Latinamerikansk historie

Fakta om studiet

EmnekodeSPLA103
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Spansk 
Ressursar
TilhørerInstitutt for fremmedspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no  

Mål og innhald

Studiet skal gi studentane oversyn over viktige utviklingstrekk og hendingar i latinamerikansk historie, slik at dei skal kjenna bakgrunnen for det Latin-Amerika me ser dag.

Studentane vinn innsyn i sentrale tema og problemstillingar innan fagområdet latinamerikansk historie. Vidare skal studentane analysera fagstoff og trekka eigne slutningar. Dei skal kunna vidareutvikla sin kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha greidd emnet skal studenten:

  • ha kunnskap om hovudtrekka i latinamerikansk historie
  • ha forståing for kva historiske faktorar som dannar bakgrunnen for aktuelle problemstillingar i dagens latinamerikanske samfunn og kultur
  • ha forståing for korleis ulike perspektiv pregar framstillingane av latinamerikansk historie og samfunn
  • kunna gjera greie for sentrale trekk og samanhengar i latinamerikansk historie
  • kunna demonstrera kunnskap og evne til fagleg drøfting i mindre skriftlege arbeid på eit klårt og korrekt spansk språk med rett bruk av referansar og litteraturliste
  • kunna leggja fram - munnleg på spansk - kunnskap om sentrale problemstillingar i latinamerikansk historie.

Undervisningssemester

Vår

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Personar utan studierett kan søkja SA om å få gå opp til særskild eksamen. 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Personar utan studierett kan søkja Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og føreset kunnskapar tilsvarande spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skole.  

Tilrådde forkunnskapar

Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skole.

Tilrådde forkunnskapar

Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skole.

Fagleg overlapp

SLAN612

Undervisning og omfang

Det blir undervist i sentrale delar av pensum i hovudsak i form av oversynsførelesingar. Særleg er det lagt vekt på at studentane skal forstå kva innverknad historiske utviklingstrekk og hendingar har hatt på utviklinga i Latin-Amerika. Totalt blir det gitt førelesingar fire timar i veka i 12 veker.


Det blir også normalt gitt gruppeundervisning to timar i veka i 12 veker, der ein diskuterer sentrale problemstillingar.

Undervisning og omfang

Det blir undervist i sentrale delar av pensum i hovudsak i form av oversynsførelesingar. Særleg er det lagt vekt på at studentane skal forstå kva innverknad historiske utviklingstrekk og hendingar har hatt på utviklinga i Latin-Amerika. Totalt blir det gitt førelesingar fire timar i veka i 12 veker.

Det blir også normalt gitt gruppeundervisning to timar i veka i 12 veker, der ein diskuterer sentrale problemstillingar. 

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er todelt:

1) Ein 7-dagars heimeeksamen (om lag 2000 ord) som blir skriven på spansk. Studentane kan velja mellom eit utval tema som blir gitt av lærarane. Karakteren blir sett på grunnlag av både innhald og språk.

2) Semesteret blir avslutta med ein munnleg eksamen der kandidaten held ein presentasjon (8-10 min.) av eit emne frå ein annan del av pensum enn det som gjeld for heimeeksamen. Tema for presentasjonen blir gitt av lærarane. Kandidaten vil òg få spørsmål frå resten av pensum.

Heimeeksamen skal vera greidd før ein kan ta munnleg eksamen i emnet, og både heimeeksamen og munnleg eksamen må vera greidde før det blir gitt studiepoeng for emnet. Kvar av dei to vurderingsdelane tel 50% i utrekninga av den samla karakteren. Det er høve til å ta den munnlege eksamenen inntil to semester etter at heimeeksamen er greidd.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

 Pensum (om lag 500 sider) kan inkludera oversynsverk, artiklar og kjeldetekstar.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.