Mål og innhald
Sosialantropologi er vitskapen om det kulturelle mangfaldet i verda, og emnet gjev ei innføring i faget sine særeigne måtar å analysere sosiokulturell variasjon og samanheng på. Med utgangspunkt i studiar av ulikskap og likskap blant menneske, søkjer emnet å gje studenten ei første erfaring med grunnleggjande sosialantropologiske omgrep, perspektiv, metodar og framstillingsformer. Faget si breie tilnærming til menneskelivet vert vektlagt, så vel geografisk, tematisk som teoretisk - all menneskeleg kunnskap og verksemd verda over er interessant for faget. Vidare gjev emnet innsikt i den sentrale metoden i sosialantropologi, det langvarige feltarbeidet, og i viktige former for formidling, særskilt breie studiar av enkeltsamfunn (monografiar) og antropologisk film. Som ein del av emnet gjer studenten ein obligatorisk oppgave som gjev trening i observasjon og tolking, anten i det offentlege rom (gruppearbeid) eller på antropologisk film (individuelt). Det vert undervist i temaet ulikskap både breitt og djuptgåande, gjennom døme frå særs ulike samfunn verda over og gjennom eit grundig studium av eitt ikkje-europeisk samfunn.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha avsluttet emnet skal studenten kunne:
- Gjøre rede for sosialantropologiske tilnærminger til den menneskelige virkelighet.
- Gi oversikt over noen av fagets grunnleggende begreper, perspektiver, metoder og formidlingsformer.
- Gi eksempler på kulturell variasjon.
- Drøfte sosialantropologiske bidrag til studiet av sentrale former for sosial differensiering og sosial ulikhet i verden.
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust og vår
Institutt
Institutt for sosialantropologi
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
Full fagleg overlapp og poengreduksjon for studentar som tidlegare har tatt SANT101
Undervisning og omfang
Førelesingar, litteraturseminar, etnografisk film og kommentarar til arbeid med skriftlege oppgåver via Internett.
2-3 timer førelesing pr veke
15 veker undervisning
Ca. 40 timer førelesing totalt
Obligatoriske arbeidskrav
Innlevering av oppgåve (må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen, godkjent oppgåve er gyldig i dei 6 påfølgjande semestra).
Vurderingsformer
Skuleeksamen 6 timer
Karakterskala
Emna som inngår i det anbefalte studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Emneevaluering
En tredjedel av alle emne evaluerast kvart undervisningssemester via Mi Side