Språk er ein av dei viktigaste inngangsportane for å forstå andre kulturar. Den utstrekte kommunikasjonen vi har mellom land i verda i dag krev medvit om det særeigne ved kultur, kjenneskap til språk og kunnskap om kva ein bør merka seg når ein kommuniserer på tvers av kulturar.
Fagleg koordinator: Bente Hannsidal
Studierettleiar: Marie L. Ljones
Eksamenskonsulent for SPIK: Eksamenskonsulent
NB! UiB har vedtatt å legge ned Bachelorprogrammet Språk og interkulturell kommunikasjon og det vil ikke bli opptak til programmet via Samordna Opptak høsten 2014. De studentene som allerede går på programmet vil ikke påvirkes av nedleggelsen og vil få anledning til å fullføre programmet.
Institutt for framandspråk tilbyr saman med Norges Handelshøyskole (NHH) ein treårig fellesgrad i Språk og interkulturell kommunikasjon (SPIK). Studiet gir innsikt i kommunikasjon i ulike situasjonar og mellom ulike grupper, og studentane vel anten engelsk, fransk, italiensk, spansk eller tysk som framandspråk i graden.
Etter fullført bachelorgrad skal studentane kunne kommunisere på eit framandspråk, ha djupare innsikt i utfordringar som ligg i språk- og kulturmøte, og kunne fungere som språk- og kulturformidlarar i ymse situasjonar. Dersom studentane brukar dei valfrie studiepoenga sine på emne i framandspråket, er dei kvalifiserte til opptak på masterprogrammet i det valde framandspråket.
Les mer om Bachelorprogram i språk og interkulturell kommunikasjon
Visste du at ...
Ifølge ei undersøking har 55 % av norske leiarar i eksportbedrifter fornærma kundar og 40 % tapt kontraktar som følge av dårlege ferdigheiter i framandspråk.
H