Russisk språkstruktur og skriftleg russisk

Fakta om studiet

EmnekodeRUS211
Studiepoeng15
UndervisningsstartVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for fremmedspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no

Mål og innhald

Emnet består av dei to disiplinane russisk grammatikk og skriftleg russisk. Studentane skal gjennom ei språkvitskapleg tilnærming få god innsikt i strukturen i utvalte emne i russisk språk, og skal utdjupa dugleiken i skriftleg russisk og omsetjing frå norsk til russisk.

RUS211 skal òg danna eit godt fundament for vidare studium i russisk.

Studentane skal få ei forståing av språket sin plass og rolle i eit språkleg, så vel som samfunnsmessig perspektiv.

Mål og innhald

Emnet består av dei to disiplinane Russisk grammatikk og Skriftleg russisk. Studentane skal gjennom ei språkvitskapleg tilnærming få god innsikt i strukturen i utvalde emne i russisk språk, og skal utdjupa dugleiken sin i skriftleg russisk og omsetjing frå norsk til russisk.

RUS211 skal òg danna eit godt fundament for vidare studium i russisk.

Studentane skal få ei forståing av språket sin plass og rolle i eit språkleg, så vel som samfunnsmessig perspektiv.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne skal studenten

  • ha gode kunnskapar i russisk morfologi og syntaks, og også utdjupa innsikt i nokre utvalde grammatiske emne (som til dømes partisippar, bruk av lang- og kortformer av adjektiv, ordstilling o.a.).
  • vera i stand til å analysera russisk språkstruktur og gjera greie for russiske grammatiske emne i samanlikning med norsk.
  • ha fått djupare innsikt i eit språkvitskapleg omgrepsapparat og analyse.
  • kunna omsetja middels vanskelege tekstar innan ulike sjangrar frå norsk til russisk.
  • kunna utforma sjølvstendige, resonnerande tekstar på russisk og dermed visa at ein meistrar den teoretiske grammatikken i praksis.
  • kunna setja russisk standardspråk i perspektiv som eit av fleire varietetar av russisk.
  • vera godt budd på eit masterstudium i russisk, men òg i stand til å kunna vidareutvikla kunnskap og dugleik i disiplinen på sjølvstendig vis.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne: Studenten

  • har gode kunnskapar i russisk morfologi og syntaks, og også utdjupa innsikt i nokre utvalde grammatiske emne (som til dømes partisippar, bruk av lang- og kortformer av adjektiv, ordstilling o.a.).
  • er i stand til å analysera russisk språkstruktur og gjera greie for russiske grammatiske emne i samanlikning med norsk.
  • Har djupare innsikt i eit språkvitskapleg omgrepsapparat og analyse.
  • kan omsetja middels vanskelege tekstar innan ulike sjangrar frå norsk til russisk
  • kan utforma sjølvstendige, resonnerande tekstar på russisk og dermed visa at ein meistrar den teoretiske grammatikken i praksis.
  • kan setja russisk standardspråk i perspektiv som ein av fleire varietetar av russisk.
  • er godt budd på eit masterstudium i russisk, men òg i stand til å kunna vidareutvikla kunnskap og dugleik i disiplinen på sjølvstendig vis.

Undervisningssemester

Vår

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Begge disiplinane i RUS211 byggjer på RUS100, RUS111, RUS112, RUS113 og RUS114, og det vert kravt faglege føresetnader som svarer til desse emna.

Krav til forkunnskapar

Begge disiplinane i RUS211 byggjer på RUS100, RUS111, RUS112, RUS113 og RUS114, og det blir kravd faglege føresetnader som svarer til desse emna.

Fagleg overlapp

Fullt overlapp med RUS201

Fagleg overlapp

Full fagleg overlapp med RUS201.

Undervisning og omfang

Russisk grammatikk går over eit heilt semester med 4 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil vera førelesingar.

Skriftleg russisk går over eit heilt semester med 2 timar undervisning i veka. Undervisninga vil vera gjennomgang av skriftlege omsetjingar norsk-russisk og andre skriftlege arbeid og øvingar.

Obligatoriske arbeidskrav

Oppmøte til minst 70 % av undervisninga.

Det vert kravd at studentane leverer minst 70 % av dei skriftlege innleveringsarbeida.

Obligatoriske arbeidskrav

Oppmøte til minst 70% av undervisninga. Det blir kravd at studentane leverer minst 70 % (6 av 8) av dei skriftlege innleveringsarbeida.

Vurderingsformer

Russisk grammatikk: Skriftleg eksamen på 4 timar. Svara på oppgåvene skal skrivast på norsk.

Skriftleg omsetjing: Skriftleg eksamen på 4 timar.

Eksamen går over to dagar. Ved samanrekning av samla karakter i dei to disiplinane tel Russisk grammatikk 60 % og Skriftleg omsetjing 40 %. Studenten må ha ståkarakter i begge disiplinane. Begge vurderingsdelane må vera greidd i same semester.

Vurderingsformer

Russisk grammatikk: Skriftleg eksamen på 3 timar. Svara på oppgåvene skal skrivast på norsk.

Skriftleg omsetjing: Skriftleg eksamen på 3 timar.

Eksamen går over to dagar. Ved samanrekning av samla karakter i dei to disiplinane tel Russisk grammatikk 60 % og Skriftleg omsetjing 40 %. Studenten må ha ståkarakter i begge disiplinane. Begge vurderingsdelane må vera greidd i same semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet blir karakterskalaen A-F nytta, kor F er stryk.

Læremiddelomtale

Utvalte emne frå ein høveleg grammatikk, supplerte med språkvitskapleg litteratur.

Læremiddelomtale

Utvalde emne frå ein høveleg grammatikk, supplert med språkvitskapleg litteratur.

Undervisningsstad

Bergen og St. Petersburg

Emneevaluering

Studentene skal evaluera undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.