte til 70 % av masterseminara i semesteret. Studenten skal ta i mot rettleiing kvart semester under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og fagkoordinator.
Deltaking på 2-dagars forskingsetisk seminar arrangert av Forskingsetisk utval ved AHKR.
Vurderingsformer
Det vert først sett ein karakter på masteroppgåva. Omfanget av masteroppgåva skal ligga mellom 70 og 110 sider. Deretter er det ein munnleg eksamen der studenten gir ein munnleg presentasjon av oppgåva og så eksaminerast med utgangspunkt i masteroppgåva. Den munnlege eksamenen kan justera karakteren på masteroppgåva med éin karakter opp eller ned. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.
Vurderingsformer
Det vert først sett ein karakter på masteroppgåva. Omfanget av masteroppgåva skal ligga mellom 70 og 110 sider. Dette inkluderer ikkje framside, innhaldsliste, forord, litteratur- /referanseliste eller appendiks. Deretter er det ein munnleg eksamen der studenten gir ein munnleg presentasjon av oppgåva og så eksaminerast med utgangspunkt i masteroppgåva. Den munnlege eksamenen kan justera karakteren på masteroppgåva med éin karakter opp eller ned. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Studentane vel sjølve ut relevante læremiddel i samråd med rettleiar
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.