Religion og menneskerettar
Fakta om studiet
| Emnekode | RELV227 |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingssemester | Vår |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Norsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap |
Kontakt
Kontaktinformasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no
Mål og innhald
Studenten skal gjennom studiet tileigne seg grunnleggande kunnskap om korleis menneskerettane fungerer, og inngåande kunnskap om kva slags rettar og avgrensingar menneskerettane set. Studentane skal få kunnskap om korleis FN og det europeiske menneskerettsregime regulerer balansen mellom religionsfridomen til enkeltindivid og religionar og andres religionsfridom, rett til respekt for privatliv, rett til ikkjediskriminering, ytringsfridom m.v. Særskild aktuelle problemstillingar er menneskerettane og dei forskjellige religionane sine haldningar til politikk, kjønn, sex, diskriminering, religionskritikk og rett til å utøve sin religion.
Mål og innhald
Studenten skal gjennom studiet tileigne seg grunnleggande kunnskap om korleis menneskerettane fungerer, og inngåande kunnskap om kva slags rettar og avgrensingar menneskerettane set. Studentane skal få kunnskap om korleis FN og det europeiske menneskerettsregime regulerer balansen mellom religionsfridomen til enkeltindivid og religionar og andre sin religionsfridom, rett til respekt for privatliv, rett til ikkjediskriminering, ytringsfridom m.v. Særskild aktuelle problemstillingar er menneskerettane og dei forskjellige religionane sine haldningar til politikk, kjønn, sex, diskriminering, religionskritikk og rett til å utøve sin religion.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskapar
Grunnleggande kunnskap om korleis menneskerettane fungerer, og brei kunnskap om kva slags rettar og avgrensingar religion har ifølgje menneskerettane.
Ferdigheiter
- evne til å analysere menneskerettslege problemstillingar og trekkje eigne slutningar ut frå gjeldande menneskerettar
- evne til å skrive ein analytisk tekst om religion og menneskerettar
- erfaring med å formidle informasjon, idear og problemstillingar om emne
Generell kompetanse
Generell innsikt i korleis menneskerettane fungerer og evne til å skrive religionsfaglege analysar av menneskerettslege problemstillingar. Kompetanse til å skrive ein analytisk fagtekst med utgangspunkt i sjølvvald problemstilling.
Undervisningssemester
Vår
Studienivå
Bachelornivå
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Mykje av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør derfor ha gode engelskkunnskapar.
Fagleg overlapp
Undervisning og omfang
Normalt to timar pr veke med forelesingar og seminar, totalt 18 timar. I tillegg kjem rettleiing for semesteroppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav
Rettleiing på oppgåva
Obligatoriske arbeidskrav
Rettleiing på oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav i emnet er kun gyldige i det semesteret eksamen vert avlagt, jf. avsnitt vurderingsformer.
Vurderingsformer
Eksamen består av to komponentar: ei rettleia semesteroppgåve (4000-5000 ord) og ein justerande munnleg eksaminasjon. Innlevering av semesteroppgåva skal skje elektronisk.
Vurderingsformer
Eksamen består av to komponentar: ei rettleia semesteroppgåve (5000-6000 ord) og ein justerande munnleg eksaminasjon. Innlevering av semesteroppgåva skal skje elektronisk.
Karakterskala
I vurderinga vert det nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.
Læremiddelomtale
Pensum er på omkring 1200 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.
Læremiddelomtale
Pensum er på omkring 1000-1500 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.