Mål og innhald
I løpet av emnet skal studenten skrive ei vitskapeleg oppgåve med utgangspunkt i den faglege innsikta som er utvikla gjennom bachelorstudiet. Oppgåva skal ha grunnfeste i sosialantropologiske tema og perspektiv, men studenten kan òg nytte kunnskap tileigna gjennom studiar i andre fag. Studentar som ynskjer å gå vidare på masterstudiet i sosialantropologi kan nytte bacheloroppgåva til å greie ut eit mogleg tema for mastergradsprosjektet. Gjennom kurs i litteratursøking og akademisk skriving gjev emnet ei innføring i kriteria for sjølvstendig, akademisk tekstproduksjon, og målsetjinga er at studenten skal realisere slike akademiske grunnpremiss gjennom å skrive si eiga bacheloroppgåve. Studenten får rettleiing av emneansvarleg i sitt arbeid med oppgåva.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha avsluttet emnet skal studenten kunne:
- avgrense ein tematikk for fagleg utgreing.
- gjennomføre eit vitskapleg resonnement med utgangspunkt i sosialantropologisk litteratur.
- strukturere argument og evidens innan rammene av ein vitskapleg sjanger.
- anvende dei sentrale akademiske prinsippa som ligg til grunn for vitskapleg tekstproduksjon innan sosialantropologi.
Institutt
Institutt for sosialantropologi
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Krav til forkunnskapar
Krav om minst 60 studiepoeng i sosialantropologi, inklusiv SANT100.
Fagleg overlapp
Full fagleg overlapp og poengreduksjon for studentar som tidlegare har tatt SANT250 eller MKU250
Undervisning og omfang
Førelesing, obligatorisk seminar og kurs i akademisk skriving/litteratursøk, individuell rettleiing
15 veker
15-20 timer
Obligatoriske arbeidskrav
Obligatorisk oppmøte på seminarar og kurs i akademisk skriving/litteratursøk. Innlevering av utkast i forkant av siste veiledning (minimum 3000 ord). Obligatoriske arbeidskrav må være gjennomført for å kunne levere inn bacheloroppgåva. Godkjend arbeidskrav er gyldig 3 semester.
Vurderingsformer
Bacheloroppgåve (6000 ord +/- 10 %) og justerande munnleg eksamen.
Karakterskala
Oppgåva blir karaktersatt med bokstavkarakterar (A-F).
Emneevaluering
En tredjedel av alle emne evaluerast kvart undervisningssemester via Mi Side