Hushald 1801
Hushald 1801 og Prestegjeld 1801 er to ulike aggregat av folketeljinga
1801, den koda versjonen av teljinga.
Hushald 1801 er eit internettbasert analyseverktøy for analyse av
hushald i folketeljinga i 1801
I hushaldsaggregatet er individdata summert og klassifisert opp til hushaldsnivå,
medan i prestegjeldsaggregatet er data på individnivå og hushaldsnivå
summert til prestegjeldnivå. Ved slik summering av data (aggregering)
mister ein noko data, men poenget er at ein skal vinne ny informasjon.
Dette tapet av data kan ein illustrere ved at ein har kring 880 000 tusen
personar eller individ i 1801-teljinga, men "berre" 165 000 hushald (familier)
og kring 320 prestegjeld. Vinning av informasjon kan ein illustrere ved
at ein kan klassfisere hushald etter kva slag medlemmer hushaldet har (familie,
slekt, tenestefolk). Denne klassifikasjonen er såleis ein ny informasjon
som ein får ved å summere data for kvart einskild individ.
Informasjoen ein får ved ein slik summering er om eit nytt objekt
(hushaldet) og ein har andre typar informsjon enn på individnivå,
t.d. Individet har kjønn, men den eigenskapen kan ikkje eit hushald
ha.
Send ein kommentar til "forfattaren" Arne
Solli
Prestegjeld 1801 - ferdige rapportar frå hushaldsbasen på prestegjeldsnivå
På det øvste nivået har ein prestegjeldet, der
er data frå dei to underliggjande nivå summert opp. Her vil
ein finne variablar som folketal, talet på husmenn, talet på
bønder og ein spesiell form for giftarmålsalder SMAM (Singulate
Mean Age of Marriage).
Datauttrekk
-
Uttrekk av data
frå hushaldsdatabasen for lokal bearbeiding (Ikkje implementert)
Dokumentasjon
Sist oppdatert 20/4-96 av arne.solli@hi.uib.no