Omsetjing
Fakta om studiet
| Emnekode | TRANSHF |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingssemester | Vår |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Norsk og det valte framandspråket |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for fremmedspråk |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Studierettleiar ved Institutt for framandspråk.
E-post: studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no
Kontaktinformasjon
Studierettleiar ved Institutt for framandspråk.
E-post: studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no
Mål og innhald
Emnet tek sikte på å auke studentane si forståing av og dugleik i omsetjing, ved at dei lærer seg relevante lingvistiske omgrep og modellar, og gjennom praktiske omsetjingsoppgåver.
TRANSHF kombinerer ei teoretisk og ei praktisk tilnærming til omsetjing. Undervisninga i teoridelen av kurset (fellesforelesingane) tek føre seg lingvistiske omgrep og modellar som gjer det mogleg å skildre dei utfordringane som ligg i skriftleg omsetjing, og ta stilling til dei omsetjingsmoglegheitene som finst. I denne samanhengen tek ein òg føre seg sentrale trekk ved omsetjaren sin situasjon, og dei føringane den legg for arbeidet til omsetjaren. Eit viktig tema knytt til dette er særtrekk ved fagspråkleg omsetjing og terminologiarbeid. I tillegg tek ein opp tema som til dømes maskinomsetjing, omsetjingsverkty og audiovisuell omsetjing.
I den praktiske delen av kurset arbeider studentane med omsetjingsoppgåver knytte til problemstillingar som har vore diskuterte i teoriundervisninga. Oppgåvene femner om omsetjing frå det aktuelle framandspråket til norsk, og frå norsk til framandspråket.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført studium har studentane auka innsikt i dei utfordringane som ligg i omsetjing av skriftleg tekst. Dei har òg tileigna seg eit lingvistisk omgrepsapparat for å skildre desse utfordringane, og å finne fram til gode løysingar, gjeve ulike kommunikasjonsformål. Studentane har òg øvd seg på å omsetje ulike typar tekstar til og frå norsk og det valde framandspråket.
Undervisningssemester
Vår. Orienteringsmøtet i veke 2 er spesielt viktig å få med seg for å få informasjon om emnet sine særeigne prosedyrar kring semesterregistrering.
Undervisningssemester
Vår. Orienteringsmøtet i veke 2 er spesielt viktig å få med seg for å få informasjon om emnet sine særeigne prosedyrar kring semesterregistrering. Undervisninga startar i veke 4.
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
NB. Det er avgrensa opptak til TRANSHF. Du søkjer via Studentweb ved å undervisningsmelde deg. I søknaden må du velje språk for seminargruppe. Kva for språk som blir tilbodne kan variere frå år til år. Frist for undervisningsmelding er onsdag i veke 3. Om det er fleire søkjarar enn plassar, vil følgjande søkjargrupper bli prioriterte:
1. Studentar på Bachelorprogrammet i språk og interkulturell kommunikasjon (SPIK). SPIK-studentane har eigne opptakskrav.
2. Andre studentar som har fullført 60 studiepoeng på 100-nivå i det valde framandspråket. Studentar som har norsk som andrespråk og som ikkje har eksamen frå norsk vidaregåande skole, må ha fullført 60 studiepoeng i norsk/nordisk.
Om emnet blir fullteikna, vil opptak av gruppe 2 skje på grunnlag av karaktersnittet i framandspråket.
Emnet har eige opptak med andre fristar enn ved vanleg semesterregistrering. For meir informasjon, kontakt studierettleiar@if.uib.no
Krav til forkunnskapar
Fullført 60 studiepoeng på 100-nivå i det valde framandspråket. Einskilte språk kan krevje fleire enn 60 studiepoeng i det aktuelle språket. Studentar som har norsk som andrespråk og som ikkje har eksamen frå norsk vidaregåande skole, må ha fullført 60 studiepoeng i norsk/nordisk.
Krav til forkunnskapar
Fullført 60 studiepoeng på 100-nivå i det valde framandspråket. Einskilte språk kan krevje fleire enn 60 studiepoeng i det aktuelle språket. Studentar som har norsk som andrespråk og som ikkje har eksamen frå norsk vidaregåande skole, må ha fullført 60 studiepoeng i norsk/nordisk.
Undervisning og omfang
Undervisninga består av førelesingar 2 timer i veka i 12 veker og seminar 2 timer i veka i 12 veker, totalt 48 undervisningstimar. Seminara føreset aktiv studentdeltaking.
Obligatoriske arbeidskrav
Studentane må levere fire omsetjingsoppgåver. To må vere frå framandspråket til norsk og to frå norsk til framandspråket. Omsetjing kan ikkje vere mellom svensk/dansk og framandspråket. Studentane skal òg levere utkast til refleksjonstekstar. Alle innleveringane skal skje etter fristar fastsette av den emneansvarlege.
Studentane har rett og plikt til minst ein individuell rettleiingstime i samband med skriving av refleksjonstekstane. Studentar som ikkje møter til rettleiing taper retten til å levere mappe.
Vurderingsformer
Karakteren for emnet blir sett etter vurdering av ei mappe som inneheld to av dei omsetjingane studentane har arbeidd med i løpet av semesteret. Den endelege mappa inneheld omsetjingar i utkast og omarbeidd form. Ei av desse skal vere frå framandspråket til norsk og ei frå norsk til framandspråket. I tilknyting til kvar av desse to omsetjingane leverer studentane dessutan ein refleksjonstekst. Refleksjonstekstane skal skrivast på det same språket som omsetjinga, altså ein på norsk og ein på framandspråket. Alle fire tekstane blir vekta likt.
Det blir arrangert eksamen berre i undervisningssemesteret.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Hovudboka i teoridelen av kurset går gjennom dei viktigaste lingvistiske omgrepa og knyter desse til omsetjingsval. I tillegg brukar ein utvalde artiklar som dekkjer dei andre tema.
I den praktiske delen av kurset bruker ein tekstar og anna undervisningsmateriell utarbeidd av faglærarane.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.