TOC

NOKLUS tildelt internasjonal pris

Overlege Sverre Sandberg ved Haukeland Universitetssjukehus er den første nordmannen som har motteke den verdsomspennande prisen "The Westgard Quality Award".

Sverre Sandberg er avdelingsleiar ved Laboratorium for Klinisk Biokjemi på Haukeland Universitetssjukehus og professor ved Seksjon for allmennmedisin, Institutt for samfunnsmedisinske fag. Han fekk prisen på grunn av sin innsats for å sikre at kvaliteten på laboratorieprøver og tolkinga av desse i primærhelsetenesta er god nok. Dette kombinert med at han har vore leiar for eit arbeid om evidens basert laboratoriemedisin i IFFC (International Federation of Clinical Chemistry), førte til påskjønninga.

- Dr. Jim Westgard er ein guru innan forsking omkring kvalitetssikring av laboratorieprøvar. Eg er i likskap med ham oppteken av å sikre at ein kan stole på det resultatet ein får ved laboratorieprøver. Det er ikkje nok at prøvane analyseras godt, like viktig er det at dei rette prøvane blir teken og at prøvesvara tolkast riktig, seier Sandberg.

Det har nemlig ikkje alltid vært like stort fokus på dette. I 1992 vart Norsk senter for kvalitetsforbetring av laboratorieverksemd utanfor sjukehus (NOKLUS) stiftet. Etter ei rekke forskingsresultat som påviste mykje feil, vedtok Staten og Den Norske Lægeforæning at NOKLUS skulle opprettast.

- Dette har ført til betring av analysekvaliteten på alle laboratorieprøvar, seier Sandberg som også er leiar i NOKLUS. Sandberg gjer eit døme på dette ved å nemna at talet på blodsukkerresultat som er blitt klassifisert som dårlege, har gått ned frå 16 til 4 prosent i tidsrommet 1993-2004. NOKLUS har fått mykje oppmerksemd internasjonalt, både på grunn av forskinga dei driv med, og fordi det ikkje er ein liknande organisasjon i andre land.

- Pasienten skal vite at deira behov for utredning, behandling og oppfølging blir basert på korrekte laboratorieprøvar- og analyser. Betra laboratorieverksemd gjer at både pasientar og leger blir skåna for unødvendige konsultasjonar og ikkje minst hindrar feil behandling, poengterer Sandberg.

Prisen deles ut kvart år til ein forskar som har utmerka seg med sitt arbeid innan laboratoriemedisin, og ble nyleg delt ut under ein konferanse i Belgia (mars 2005). Laboratorie-folk frå heile verda var samla i Antwerpen då Sandberg tok i mot heider og ære, statuett og ein mindre pengesum.

Kommentarer til NOKLUS


blue NOKLUS hovedside
blue Instituttets hovedside
blue UiBs hovedside

Institutt for samfunnsmedisinske fag, sist oppdatert 05.04.05

Hogne.Sandvik@isf.uib.no