UiB : Det psykologiske fakultet : IPP : Studentinformasjon

 

 

Generelt om praktisk-pedagogisk utdanning

 

 
  Innleiing
Fag og opptak
Organisering av studiet
Studiepoeng og vurdering
PPU og kvalitetsreforma

Praktisk-pedagogisk utdanning er eit eittårig studium for studentar som har utdanning frå universitet og/eller høgskule, og som tek sikte på å undervise i grunnskulen (særleg ungdomsskulen, men også mellomtrinnet), vidaregåande skule eller innan vaksenopplæringa. Saman med fagutdanning kvalifiserer praktisk-pedagogisk utdanning for stilling som lektor, adjunkt eller faglærar.

Praktisk-pedagogisk utdanning er eit yrkesretta, praksisbasert studium. I studiet inngår pedagogikk, fagdidaktikk i to fag og praksisopplæring. Siktemålet med studiet er å utdanne lærarar som kan leggje til rette, planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning gjennom refleksjon over elevane si læring. Instituttet vil leggje til rette for at studentane, i tillegg til teoretisk forståing og kunnskap om læring, kan tileigne seg praktiske, pedagogiske røynsler og evner, og skape eit utgangspunkt for vidare utvikling i yrket.

Sidan studiet er yrkesretta og praksisbasert, stiller det store krav til studentane om deltaking og ansvar. Det nære sambandet til skuleverket gjer at studiet skil seg frå andre universitetsstudium på fleire punkt.

PPU kan takast både som eittårig fulltidsstudium og som toårig deltidsstudium.

Fag og opptak

Universitetet i Bergen kan tilby fagdidaktikk og praksisopplæring i sentrale skulefag som språkfag, samfunns- og idéfag og realfag. Opptakskravet er to undervisningsfag på minst grunnfagsnivå (60 studiepoeng/20 vekttal kvar), som begge fell innanfor UiB sitt fagtilbod. Sjå opptaksreglementet for nærare opplysningar om opptak.

Organisering av fulltidsstudiet

Studiet går over to påfølgjande semester, med opptak og studiestart for nye studentar kvart semester. Semesteret byrjar med 5 veker teoriundervisning. Deretter følgjer ein praksisperiode på 7 veker, med ei teoriveke om lag midtvegs, når det er haust- eller vinterferie i skulen. Etter praksis følgjer ein ny teoriperiode på 1-2 veker, før semesteret sluttar med eksamen (mapper på første semester, mappe, munnleg og prosjektoppgåve på andre semester). I praksisopplæringa krev ein 100 % oppmøte. Eit skjematisk oversyn over fulltidsstudiet finn du her.

Studiepoeng og vurdering av fulltidsstudiet

Praktisk-pedagogisk utdanning er eit eittårig fulltidsstudium som gjev 60 studiepoeng. Pedagogikk og fagdidaktikk utgjer 30 studiepoeng kvar, medan praksis ikkje har studiepoeng knytta til seg. For å kunne gå opp til eksamen begge semester må ein ha fått godkjent oppmøte og ha greidd praksis. Det første semesteret må vere fullført og greidd før ein kan halde fram på andre semester. Begge semester kan andre obligatoriske oppgåver og aktivitetar kome i tillegg.

For pedagogikk og fagdidaktikk nyttar ein bokstavkarakterane til universitetet, medan ein for praksis nyttar karakterane greidd/ikkje greidd (bestått/ikke bestått).


PPU og kvalitetsreforma

Frå hausten 2004 vart det sett i gang lærarutdanning der fagstudium og PPU er integrert. I første omgang kan universitetet tilby integrert lærarutdanning i realfag og i språkfag. I tillegg vil ein halde fast ved dagens ordning, der ein tar PPU som eit påbyggjingsår etter fagstudium, det vil seie ved fullført bachelorgrad (som er 3-årig) eller mastergrad (som er 5-årig), eller minimum to års fagstudium. Sjå opptaksreglementet for fleire opplysningar.

   
  Skillelinje
 
UiB Logo, peker til offisiell side