Medisin, odontologi og helsefag
Gjennom heile livsløpet spelar helsa og livsstilen vår inn på kvaliteten på det viktigaste vi har, nemleg sjølve livet. Orda «livsstilsjukdommar» og «den nye folkesjukdommen» dukkar stadig oftare opp i nyheitsbiletet og offentlegheita. Livsstil, helse og vanar endrar seg i takt med resten av samfunnet og dei helsefaglege miljøa fokuserer på å vere i forkant av denne utviklinga.
Ved å studere eller forske innanfor UiB sine fagområde innanfor medisin, odontologi og helsefag vil du kunne bidra til å gjere menneska sine liv betre. Du kan førebyggje sjukdom, kurere lidingar, lindre smerte. Du kan opplyse menneska og gjere helsa og kvardagen deira betre. Medisin, odontologi og helsefag gjeld oss alle, anten vi vil eller ei: det handlar om å hjelpe andre.
Studietilbodet ved UiB finn du i menyen til høgre. Det finns og emnelister for medisinske fag og odontologiske fag, og for helsefag.
Kontaktinformasjon
Medisin/human ernæring: studierettleiar.medfa@uib.no / Tlf 55 58 63 20
Odontologi/tannpleie: studierettleiar.odfa@uib.no / Tlf 55 58 65 88
Folkehelse og helsefremjande arbeid: studierettleiar.psyfa@uib.no / Tlf 55 58 27 10
Farmasi: studierettleiar.farmasi@uib.no / Tlf 55 58 29 99
-
Barnevern
Masterstudium i barnevern. Byggjer på bachelorgrad innan sosionom/ barnevernpedagog eller liknande. Skal bidra til ei kompetanseheving som kan styrke ivaretakinga av barnet sitt beste i alle fasar av barnevernet sitt arbeid.
-
Farmasi
Lurer du på korleis ein lagar tablettar og injeksjonsvæsker? Eller korleis ulike medisinar verkar inn på kroppen? Vil du lære korleis ein kan bruke legemiddel på ein optimal måte for å førebyggje, lindre eller lege sjukdommar og skader?
-
Helsefag
Helse og livskvalitet handler om mer enn å kurere konkrete diagnoser: I stadig større grad handler det om å forebygge og informere, og å være i forkant av sykdom og lidelser. Helsefag tar for seg områder og metoder som forbedrer livskvalitet, slik at mennesker får en best mulig hverdag- og dermed kan delta som medlemmer av samfunnet på en meningsfylt måte.
-
Medisin
Gjennom studiet lærer du framtidsretta og praktiske metodar for diagnostikk, behandling og førebygging av sjukdom innanfor det medisinske fagområdet. Du lærer om menneskekroppen og om oppbygginga og funksjonane til dei forskjellige organa i kroppen, og får klinisk praksis.
-
Tannhelsefag
Profesjonsutdanninga i odontologi (femårig master) gir autorisasjon som tannlege, profesjonsutdanninga i tannpleie (treårig bachelor) gir autorisasjon som tannpleiar.