Mål og innhald
Kurset skal gi oversikt over og innsikt i sentrale tema og debattar i samanliknande politikk. Desse omfattar spørsmål knytt til samfunn, politikk og økonomi i både utviklings- og utvikla land. Studentane skal lese og diskutere viktige og kontroversielle innlegg i desse debattane og skrive eigne analyser kor dei oppfordrast til å utvikle sjølvstendige argument. Det vil bli lagt vekt på både på den historiske utviklinga av dei sentrale debattane i disiplinen og på kva som er forskingsfronten for desse debattane i dag.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne:
- Gjere greie for utviklinga av og dagens status for disiplinen samanliknande politikk
- Plassere eigne argument, forskingsprosjekt og -interesser inn i denne.
- Meistre evna til kritisk lesing, skriftleg framstilling og aktiv deltaking i debatt.
Undervisningssemester
Haust
Krav til studierett
For studentar som er tatt opp på masterprogram i samanliknande politikk eller tilsvarande
Krav til forkunnskapar
Opptak på master i samanliknande politikk eller tilsvarande
Undervisning og omfang
Form: Seminar
Timar per veke: omlag 2
Tal veker: omlag 13
Totalt timar: omlag 26
Obligatoriske arbeidskrav
Deltaking på 75% av seminara
Vurderingsformer
Mappeeksamen:
Munnleg deltaking 10%
3 essay (a 30%)
Eit essay, som før er innlevert og vurdert, kan ikkje leverast inn til eksamen på nytt med mindre studenten på førehand kan dokumentere for instituttet at oppgåva har gitt svar på nye problemstillingar, og/eller at det er trekt inn nytt empirisk materiale (kjelder/data), og/eller at det er gjort ein radikalt endra analyse av tolkinga av empirien (jf. "Utfyllende grads- og studiereglement for Det samfunnsvitenskapelige fakultet").
Emneevaluering
Emnet vert evaluert med jamleg