Fordjupning i latinamerikansk kulturkunnskap

Fakta om studiet

Etter- og videreutdanningskurs
EmnekodeSLAN642
Studiepoeng15
Undervisingsspråk
Spansk
Ressursar
TilhørerInstitutt for fremmedspråk

Tilgjengelige kurs

Høst 2014
Kursdato: 28.08.2014 - 02.12.2014
Pris: NOK 12000
Søknadsfrist: Frist utløpt.

Målgruppe

Kurset SLAN42 / Fordjupning i latinamerikansk kulturkunnskap er ein del av fjernundervisningstilbodet Nettspansk. Nettspansk har totalt åtte kurs, kvart på 15 studiepoeng.


Nettspansk er eit fleksibelt fjernstudium der undervisninga er basert på elektroniske læringsressursar og kommunikasjon via internett. Du kan ta kursa frå nesten kor som helst i verda så lenge du har god nok internettilgang og tilgang til Adobe. Dersom du har tenkt å studere Nettspansk frå utlandet bør du først forsikre deg om at internettilgangen er så god at du kan følge undervisning med lyd.

Kurset er eigna for personar som har tilsvarande 60 studiepoeng i spansk frå før, og som ønsker ytterlegare fordjupning i språket. SLAN642 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til 100-nivået i Bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium eller fjernundervisningstilbodet Nettspansk. Undervisninga bygger vidare på kurset SLAN612, og det er tilrådd at du har teke det før du begynner på SLAN642.

Mål og innhold

Mål og innhald, læringsutbyte, undervisningsomfang og organisering, obligatoriske arbeidskrav og vurderingsformer (eksamen) er omtalt i nærare detalj under «Emnebeskrivelse».

SLAN642 legg til rette for fordjuping i et emne frå latinamerikansk kulturkunnskap, til dømes ein periode, eit land, eller eit tema. Emnet kan bli henta i eit tekstutval frå perioden frå 1492 og fram til vår eiga tid.

Undervisning

Undervisninga blir gitt som seminar over internett i åtte veker med to undervisningstimar per veke. Der er éi obligatorisk samling på to dagar i Bergen ved kursstart.

Undervisningsplan hausten 2014:

Samling: 28. august-29. august

Nettseminar: måndagar 19.15-21.00, startar i veke 36.

Undervisningsspråket er spansk.

Vurdering / eksamen

Eksamen på SLAN642 har to delar, ei rettleia oppgåve og ein munnleg eksamen.

Eksamensdatoane hausten 2014 er som følger:

Rettleia oppgåve: leveringsfrist 18. november, kl. 12.00.

Munnleg eksamen: 2. desember.

Oppgåva skal leverast elektronisk på nett. Du kan ta den munnlege eksamenen i Bergen ved UiB utan kostnad, men det er også mogeleg å søke om telefoneksamen, dersom du ønsker det. Informasjon om korleis du søker, krav til eksamensstaden og informasjon om kostnadar blir lagt ut på nett etter studiestart.

Krav til datautstyr

Du må ha tilgang til datamaskin med internett og e-post. Du må òg ha hodesett, helst med USB-kontakt som gir best lydkvalitet i nettmøta.

Studiefinansiering

SLAN642 er godkjent for støtte i Lånekassen.