Mål og innhald
I sosialantropologien er det sentralt å forstå korleis menneske organiserar kvardagslivet, og korleis sosiale praksisar i dagleglivet inngår i større samanhengar. Emnet gjev ei konsentrert framstilling av global variasjon i sosiale relasjonar og former for organisasjon, med vekt på familie, hushald, ekteskap, slektskap, venskap, naboskap og kjønn. Slike mellompersonlege relasjonar inngår på ulike vis på høgare nivå av sosial organisasjon. Emnet skal gjere studenten i stand til å kartleggje og analysere sosiale relasjonar på ulike nivå. Undervisninga tek utgangspunkt i at globalt komparative studiar av variasjon i ulike samfunn si omgrepsfesting og organisering av sosiale relasjonar har spelt ei avgjerande rolle i utviklinga av faget sosialantropologi. Emnet gjev ei fordjuping i korleis sosiale relasjonar grip inn i alle menneske sine liv, og korleis dei er vevd inn i kosmologiske førestellingar, økonomiske transaksjonar og maktutøving. Det vert lagt vekt på å kontrastere klassiske sosialantropologiske studiar med døme frå moderne industrisamfunn.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha avsluttet emnet skal studenten kunne:
- Gjøre rede for sentrale debatter i sosialantropologiske studier av slektskap, kjønnsrelasjoner, familie, husholdning, vennskap og andre sosiale nettverk
- Mestre vokabularet og konvensjonene sosialantropologer benytter i studiet av disse fenomenene
- Eksemplifisere global variasjon i hvordan menneskers livsløp preges av sosiale relasjoner og institusjoner
- Gjøre rede for grunnlagsproblemer knyttet til kulturoversettelse, komparasjon og biologiens rolle i studiet av det sosiale
- Reflektere over hvordan nære relasjoner er samfunnsmessig strukturert og kulturelt meningsfylte
Eksamenssemester
Undervisningssemesteret og påfølgjande semester
Institutt
Institutt for sosialantropologi
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisning og omfang
Førelesingar, litteratturseminar og kommentarar til arbeid med skriftlege oppgåver via internett
3-4 timer forelesing pr. veke
7-8 veker
Ca. 26 timer forelesning
Obligatoriske arbeidskrav
Oppgåveinnlevering undervegs (må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen, oppgåva er gyldig i to semester).
Vurderingsformer
Skuleeksamen 8 timer
Karakterskala
Emnet blir karaktersatt med bokstavkarakterar A-F.
Emneevaluering
En tredjedel av alle emne evaluerast kvart undervisningssemester via Mi Side