Informasjon til studentar ved Historisk institutt, UiB, om studium i utlandet 1996 og 1997.


  • Nordplus
  • Erasmus
  • University of Oregon
  • Noregs forskingsråd
  • Fakultets-støtte til hovudfagsstudentar
  • Godkjenning
  • Opptak til hovudfag
  • Meirinformasjon?
  • Kalender 1996

  • Les dette først


    Denne brosjyren er laga for deg som ønskjer eit kortare eller lengre studieopphald i utlandet som ein del av historiestudiet ditt. Du vil her få ein kort presentasjon av ulike utvekslingsprogram, fakultetstilskot til hovudfagsstudentar og godkjenning av utanlandsstudium. Brosjyren informerer også om kva konsekvensar eit mellomfag i utlandet får for opptaket til historie hovudfag.

    Det er lite aktuelt å ta historie grunnfag utanfor Noregs grenser. Derimot ligg forholda ofte godt til rette for å ta mellomfaget i utlandet, og mange studentar vil ha nytte av å integrera eit utanlandsopphald i hovudfagsstudiet sitt.

    Nordplus

    Nordplus er eit nordisk utvekslingsprogram, og eit godt alternativ for deg som ønskjer eit studieopphald i eit anna nordisk land. Nordplus-stipendet er på 8000 danske kroner semesteret, og dertil kjem reisestøtte. Denne økonomiske støtta kjem i tillegg til vanleg studiefinansiering frå Lånekassa.

    Du kan søkja Nordplus-stipend til opphald som varer frå tre månader til eitt år. I særlege tilfelle kan det òg bli gitt støtte til kortare eller lengre opphald.

    Historisk institutt er knytt saman med universiteta i Århus og Reykjavik gjennom eit eige Nordplus-nettverk. Studentar som ønskjer å studera historie i Århus eller historie (event. islandsk) i Reykjavik, må søkja seinast 1. november for opphald i vårsemesteret 1997. Ein kan til denne søknadsfristen òg levera søknad som gjeld haustsemesteret 1997. Søknadsskjema og informasjon får du på Historisk institutt, kontor 221. Det utfylte søknadsskjemaet skal leverast inn same stad.

    Studentar som ønskjer å studera historie ved andre nordiske universitet enn Århus og Reykjavik, kan ta kontakt med Arve Kjell Uthaug ved Historisk institutt eller Karin B. Nygaard ved HF-fakultetet (Harald Hårfagresgate 1). Søknadsfristen for vårsemesteret 1997 er ca. 20. september.

    Erasmus

    Erasmus-programmet er eit godt alternativ for studentar som ønskjer eit studieopphald i eit EU-land. Sjølve Erasmus-stipendet er på omlag 1200 kroner månaden. Det vert ikkje gitt ekstra reisestønad, men du kan søkja om støtte til språkkurs (gjeld ikkje engelsk). I tillegg til stipendet har du rett på vanleg studiefinansiering frå Lånekassa. Statusen som Erasmus-student gjev deg også fritak frå skulepengar i det landet du reiser til, men du skal framleis betala semesteravgift ved Universitetet i Bergen.

    Du kan få Erasmus-stipend til opphald som varer frå tre månader til eitt år. Det er eit krav at du har fullført minst eitt års fagstudium, og du må ha status som student ved Universitetet i Bergen.

    Historisk institutt reknar med å få tildelt stipend til følgjande stader studieåret 1996-97: Greifswald (Tyskland), Leipzig, Århus, Santander (Spania), Rouen, Coventry, Paris, London, Amsterdam, Gent, Madrid, Grenoble, Roma, Mannheim, Eurofiesole. Søknader til desse stipenda må leverast Historisk institutt v. Uthaug seinast 29. mars 1996. Instituttet har også ei lang rekkje andre partner-universitet innanfor ulike Erasmus-nettverk. I mange tilfelle vil det det la seg gjera å få ordna med studieplass og Erasmus-stipend også til desse universiteta, sjølv om slike arrangement er vanskelege å få til når det gjeld Storbritannia og Irland. I mange tilfelle vil det også vera mogleg å få ordna med stipend sjølv om søknadsfristen er gått ut. Dersom du vil reisa til andre byar enn dei vi reknar med å få stipend til, eller dersom fristen er gått ut: Ta kontakt med Uthaug, kontor 221, for nærare informasjon.

    I tillegg til desse fagnettverka innanfor historie, kan du reisa som Erasmus-student på eit rammenettverk. Dette er store nettverk som ikkje er avgrensa til eitt fagområde. Innanfor desse nettverka kan du altså studera alle slags fag, inkludert historie. Santander- og Utrechtnettverka er slike rammenettverk. Det er Kontoret for utanlandske studentar som administrerer desse. Vårsemesteret 96 vert det ikkje operert med nokon fast søknadsfrist, men interesserte bør så snart som råd ta kontakt med Historisk institutt (v. Uthaug) eller Kontoret for utanlandske studentar.

    University of Oregon

    Universitetet i Bergen og søsterinstitusjonen i Oregon, USA, har ein avtale om gjensidig utveksling av studentar. Begge universiteta stiller gratis studieplass til disposisjon for dei studentane som blir tekne opp på utvekslingsprogrammet. Studentutvekslinga gjeld for maksimum eitt år, og talet på innkomne studentar frå Oregon avgjer kor mange som kan reisa frå Bergen.

    Det vert stilt følgjande krav til søkjarane:
    - Du må ha vore registrert som student ved Universitetet i Bergen minst eitt år.
    - Du må ha fullført og greidd eksamen tilsvarande to års studium før 1. juli 1997.

    Søknadsfristen gjeld for det akademiske året 1997-98, og fristen er sett til 29. september 1996. Søknadsskjema og informasjon får du på Kontoret for utanlandske studentar, Langes gate 3.

    Noregs forskingsråd

    Noregs forskingsråd, Området for kultur og samfunn, har sett av midlar til stipend for hovudfagsstudentar som skriv oppgåve med bakgrunn i internasjonale emne og problemstillingar. Programmet femner om både humanistiske og samfunnsvitskaplege kulturstudium. Det er her tenkt på regionale studium av ikkje-europeiske og aust-europeiske kulturforhold, og på studium av internasjonale kulturrelasjonar. Vesteuropeiske studium fell utanfor programmet.

    Programmet vil prioritera latinamerikanske, afrikanske, austeuropeiske, japanske og søraustasiatiske studium. Det vert lagt stor vekt på at stipendiatane skal studera framande kulturar og samfunn på grunnlag av dokumentert kjennskap til området eller kulturen sitt språk. Det er vidare ein føresetnad at studenten skal opphalda seg ved ein lærestad i utlandet i delar av stipendperioden.

    Stipenda vert tildelt for inntil to år og omfattar:
    - eit årleg stipend på 70.000 kroner.
    - tilskot til dekking av reise-, studie- og opphaldsutgifter, og eventuelle reiseutgifter for ektefelle/sambuar og born dersom utanlandsopphaldet varer i meir enn tre månader.

    Stipendet er skattefritt.

    Ved tildeling av stipend vert det lagt stor vekt på prosjektplan og karakterar. Normalt blir det kravd cand.mag.-grad eller tilsvarande. Søknaden må innehalda ein prosjektplan på omlag fem sider. Søkjaren må i tillegg gjera greie for det faglege behovet for eit utanlandsopphald, og kortfatta cv og kopi av vitnemål må leggjast ved.

    Ei fråsegn der rettleiaren vurderer søkjaren, prosjektet og utbyttet av utanlandsopphaldet skal leggjast ved søknaden i lukka konvolutt eller sendast direkte frå rettleiaren til Forskingsrådet.

    Spørsmål om studentstipendet kan rettast til Gisle Aschim (22-037050) eller Brit Carlsen (22-037399) i Forskingsrådet. Søknadsskjema får du frå Forskingsrådet.

    Søknadsfristen er 1. april 1996 for start i haustsemesteret 1996. Merk søknaden og fråsegna frå rettleiaren med "Internasjonale studium", og send det til: Noregs forskingsråd, Kultur og samfunn, postboks 2700 St.Hanshaugen, 0131 Oslo.

    Fakultets-støtte til hovudfagsstudentar

    HF-fakultetet gjev støtte til datainnsamling og feltarbeid i samband med hovudoppgåva, og studentar kan dermed søkja tilskot til utanlandsreiser som er nødvendige ut frå kjelde- og litteraturtilgang.

    Det kan løyvast inntil 3.000 kroner til ei reise for å driva datainnsamling eller feltarbeid i utlandet, og i visse tilfelle 6.000 kroner. Søknadsskjema kan du få anten på instituttet eller ved fakultetssekretariatet. Søknaden skal så leverast/sendast fakultetet (saman med prosjektskisse, budsjett og tilråding frå rettleiaren) seinast 14 dagar før reisa. Pengane blir utbetalt etter at du er heimkomen og har dokumentert utgiftene.

    HF-fakultetet kan etter særskilt søknad løyva inntil 12.000 kroner som tilskot til langvarige opphald i land utanfor Europa. For denne støtta gjeld faste søknadsfristar: 1. april for haustsemesteret og 1. oktober for vårsemesteret.

    Det er viktig å merka seg at ein normalt ikkje vil få fakultetsstøtte dersom utanlandsopphaldet er sponsa av ulike slag studentstipend (t.d. Erasmus).

    Godkjenning

    Dei fleste som studerer i utlandet, ønskjer utteljing for studiet i form av vekttal som tilsvarar den arbeidsmengda dei har lagt ned. Dette spørsmålet er rett nok lite relevant for hovudfagsstudentar, men derimot svært viktig for deg som ønskjer å ta mellomfaget utanlands.

    Den endelege godkjenninga blir alltid gitt av fakultetet, og ho blir først gitt når studenten kjem heim etter å ha gjennomført utdanninga. Du må likevel søkja om førehandsgodkjenning av studieopplegget helst før du reiser frå Noreg. Får du ei slik førehandsgodkjenning, er du i praksis sikra ei endeleg godkjenning når du kjem heim att - så sant du kan leggja fram dokumentasjon på at studiet er fullført og/eller eksamen greidd.

    Det finst to ulike slags godkjenningar:

    1) Uspesifisert godkjenning blir gitt til studium med eit fagleg innhald ulikt dei faga som finst ved Universitetet i Bergen. Kontakt Karin B. Nygaard ved HF-fakultetet for nærare informasjon og førehandsgodkjenning.

    2) Eit studium som innhaldsmessig kan jamstillast med eit fagstudium ved Universitetet i Bergen, kan få spesifisert godkjenning. Det er Historisk institutt som innstiller til ei slik spesifisert godkjenning av eit historie “mellomfag" i utlandet. Vi kan ikkje vurdera førehandsgodkjenning for alle som er interesserte i å søkja stipend. Når studenten derimot har fått tildelt eit stipend, er Historisk institutt villig til å setja i gang denne prosessen. Denne vurderinga vil ta ein del veker, og du kan ikkje venta å få svaret straks. Kontakt Uthaug ved Historisk institutt for nærare informasjon om spesifisert førehandsgodkjenning.

    Hugs at du treng ei spesifisert godkjenning som historie mellomfag dersom du ønskjer å bruka utanlandsstudiet som fundament for vidare hovudfagsstudium. Historie grunnfag pluss eit uspesifisert mellomfag gjev ikkje grunnlag for å søkja opptak på hovudfaget i historie.

    Opptak til hovudfag

    Det er temmeleg vanleg å reisa til utlandet for å ta eit studium som tilsvarar det norske mellomfaget. Fleire av desse studentane ønskjer naturleg nok å halda fram og ta historie hovudfag når dei kjem attende til Universitetet i Bergen. Som kjent er opptaket her kvoteregulert, og karakterane er avgjerande. Ein student som har heile historiestudiet sitt frå Noreg, vil ved opptak til hovudfag bli vurdert ut frå den samla mellomfagskarakteren, som inkluderer både grunnfaget og mellomfagstillegget. Når det gjeld studentar som har eit "utanlandsk mellomfag", har HF-fakultetet lagt seg på den praksisen å berre vurdera grunnfagskarakteren ved søknad om opptak til hovudfag.

    Meir informasjon?

    Ønskjer du fleire opplysningar om studium i utlandet, kan du ta kontakt med:

    Kalender 1996

    Nedanfor finn du ei liste med viktige søknadsfristar og opplysningar om kven søknaden skal leverast eller sendast til.