UgleMedFak logo

Interessegruppe for forsking omkring urininkontinens 1994

Dette er den sjette årsmeldinga frå Interessegruppe for forsking omkring urininkontinens. Gruppa som har sin basis ved Seksjon for allmennmedisin, Universitetet i Bergen, vart danna tidleg i 1988, og har i desse åra hatt ein aukande aktivitet.

Ei årsmelding er nyttig for oss som er med i arbeidet med tanke på å dokumentere det arbeidet vi har gjort i året som gjekk. For våre samarbeidspartnarar innan privat og offentleg verksemd vonar vi årsmeldinga vil gje nyttige opplysningar om den aktiviteten som finst i gruppa. Vi ser resultat av arbeidet vårt både i gruppa og utanfor, vitskaplege prosjekt vert planlagt, nokre på høgt ambisjonsnivå. Gruppa si tverrfaglege tilnærming gjer at kreativiteten får gode kår. Stadig fleire veit om oss, og kontaktar oss i høve foredrag, undervisningsopplegg, prosjektplanlegging og rettleiing. Dette er vi stolte av, og tek det som uttrykk for at vi har kompetanse og eigenskapar som andre set pris på.

Ekstra eksemplar av årsmeldinga kan ein få ved Seksjon for allmennmedisin, Ulriksdal 8c, 5009 Bergen.

Bergen 31. desember 1994
Steinar Hunskår

Innhald

Urininkontinens
Forsking omkring urininkontinens
Uløyste oppgåver
Primærhelsetenesta
Interessegruppe for forsking omkring urininkontinens
Medlemmar i gruppa
Økonomi
Litteraturarkiv
Seminarserie og kursverksemd
Aktuelle prosjekt
Planar

Instituttets hovedside

Urininkontinens

Urininkontinens (UI) er eit vanleg helseproblem i befolkninga. Undersøkingar viser at så mange som 10% av den vaksne befolkninga kan vere plaga av UI, 3/4 er kvinner. Omfanget av plagene er aldersavhengig. Det kan såleis definerast tre høgrisikogrupper; born (enuresis), middelaldrande/eldre kvinner og eldre menn. Blant kvinnene er omfanget størst i aldersgruppa 45-55 år, og ein finn deretter ny auke etter 70-års alderen. Hos menn er omfanget lite fram mot 60-års alderen, men deretter aukar omfanget sterkt.

UI er i stor grad eit skjult helseproblem. Fleire studiar har vist at berre 10-25% av personane med slike plager søker lege eller anna helsehjelp. UI er for mange eit sosialt og hygienisk problem som kan medføre betydelege innskrenkingar i livskvaliteten og den normale livsførselen. Tilstanden medfører arbeidskrevande rutinar og dyre medisinske forbruksvarer både i institusjonshelsetenesta og i den heimebaserte omsorga i kommunane. Fordi mange føler at tilstanden er sosialt uakseptabel, vert det viktig for mange åhalde problemet skjult. Dette gjer også at det er vanskeleg å vite eksakt kor mange som er plaga og kor mange som treng hjelp frå helsetenesta eller trygdeverket.

I tillegg til at det er usikre anslag over kor mange som har tilstanden, og kor stor del av dei som søker hjelp, er det grunn til å tru at dei som ber om hjelp, får ei svært varierande omsorg. På den eine sida har vi moderne og målretta terapi som i mange tilfelle kan helbrede pasienten, men vi veit også at mange får feil terapi eller minimumsløysingar, samt at nokre blir avvist når dei kjem fram med problemet sitt.

Innhaldslista

Forsking omkring urininkontinens

Det er eit paradoks at det omkring dette talmessig store helseproblemet finst relativt liten dokumentasjon både frå ein medisinsk og trygdemessig synsvinkel. Forskinga omkring UI er stor og internasjonal, men har sine hovudinteresser på tre område:

a) Epidemiologi
Det finst ei rekkje epidemiologiske studiar som viser problemet sitt omfang i ulike befolkingsgrupper, fordelt på kjønn og alder, og i undergrupper basert på typar og alvorsgrad.

b) Klinisk forsking
Ein hovuddel av den kliniske forskinga gjeld utprøving av medikament og operativ behandling. Eit anna viktig forskingfelt er diagnostikk der funksjonsundersøkingar har vore sentrale.

c) Grunnforsking
Ein meir basal forskingstradisjon tek for seg sjukdomsmekanismar og basale biokjemiske og fysiologiske tilhøve.

Dette medfører at vi i stor grad ikkje har dokumentasjon av inkontinensomsorga si utforming og reelle situasjon i samfunnet. Det finst óg lite forsking omkring bruken av dei kunnskapane som allereie finst på området, og om korleis dei urininkontinente sin situasjon er.

Innhaldslista

Uløyste oppgåver

Frå litteraturen går det fram at mange av dei urininkontinente ikkje får den hjelp dei bør ha krav på. Kunnskapar er eit viktig stikkord for dei uløyste oppgåvene innan dette feltet. For det første ligg det ei svær oppgåve i åformidle eksisterande kunnskap til alle nivå av helsetenesta og til pasientane. Dersom all eksisterande kunnskap vart tatt i bruk, ville svært mange av pasientane kunne få god hjelp. Men på mange område er det også trong for ny kunnskap, det vil seie forsking. Stikkord for område som treng nærare kartlegging kan vere:

Innhaldslista

Primærhelsetenesta

Med det store pasienttalet og med den alderssamansetninga og medisinske behov dei fleste vil ha, er det klart at det er i primærhelsetenesta hovudparten av inkontinensomsorga må skje. Samtidig må det sikrast at dei pasientane som treng det, får hjelp i andrelinetenesta med bruk av spesialutstyr som etterkvart er tilgjengeleg både for diagnostikk og terapi. Like klart er det at inkontinensomsorg må vere tverrfagleg der både legar, fysioterapeutar, sjukepleiarar og andre har sin naturlege plass. Eigenomsorg og helseopplysning er også viktige tiltak som må stimulerast lokalt. Primærhelsetenesta må vere open for modellutprøving med vitskapleg evaluering.

Ein arbeidsstrategi for total inkontinensomsorg må bygge på tilgjengeleg vitskapleg dokumentasjon. I dag er det ikkje tilgjengeleg dokumentasjon for mykje av det ein arbeidsstrategi må innehalde. Dette skuldast dels at tilgjengeleg kunnskap frå selekterte materiale ikkje kan overførast direkte til ein uselektert pasientpopulasjon. Dels er det mange viktige område innan feltet som rett og slett ikkje er omtala i vitskapleg forstand. I ein mellomperiode må ein difor basere seg på gjeldande praksis og erfaring samt råd frå ressursmiljø. Men hovudprinsippet om vitskapleg dokumentasjon er viktig.

Toine Lagro-Janssen tok i 1991 doktorgraden ved Universitetet i Nijmegen på avhandlinga "Female urine incontinence in general practice". Målet med arbeidet var:

Hovudfunna var at kvinner med alvorleg grad av inkontinens tilsynelatande sjølv tek kontakt med legen sin. Så det er ikkje blant desse ein finn dei skjulte inkontinens-problema. Dei fleste inkontinenspasientane mestrar situasjonen ved å innskrenke aktivitets-nivået. Dersom kvinnene fortel allmennpraktikaren om symptoma sine, skuldast det gjerne alvorlege problem. Ved ei nøyaktig sjukehistorie kan allmennpraktikaren vurdere kva inkontinenstype det er snakk om. Verknaden inkontinensplagene har på det daglege liv varierer frå pasient til pasient; hos eit fåtall av kvinnene fører det til psykiske problem.

Behandling hos allmennpraktikar gjev gode resultat. Både stress-inkontinente og urge-og blandingsinkontinenspasientar har stor nytte av bekkenbunnstrening og blæretrening. Det vil i allmennpraksis vere gjennomførbart å drive med begge desse treningsformene. Legen kan integrere si vurdering av pasienten sin psykiske tilstand og motivasjon, og ut frå dette tilpasse behandlinga individuelt.

Innhaldslista

Interessegruppe for forsking omkring urininkontinens

Gruppa vart starta i 1988 som et samarbeid mellom Steinar Hunskår, no professor ved Seksjon for allmennmedisin, Universitetet i Bergen og Bjarne Chr. Eriksen, overlege ved Kvinneklinikken på Regionsjukehuset i Trondheim, no i gynekologisk privatpraksis i Haugesund. Målsettinga er ådrive målretta forsking med tanke på betre inkontinensomsorg i Norge. Ingen tema eller angrepsvinklar skulle forsåvidt vere utelukka, men utfrå erfaring og interesser var det naturleg å konsentrere seg om tema som ville passe inn i eit handlingsprogram for inkontinensomsorg i førstelinetenesta. Ein slik strategi identifiserte mellom anna følgjande tema:

Innhaldslista

Medlemmar 1994

Harald Bratt er overlege ved Kvinneklinikken, Regionsjukehuset i Trondheim, og leiar for inkontinenspoliklinikken etter at Bjarne Chr. Eriksen flytta til Haugesund. Bratt samarbeider med Anita Vanvik og følgjer opp arbeidet med klinisk forsking ved poliklinikken.

Anders Bærheim er førsteamanuensis ved Seksjon for allmennmedisin, Universitetet i Bergen. Han arbeider med undervisning av medisinstudentar, administrasjon samt med fleire studiar på etiologiske og diagnostiske aspekter av nedre urinvegsinfeksjonar hos vaksne kvinner. Han leverte i 1993 inn ei avhandling for den medisinske doktorgrad, og disputerte i januar 1994. Han har samarbeid med Steinar Hunskår om undervisning og forskning.

Kari Bø er fysioterapeut. Ho er no førsteamanuensis ved Norges Idrettshøgskole, og tok i 1990 dr. scientgraden på avhandlinga: "Pelvic floor muscle exercise for the treatment of female stress urinary incontinence". Ho er aktiv når det gjeld opplæring av fysioterapeutar og legar, og vert mykje nytta i ulike media. Fysioterapi representerar eit viktig fagfelt i inkontinensomsorga, og ho har vunne internasjonal anerkjenning for forskinga si.

Bjarne Chr. Eriksen er spesialist i gynekologi og driv privatpraksis i Haugesund. I den tida han var overlege ved Kvinneklinikken, Regionsjukehuset i Trondheim, bygde han opp ein spesialpoliklinikk for urologisk gynekologi ved klinikken. Dette har i det vesentlege vore ein inkontinenspoliklinikk. Han vart i 1989 dr.med. på avhandlinga "Electrostimulation of the pelvic floor in female urinary incontinence" som var den første doktoravhandlinga om urininkontinens i Norge på mange år. Han har gjort mykje arbeid med organisering av inkontinensomsorga, og han har også forska på elektrostimulering.

Ole Fosse er utdanna lege frå Bergen i 1993. Han er no turnuskandidat. Han er interessert i medisinsk forsking og har stor kompetanse innan edb. Han er prosjektmedarbeidar på "Evaluering av refusjonsordninga for elektrostimulatorar", der han har lagt opp registreringsprogrammet.

Yngvild Skåtun Hannestad er medisinstudent. Ho er interessert i allmennmedisin og hadde i 1992/93 NAVF studentstipend for å arbeide med eit prosjekt om østrogensal og haldningar til østrogenforskriving.

Ragnar Hermstad er kommunelege i Rissa og deltek i det såkalla "Rissa-prosjektet" der kommunelegane i Rissa sidan hausten 1989 har hatt eit forskingsprosjekt om UI.

Steinar Hunskår er professor ved Seksjon for allmennmedisin, Universitetet i Bergen. Han var initiativtakar til gruppa og har seinare spela rolla som administrator og inspirator. Han har sidan 1987 gjort urininkontinens til eit hovedtema i si forsking og har forsøkt å knytte til seg personar som vil drive slik forsking i primærhelsetenesta. Han er rettleiar for mange prosjekt innan feltet. Han har også mange undervisningsoppdrag for tilsette i primærhelsetenesta. Den største oppgåva i 1994 var å gjere ferdig sluttrapporten for evaluering av Rikstrygdeverkets ordning med refusjon for elektrostimulator ved UI.

Siv Mørkved er fysioterapeut og driv eige institutt i Melhus. Ho tok i 1994 cand. scientgraden ved Universitetet i Bergen med hovedoppgåva "Effekt av bekkenbunnstrening hos kvinner post partum". Frå hausten 1994 er ho også lektor ved Høgskolen i Sør-Trøndelag (fysioterapiutdanninga).

Hogne Sandvik er spesialist i allmennmedisin, og har frå august -91 vore tilsett ved Seksjon for allmennmedisin, Universitetet i Bergen. Han arbeider no med eit større prosjekt "Medisinsk omsorg ved urininkontinens" som har støtte frå Rikstrygdeverket og Sosialdepartementet. Han har fått universitetsstipend frå april 1993, og vil levere sitt doktorgradsarbeid "Female urinary incontinence. Studies of epidemiology and management in general practice" våren -95.

Arnfinn Seim er kommunelege I i Rissa og initiativtakar til "Rissa-prosjektet" og til det epidemiologiske prosjektet som vart utført i Rissa i 1992. Han er den lokalt ansvarlege for prosjekta og kontaktperson til alle medarbeidarane i Rissa. Frå hausten 1993 har han fått halvt stipend - og i 1994 heilt stipend - frå legeforeninga sitt kvalitetssikringsfond for å arbeide vitskapleg med resultata frå Rissaprosjektet.

Anita Vanvik er sjukepleiar og utdanna uroterapeut frå Universitetet i Gøteborg. Ho arbeider ved poliklinikk for urologisk gynekologi ved Regionsykehuset i Trondheim. Ho er interessert i inkontinensomsorg og tverrfagleg verksemd og tek del i "Anamnese-studien" i samarbeid med Bjarne og Steinar. Ho er ofte nytta som undervisar og er med på fleire publikasjonar.

Anne Vinsnes er sjukepleiar og utdanna uroterapeut frå Universitetet i Gøteborg. Ho driv Senter for sykepleieservice i Trondheim. Senteret er eit rådgjevingssenter for urininkontinente, og har vist seg å stette eit stort behov i byen og distriktet. Ho har også undervisningsstilling ved sjukepleiarhøgskolen. Anne er også interessert i fagutvikling og forsking og ho har utdanning ved Nordiska Hälsovårdshögskolan i Gøteborg (Master of Public Health). Ho er spesielt opptatt av inkontinensomsorg og sjukepleiarroller samt livskvalitetsmålingar ved inkontinens. Ho er no tatt opp som doktorgradsstudent i Gøteborg på eit prosjekt om UI.

Innhaldslista

Økonomi

Det meste av arbeidet i gruppa må skje innanfor medlemmene si normale arbeidstid og verksemd. Anders Bærheim, Kari Bø, Steinar Hunskår, Hogne Sandvik og Arnfinn Seim har no stillingar der forsking er ei av hovudoppgåvene. Fleire av deltakarane har hatt allmennpraktikarstipend frå Den norske lægeforening eller klinisk stipend frå NAVF. Når det gjeld driftsutgifter må også det meste dekkast innan det vanlege arbeidstilhøvet. Men vi har aktivt søkt prosjektstøtte hos legemiddelindustrien. Organon A/S har vore vår "hovudsponsor" og vi har også fått støtte frå Kabi Pharmacia. Vi er svært glad for denne støtten frå industrien, støtten gjer det mogeleg mellom anna å drive interessegruppa sine felles seminar.

I samband med Hogne Sandvik sitt prosjekt "Medisinsk omsorg ved urininkontinens" har vi fått ei stor løyving frå Sosialdepartementet for 1991 og åra framover. Denne løyvinga har mellom anna gjort at vi har tilsett prosjektsekretær Signe Kristin Tønsaker i 50% stilling. Dette er av stor verdi for prosjektet og har i vesentlig grad også letta arbeidet i gruppa.

Steinar Hunskår har hatt i oppdrag av RTV å evaluere refusjonsordninga for elektrostimulator. Dette har også styrka økonomien i gruppa. Åse Hjertholm har arbeidd som prosjektsekretær, og Ole Fosse har hatt stilling som EDB-ansvarleg.

Innhaldslista

Litteraturarkiv

Vi har bygd opp ein EDB-basert litteraturbase som no inneheld referansar til meir enn 4.000 artiklar om inkontinens. Kvar månad vert basen supplert med nye referansar frå MEDLINE. Mange av referansane inneheld artikkel-sammendrag.

Referansane er lagt inn i databaseprogrammet Endnote. Dette programmet kan også brukast saman med tekstbehandlingsystem for å halde styr på referansar i manuskript og tekstar.

For mange av referansane har vi skaffa papir-kopiar, altså dei komplette artiklane. Litteraturarkivet er til uvurderleg hjelp i arbeidet vårt, og vi stiller det gjerne til disposisjon for andre. Signe Tønsaker er ansvarleg for den daglege drifta av arkivet.

Innhaldslista

Seminarserie og kursverksemd

På grunn av at gruppa sine medlemmer arbeider vidt omkring, er det viktig åkunne samlast av og til. Ein hovudidé for gruppa har difor vore å samlast til felles seminar.

Det første vart halde på Bruknappen Gjestgiveri i Nordhordland 27.-29. januar 1989. I tillegg til det faglige programmet vart det god tid til mat, kos og diskusjonar. Det vart også tid til tur i friskt Nordhordlandsver.

Gruppa sitt andre seminar var på Væktarstua i Tydal 20.-22. oktober 1989. Vi hadde presentasjon av prosjektskisser og pågåande prosjekt. Nytt og spennande frå internasjonale kongressar vart også diskutert. Siste dagen drøfta vi temaet "Veiledning og forfattarskap" og arbeidsgruppa si framtid og strategi.

Gruppa sitt tredje seminar vart halde i Rissa 9.-11. november 1990 med Rissaprosjektet som hovudtema. Alle prosjektmedarbeidarane frå kommunehelsetenesta i Rissa var inviterte. Forutan dette prosjektet, fekk vi tid til ådiskutere østrogenbruk i og etter overgangsalderen, litteraturanalyse og dei andre prosjekta våre. Vi arrangerte eit svært vellukka offentleg møte om urininkontinens. Seminaret vart gitt god pressedekning og var god vitamininnsprøyting for alle deltakarane.

Gruppa sitt fjerde seminar var på Gullbotn Turistheim ved Bergen 8.-10. november 1991. Eit omfattande program inneheldt m.a.: Kvifor vart Mictrol trukke tilbake? Oppsummering av Rissa-prosjektet. Presentasjon av prosjektet "Trygdens refusjoner for sykepleieartikler". Aktiviteten ved inkontinenspoliklinikken, RIT. Kvifor kjem ikkje kvinner med inkontinens til lege? Korrekt urinprøvetaking og profylaktiske tiltak mot urinvegsinfeksjon. Epidemiologisk prosjekt i Rissa 1992. Elektrostimulering mot stressinkontinens.

Femte seminar fann stad på Selbusjøen Turisthotel 29-31. januar -93. Stikkord for programmet: Legesøkingsatferd, melkesyrebakterier i forebygging av blærekatarr, trening av bekkenbotn-musklane, valide, sensitive og reproduserbare effektvariablar, finns dei? Ny operasjon for stress- og blandingsinkontinens, urodynamikk som gullstandard, østrogenforskrivning, epidemiologisk undersøkelse av UI, kurs i kritisk artikkellesing, presentasjon av ny bok om UI.

Sjette seminar vart avvikla på Villa Skjoldnes i Bergen 28 - 30 januar 1994. Programmet omhandla denne gongen mellom anna: Refusjon og distribusjon av inkontinensmateriell. Evaluering av elektrostimulatorordninga. Bekkenbunnstrening - eit 5-års materiale. Inkontinens hos born. Trening med vaginalkoner. 4 års resultat etter kolposuspensio. Rissa-prosjektet. Oversetting og validering av spørreskjema

16 deltakarar fann seg godt til rette i omgjevnader prega av fordums pomp og prakt, og der peisild og stearinlys mest gjorde storm og uver om til eit koseleg innslag. Litt kultur vart det også tid til: Eit besøk på Troldhaugen laurdag etter lunsj.

Innhaldslista

Aktuelle prosjekt

Anamnesestudien.
Det er gjort ein prospektiv studie av alle primærhenviste pasientar til poliklinikken i Trondheim. Dei går gjennom eit standardisert spørjeskjema ved uroterapeut og deretter vert det gjort diagnostikk basert på anamnese og på urodynamiske undersøkingar. Målet er å utprøve ulike kortversjonar av spørjeskjemaet med tanke på prediksjon av diagnosen og dessutan å undersøke korrelasjonen mellom anamnese og urodynamiske undersøkingar. Målet var å inkludere 250 pasientar og dette nådde vi i 1992. Dei to første artiklane er no under arbeid ved Steinar og Bjarne.

Evaluering av refusjonsordning for elektrostimulatorar.
Steinar Hunskår har fått dette oppdraget frå Sosialdepartementet og RTV. Data frå rekvisisjonsskjemaet, legen og pasienten vert samla inn og analysert. Den første rapporten vart utarbeidd i februar 1993, sluttrapporten i september 1994. Det har vore langt fleire rekvisisjonar enn venta, og 3.287 pasientar er inkludert.

Rissa-prosjektet.
Dette er utprøving av eit rådgjevande utrednings- og behandlingsprogram for allmennpraksis. Alle kommunelegane i Rissa i Sør-Trøndelag tek del. Første pasient vart inkludert like før utgangen av 1989 og målet på 105 vart nådd i 1992. Rissaprosjektet er gruppa sitt største prosjekt og vil gje mange data for vidare analyse. Arnfinn Seim har no stipend for å bearbeide data.

Urininkontinens, eit pasientproblem og eit pleieproblem.
Prosjektet er ei vidareføring av Anne Vinsnes si Master-oppgåve. Ho gjennomfører og prosjektet "Hvordan lever kvinner med sin urininkontinens etter at de har fått behandling for denne i ett år og ikke blitt bra". Saman med Steinar Hunskår arbeider ho og med prosjektet: "Urininkontinens -endring i pasientomsorg som følge av bedre pasientinnsikt og holdningspåverkning av helsepersonell?" Eit anna prosjekt er oversetting og validering av Incontinence Stress Index, noko ho gjer i samarbeid med Johannes Haltbakk i Trondheim.

Medisinsk omsorg ved urininkontinens, bruk av sjukepleieartiklar og legemiddel, samt trygde-refusjon for desse.
Prosjektet er utarbeidd av Steinar Hunskår og Hogne Sandvik. Sosialdepartementet og Rikstrygdeverket har støtta prosjektet, også økonomisk. Undersøkinga har tatt utgangspunkt i refusjonskrav som kjem inn til trygdekontora i Bergen, Os og Fjell frå apotek og forhandlar av sjukepleieartiklar. Alle refusjonskrav på hjelpemiddel og medikament for urininkontinens er blitt registrert. Denne registreringa har skjedd fortløpande, og slik at ekspedisjonar på ulike tidspunkt blir knytta opp til same pasient. Vi har dermed fått svært gode data over kvar enkelt pasient sitt forbruk. Eit tilfeldig utval på 150 av desse pasientane er intervjua. Informasjonen er blitt supplert med journaldata frå primærlegen. Analyse av data og artikkelskriving pågår no.

Forekomst av urininkontinens hos vaksne norske kvinner.
Dette er ei epidemiologisk undersøking som vart gjennomført i Rissa kommune i 1992 med spesiell vekt på legesøkingsåtferd og kontakt med helsevesenet. Prosjektgruppa består av Arnfinn Seim, Ragnar Hermstad, Steinar Hunskår og Hogne Sandvik.

Årsaker og diagnostikk ved nedre urinvegsinfeksjon hos kvinner.
Anders Bærheim tek i sitt hovudprosjekt opp ei rekkje problemstillingar omkring urinprøvetaking, utredning og behandling av urinvegsinfeksjon. Han er også opptatt av førebygging og utløysande faktorar ved urinvegsinfeksjon. Han tok doktorgraden i 1994. Saman med Steinar Hunskår har han i 1994 gjennomført ein studie av ein hurtigtest for påvising av bakteriuri. Samstundes vart det innsamla eit stort materiale om legehandtering, diagnostikk og pasientoppleving/symptom ved urinvegsinfeksjon. Bærheim er i tillegg veileder for prosjektet "Akupunktur i profylaksen av cystitt hos kvinner".

Trening og fysioterapi ved urininkontinens.
Siv Mørkved har levert sitt hovedfagprosjekt: Effekt av bekkenbunnstrening hos kvinner post partum, Melhus/Trondheim.

Kari Bø arbeider med fleire prosjekt innan dette emnet, bl.a. oppfølgingsundersøking av effekt av bekkenbunnstrening og klinisk og urodynamisk undersøking av unge kvinner med og utan stressinkontinens.

Kvinneklinikken, Regionsjukehuset i Trondheim.
Harald Bratt samarbeider med Anita Vanvik i prosjektet: Pasientar operert med Kolposuspensio a.m. Burch, eit 4-års materiale. Han deltar også i prosjektet: Intravaginal slynge plastikk (IVS) ved stressinkontinens, som er ein del av ei nordisk multisenterstudie.

Innhaldslista

Planar

Interessegruppa for urininkontinens er no i godt gjenge. Frå å vere ei samtalegruppe og planleggingingsgruppe for nye prosjekt, ser vi no godt arbeid når det gjeld fagutvikling og forsking. Vi ser at fleire publikasjonar vil komme som resultat av gruppa sitt arbeid i åra som kjem. Vi ønskjer åhalde fast ved noverande arbeidsform og noverande tema. I tillegg ser vi at fleire av medlemmene i gruppa utviklar idéar og utarbeider prosjektplanar.

Innhaldslista

blue Instituttets hovedside
blue UiBs hovedside

Institutt for samfunnsmedisinske fag, sist oppdatert 25.06.96

Hogne.Sandvik@isf.uib.no