Mål og innhald
Studentane skal tileigne seg ei grunnleggjande forståing av føresetnadane for politisk deltaking og mobilisering, og kva former den politiske mobiliseringa har tatt og tar i dag. Emnet vil særleg konsentrere seg om rolla til sosiale masserørsler, politiske parti og frivillige organisasjonar, samt relasjonane mellom desse hovudformane for politisk mobilisering. Emnet diskuterer òg både formelle og meir uformelle former for mobilisering, som kan vera nokså laust tilknytt dei andre hovudformane eller ikkje tilknytt i det heile, slik som ulike alternative deltakingsformer og former for politisk aktivisme. Emnet vil òg diskutera i kva grad moderne teknologi endrar føresetnadene for politisk mobilisering og kva konsekvensar det eventuelt vil ha for politisk mobilisering og demokratisk styring meir generelt.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:
o Gjere greie for dei dominerande teoriane om demokratisk deltaking og mobilisering.
o Skildre dei grunnleggjande historiske formene for politisk mobilisering, korleis desse formene varierer i struktur og innhald og kva som er samspelet mellom dei..
o Kjenne til mikro- og makro forklaringar på variasjonar i politisk deltaking og mobilisering.
o Gjere greie for korleis moderne teknologi endrar føresetnadene for politisk deltaking og mobilisering og kva dette kan ha å seia for makt og innverknad.
Institutt
Institutt for samanliknande politikk
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse.
Fagleg overlapp
Full poengreduksjon mot SAMPOL110
Undervisning og omfang
Form: Førelesingar og seminar
Timer per veke: 2 timer førelesing og 2 timer seminar
Mengd veker: 12
Obligatoriske arbeidskrav
Deltaking på seminar (minimum 75 %), samt fullføring av to seminaroppgåver (om lag 1000 ord kvar) som må være godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Obligatorisk arbeidskrav er gyldig i to undervisingssemester; det semesteret arbeidskravet blir gjennomført, samt det påfølgande undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Eksamen består av ein seks timar skriftleg skuleeksamen.
Karakterskala
Det blir brukt gradert karakterskala frå A til F.
Emneevaluering
Emnet evaluerast jamleg