Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk

Fakta om studiet

EmnekodeRUS100
Studiepoeng10
UndervisningsstartHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for fremmedspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no

Mål og innhald

Kurset gjev ei elementær innføring i hovudlinene i russisk språk og realia og skal danna eit godt grunnlag for vidare studium i russisk.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført innføringskurset i rissisk skal studentane

  • ha tileigna seg det kyrilliske alfabetet, også i handskrift, og eit elementært vokabular.
  • ha kunnskapar om hovudlinene i russisk uttale og grammatikk.
  • ha basiskunnskapar om russiske realia.
  • kunna lesa, forstå, omsetja og gjera greie for innhaldet i enkle, adapterte tekstar munnleg.
  • kunne føra enkle samtalar på russisk.
  • kunne gjera greie for grunnleggjande fenomen i russisk grammatikk og visa at han/ho også meistrar desse i praksis, både munnleg og skriftleg.
  • vera godt budde til vidare studium i russisk.

 RUS100 gjev ikkje berre grunnlag for vidare studium i russisk, men kan også koma til nytte i ei rekkje andre studium, yrke og yrkeskombinasjonar.

For studentar som ikkje kan dokumentera kunnskapar tilsvarande RUS100 eller har greidd ein fagdiagnostisk test som vert arrangert i byrjinga av kvart semester, er RUS100 eit obligatorisk emne for å kunna ta vidare studium innan russisk bachelor (RUS111, RUS112, RUS113, 114, RUS211 og RUS252).

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne: Studentane

  • har tileigna seg det kyrilliske alfabetet, også i handskrift, og eit elementært vokabular.
  • har kunnskapar om hovudlinene i russisk uttale og grammatikk.
  • har basiskunnskapar om russiske realia.
  • kan lesa, forstå, omsetja og gjera greie for innhaldet i enkle, adapterte tekstar munnleg.
  • kan føra enkle samtalar på russisk.
  • kan gjera greie for grunnleggjande fenomen i russisk grammatikk og visa at han/ho også meistrar desse i praksis, både munnleg og skriftleg.
  • er godt budde til vidare studium i russisk.

RUS100 gjev ikkje berre grunnlag for vidare studium i russisk, men kan også koma til nytte i ei rekkje andre studium, yrke og yrkeskombinasjonar.

For studentar som ikkje kan dokumentera kunnskapar tilsvarande RUS100 eller har greidd den fagdiagnostiske testen som blir arrangert i byrjinga av kvart semester, er RUS100 eit obligatorisk emne for å kunna ta vidare studium innan russisk bachelor (RUS111, RUS112, RUS113, 114, RUS211 og RUS252).

Undervisningssemester

Haust

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande forkunnskapar i setningsanalyse er sterkt tilrådd.

Undervisning og omfang

Kurset går over heile semesteret, i12 veker, med minimum 8 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil vera førelesingar kombinerte med øvingar, omsetjing, lesevurdering, samtalar og liknande.

Obligatoriske arbeidskrav

Oppmøte til minst 70% av undervisninga. Studentane må også levera 70 % av dei skriftlege innleveringsarbeida.

Obligatoriske arbeidskrav

Oppmøte til minst 70% av undervisninga. Studentane må også levera 70 % (8 av 12) av dei skriftlege innleveringsarbeida.

Vurderingsformer

Ein avsluttande skriftleg skuleeksamen på 4 timar pluss munnleg eksamen.

Ved samanrekning av samla karakter for dei to eksamensdelane tel den skriftlege skuleeksamen 70 % og den munnlege 30 %. Begge delar må vera greidde i same semester.

Vurderingsformer

Ein avsluttande skriftleg skuleeksamen på 4 timar, samt munnleg eksamen.

Ved samanrekning til samla karakter for dei to eksamensdelane tel den skriftlege skuleeksamen 70 % og den munnlege 30 %. Begge delar må vera greidde i same semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet blir karakterskalaen A-F nytta, kor F er stryk.

Læremiddelomtale

Ei begynnarbok vert gjennomgått. I tillegg kjem praktisk fonetikk og enkel konversasjon på russisk.

Læremiddelomtale

Ei begynnarbok blir gjennomgått. I tillegg kjem praktisk fonetikk og enkel konversasjon på russisk.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluera undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.