Mål og innhald
Emnet omhandlar korleis statsmakta er organisert i etablerte demokrati, med vekt på variasjon og ulike løysingar når det gjeld politiske institusjonar, val- og partisystem og velferdsregimer. Studentane får innføring i korleis statsmaktene er innretta og korleis dei fungerer i høve til kvarandre, med vekt på konstitusjonar, parlament, regjering og regjeringsdanning, og statens territorial-administrative struktur. Undervisninga dekker vidare tema som partisystem og partifamiliar, val og valsystem med folkeavstemmingar, samt korleis velferdsløysingar fungerer mellom ulike land. I emnet vert desse tema illustrert med empiri henta frå etablerte demokrati, særleg i Europa.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne
- Gjere greie for korleis statsmakta er organisert i etablerte demokrati, med vekt på variasjon og ulike løysingar når det gjeld politiske institusjonar, val- og partisystem og velferdsregimer
- Diskutera korleis statsmaktene i etablerte demokrati er innretta, korleis dei fungerer i høve til kvarandre, og vise til korleis konstitusjonar, parlament, regjering og regjeringsdanning og statens territoriale-administrative struktur varierer
- Gjere greie for partisystem og partifamiliar, val og valsystem med folkeavstemmingar, samt korleis velferdsløysingar fungerer mellom ulike land
Institutt
Institutt for samanliknande politikk
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
SAMPOL100 Innføring i samanliknande politikk
Fagleg overlapp
Full poengreduksjon mot SAMPOL110
Undervisning og omfang
Form: Førelesingar og seminar
Timer per veke: rundt 4
Mengd veker: rundt 14 veker
Obligatoriske arbeidskrav
Obligatoriske arbeidskrav: Deltaking på seminar (minimum 75 %) og to godkjende arbeidsoppgåver, kvar på maksimalt 1000 ord. Arbeidsoppgåvene må være godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Obligatorisk arbeidskrav er gyldig i to undervisningssemester; det semesteret arbeidskravet blir gjennomført, samt det påfølgande undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Seks timar skriftleg skuleeksamen.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F vert nytta.
Emneevaluering
Emnet evaluerast jamleg.