![]() |
UiB
: Informasjonsavdelingen
Dyra på sprit sikra i "Arken"Bergen Museum si samling av fiskar og dyr på sprit har omsider fått nye og eigna lokale. - Namnet måtte berre bli "Arken" når me overtok lokala frå Arcus på Midttun, seier førsteamanuensis Ingvar Byrkjedal ved Zoologisk avdeling.
Fredag 30. juni vart dei nye lokala på Midttun feira med spesiallaga Arken-blautkake og mozell i høge glas. Men først var det omvising i det fleire etasjar store bygget. - Samlinga er som eit bibliotek. Me må registrera og systematisera alt materialet for å kunna finna det att når me ønskjer. Når me no pakkar opp alt etter flyttinga, blir det samstundes ei vareteljing av det verdfulle materialet, opplyste Byrkjedal. MANGE MILLIONAR DYR
Den museale spritsamlinga som no overtek plassen for Arcus-spriten, tel fleire millionar dyr. Somme artar er velkjende, andre er så sjeldne at dei ikkje er oppbevarte nokon annan stad. Samlinga er rikhaldig og innheld mykje meir enn det som vert brukt i forskinga i dag. Det er også noko av poenget, understrekar leiar av Zoologisk avdeling, Bjarne Meidell. Han opplyste at registreringa på data som no er sett i gong vil krevja mange årsverk fordi materialet er så stort. Berre å få materialet inn i dei nye hyllesystema vil ta meir enn eit årsverk.
- Me skal dokumentera og bevara materialet for ettertida. Det har vist seg fleire gonger at eldre dyr og fisk som er bevart i våre samlingar kan koma til nytte, seier Meidell. Når forskarar treng delar av freda artar til forskinga si, er det betre at dei kan henta dei frå ei slik samling enn at dei må ut og ta livet av kan henda fleire eksemplar av den freda arten. LANG VEG FRAM - Det er mange som har bidratt til å hjelpa oss med nye lokale, men den som skal ha største æra er Gunnar Langhelle. Han har stått på heile tida, roste Bjarne Meidell og Ingvar Byrkjedal og overrekte ein stor bukett blomar til Langhelle. Han fekk i tillegg ein solid applaus frå dei andre frammøtte, mellom andre styreleiar for Bergen Museum, Anders Johansen og eigedomssjef Martha Knapskog Skauge. - Lokala me no har fått, vil fungera godt som magasin.
No må me berre få temperaturen endå litt ned og få det mørkare med gardiner
i det rommet der det trengst, seier Bjarne Meidell. Det einaste som er
problematisk med dei nye lokala, er at dei ligg såpass langt frå resten
av museet på Nygårdshøyden. Men avdelinga disponerer ein bil som nok kjem
til å gå i skytteltrafikk til og frå Midttun. Når forskarar treng materiale
frå samlinga, vert det i dei fleste tilfella henta frå Midttun til kontora
på Nygårdshøyden. Men den nye Arken rommar også eit par kontor som kan
brukast når det er naudsynt. |
![]() Publisert 05.07.2000 av Informasjonsavdelingen. Kommentarer til denne siden. |