Tyskspråkleg kultur

Fakta om studiet

EmnekodeTYS112
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Tysk
Ressursar
TilhørerInstitutt for fremmedspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Mål og innhald

Emnet tematiserer ulike aspekt ved tyskspråkleg kultur frå opplysningstida fram til i dag med utgangspunkt i ulike tekstar og kulturelle uttrykksformer, blant dei skjønnlitterære tekstar, ulike typar sakprosa, film, musikk og biletkunst.
Det tek òg føre seg viktige element i utviklinga av tysk standardspråk.
TYS112 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i tysk.

Læringsutbyte/resultat

Studenten skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om utvalde tema innan tyskspråkleg kultur i perioden frå opplysningstida fram til i dag, utvikle eit reflektert forhold til stoffet gjennom analysar av ulike kulturelle uttrykk i historisk og samfunnsmessig samanheng og kunne gi skriftlege og munnlege framstillingar av stoffet på tysk.

Undervisningssemester

Vår

Studienivå

Bachelor 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Fagleg overlapp

TYS112-F (100 %)

Fagleg overlapp

TYS112H (100 %)

Undervisning og omfang

- Undervisningstilbodet omfattar forelesningar/seminar og gruppeundervisning som føreset aktiv deltaking frå studentane. NB! Undervisninga i delar av TYS112 er lagt til Universitetet i Kiel.
- 3 dobbeltimar i Bergen + undervisning i Kiel
-10 veker i Bergen + 6 veker i Kiel

Obligatoriske arbeidskrav

Det er obligatorisk med rettleiing av den skriftlege oppgåva (sjå vurderingsformer).

Vurderingsformer

Vurdering skjer på grunnlag av ei rettleia skriftlig oppgåve og ein munnleg eksamen (ca. 30 min.).

Den rettleia skriftlige oppgåva skal vere på ca. 1500 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste.

Den munnlege eksamenen er sett saman av ein presentasjon (15 min.) og ein samtale rundt eit pensumrelatert emne (15 min.).

Begge eksamensdelane må vere greidde i same semesteret.

Det blir gitt éin samla karakter. Ved fastsetjinga av denne karakteren tel den rettleia skriftlege oppgåva 60%, den munnlege eksamenen 40%.

Det blir arrangert eksamen kvart semester.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum omfattar ulike tekstar og kulturelle uttrykksformer, blant dei skjønnlitterære tekstar, ulike typar sakprosa, film, musikk og biletkunst.

Undervisningsstad

Bergen og Kiel

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.