Mål og innhald
Studentane skal tileigne seg ei grunnleggjande forståing av føresetnadane for og stadia i stats- og nasjonsbygging i Europa. Vidare skal emnet gje ei integrert innføring av denne utviklinga som eit forhold mellom institusjonar og aktørar i tid og rom.
Emnet gjev ei teoretisk innføring i dei historiske og strukturelle vilkåra for stats- og nasjonsbygging i Europa, samt ei empirisk skildring av europeiske politiske system og deira utvikling og struktur. Gjennom dette gjev emnet ei brei teoretisk og empirisk innføring i samanliknande politikk som vektlegg samspelet, utviklinga og variasjonane i stat- og nasjonsbygging i Europa. Det vert gjeve ein oversikt over fasane i statsbygging og nasjonsdanning, utforming av dei viktigaste elementa i politiske system og konfliktlinjer som ligg til grunn for partisystem. Emnet legg vekt på variasjonar mellom land og korleis likskap og ulikskap kan forklarast.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:
o Skildre dei grunnleggjande historiske og strukturelle vilkåra for stats- og nasjonsbygging i Europa.
o Skildre empirisk europeiske politiske system og deira utvikling og struktur, og sjå denne utviklinga som eit forhold mellom institusjonar og aktørar i tid og rom.
o Gjere greie for samspelet, utviklinga og variasjonane i stats- og nasjonsbygging i Europa
o Gjere greie for variasjonar mellom land og korleis likskap og ulikskap kan forklarast
Institutt
Institutt for samanliknande politikk
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Fagleg overlapp
Full poengreduksjon mot SAMPOL110
Undervisning og omfang
Form: Førelesingar og seminar
Timer per veke: rundt 6
Mengd veker: rundt 14
Obligatoriske arbeidskrav
Deltaking på seminar (minimum 75 %) og ei emneoppgåve (2000-3000 ord). Obligatorisk arbeidskrav er gyldig i to undervisingssemester; det semesteret arbeidskravet blir gjennomført, samt det påfølgande undervisingssemesteret.
Vurderingsformer
Seks timar skriftleg skuleeksamen.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F vert nytta.
Emneevaluering
Emnet evaluerast jamleg.