Praktisk argumentasjon
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet Praktisk argumentasjon gir ei innføring i klassisk og moderne retorikk og argumentasjonsteori kombinert med praktiske øvingar i å analysere og utarbeide argumentative tekstar. Føremålet med emnet er å gi studentane teoretisk forståing av kva argumentasjon er, kjennskap til sentrale teoriar om argumentasjon i klassisk og moderne tid, og modellar for korleis ein kan gå fram når ein skal analysere og vurdere argumentasjonen i både eigne og andre sine tekstar.
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal kunne analysere og vurdere argumentasjon i ulike typar tekstar med hjelp av omgrep frå klassisk og moderne retorikk og argumentasjonsteori. Dei skal kunne gjere greie for funksjonane til påstandar som inngår i resonnement, skille mellom ulike argumentasjonsfasar og argumentasjonstypar, og vere i stand til å gi velgrunna vurderingar av argumentasjonen dei møter i ulike samanhengar, innanfor akademia og i det offentlege ordskiftet. Dei skal kunne utnytte den teoretiske innsikta dei får i utforming av eigne argumentative tekstar. Dei skal kjenne til historiske samanhenger for teoriar om argumentasjon i eldre og nyare tid.
Kunnskap: Etter fullført emne skal studenten ha
- kjennskap til sentrale omgrep i klassisk argumentasjonsteori
- kjennskap til sentrale omgrep og modellar i moderne argumentasjonsteori
- kjennskap til utvalde originaltekstar
Dugleik: Etter fullført emne skal studenten kunne
- analysere og kritisk vurdere argumentasjonen i ulike typer tekstar (talar)
- framføre eit resonnement etter visse kriterier, og kritisk analysere og vurdere eigen prestasjon
- formidle hovudtrekk ved ein tekst eller tale med omsyn til argumentasjonsmåte
Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- å utforme eigne argumentative tekstar i ulike sjangrar
- å fungere som konsulent for andres tekstar
- å delta sjølvstendig og kritisk i samfunnsdebattar og i andre profesjonelle samanhenger der argumentasjon står sentralt
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor og Master
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Tilrådde forkunnskapar
Godkjent førstesemesterstudium. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk
Undervisning og omfang
Undervisninga har form av førelesingar eller seminar. I seminara blir det rekna med aktiv deltaking frå studentane. Skriftlege oppgåver og munnlege presentasjonar inngår som ein del av undervisninga.
Forelesingar/seminar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.
Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.
Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.
Individuell rettleiing ved faglærar.
Innlevering av pensumliste innan 15. april om våren og innan 15. oktober om hausten. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og vere utforma i samsvar med vanlege standardar for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal underskrivast av faglærar og godkjennast av instituttet.
Vurderingsformer
Ei rettleia oppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast elektronisk via Mi side og blir sensurert ved slutten av semesteret.
Eksamen blir arrangert på slutten av det semesteret det blir gitt undervisning i emnet. I semesteret etter blir det arrangert midtsemestereksamen.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F.
Læremiddelomtale
Innføringar i argumentasjonsteori og argumentasjonsanalyse, og eit utval artiklar og andre tekstar frå eldre og nyare tid.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.
Kontaktinformasjon
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
E-post: studierettleiar@fof.uib.no