UgleMedFak logo

Eksamensoppgåver i allmennmedisin våren 1995

Tysdag 30. mai 1995 kl. 09.00 - 14.00


Eksamenssettet har 17 sider med i alt 17 oppgåver. Nokre av oppgåvene har underspørsmål. Oppgåve nr. 1 og 2 er resonneringsoppgåver med utdjupande svar. Oppgåvene 3 - 12 er kortsvaroppgåver med kliniske problemstillingar og oppgåvene 13 -17 er fleirvalsoppgåver. Når oppgåve og delspørsmål er knytta til ein pasientkasuistikk, skal svaret gjevast med utgangspunkt i opplysningane frå oppgåveteksten.

Bruk berre den plassen som er oppgitt, ikkje bruk margen eller baksida av arka. Bruk kulepenn, ikkje blyant. Kontrollèr at du har alle sidene. Svar kort og presist, gjerne punktvis. LUKKE TIL!

Oppgåve 1.
I mange kommunar legg ein vekt på at kreftpasientar kan få vere heime i terminalfasen. Drøft allmennpraktikarrolla i slik heimebasert terminalomsorg, og gje konkrete døme på arbeidsmetodar og legeoppgåver med utgangspunkt i den følgjande pasienthistoria.

Wilhelm Uthaug er 77 år gammal og har i 5 år vore behandla for myelomatose med operasjon, stråleterapi og cytostatika. Han har no fått påvist kreft i ryggsøyla, bekken og hofter. Berre palliativ behandling skal gjevast. Han har sterke smerter frå ryggen, kan ikkje reise seg utan hjelp og klarer ikkje å gå over golvet. Han klarer vannlating i ståande stilling, og har dostol. Han er plaga med hard mage, har kvalme, og får berre i seg flytande næring. Han er sterkt deprimert, og har daglege gråtetokter når han tenker på døden. Som legen hans får du telefon frå sjukehuset om at han skal utskrivast, han ønskjer å døy heime. Medisinar: Morfinmikstur 20mg x 4, Sarotex 25 mg x 2 (amitriptylin, antidepressiva). Siste blodprøver: Hb 7,6, SR 90. Han bur i eige hus saman med kona Astrid (73 år). Ho er frisk, men lita og vever. Einaste dottera er sjukepleiar, men bur i ein annan landsdel.


Oppgåve 2.
2.1 Allmennpraktikarar utfører ofte helsekontroll av personar i yrkesaktiv alder som kjenner seg friske. Diskuter kvifor slike kontrollar er populære og diskuter kva som er den medisinske grunngjevinga for helsekontroll av friske.

2.2. Forklar skildnaden på screening (silingsundersøking) og case-finding (sjukdomsoppsporing). Gje eit døme på kvar frå allmennpraktikarkontoret.

2.3. Irene Innvik (26 år) kjem og vil ha ein helsekontroll fordi ho ikkje har bedriftslege. Arbeider som assistent på biblioteket. Ho har vore sambuar med Raymond i 5 år. Ho kjenner seg frisk, ikkje tidlegare vore behandla for langvarig eller alvorleg sjukdom. Ingen helseplager eller arbeidsfråvær siste året. Ho bruker p-pille av kombinasjonstypen.

Korleis vil du legge opp ein 20 minuttars konsultasjon med denne pasienten (bruk stikkord for anamnese, klinisk undersøking, laboratorieprøvar, rådgjeving)?

2.4. Når bør ho komme att for ny rutinemessig helsekontroll? Om ........år ........mnd.

Oppgåve 3.
Under konsultasjonen med Irene Innvik (oppgåve 2.3) vart det tatt prøve på genital Chlamydia trachomatis-infeksjon. Som legen hennar får du no svar frå laboratoriet om at prøven var positiv (ELISA-test og bekreftande kontroll-test).

3.1. Vi kan rekne med at testen har ein sensitivitet på 80% og ein spesifisitet på 99%. Dersom pre-test sjanse for sjukdom ligg på 1%, vil positiv prediktiv verdi for svaret du fekk vere 44%. Kva er di vurdering av dette? Vil du behandle Irene?

3.2. Nemn faktorar og funn frå anamnese og klinisk undersøking som vil auke pre-test sjanse for genital Chlamydia trachomatis-infeksjon hos ei kvinne.

3.3. Du kallar Irene Innvik inn til time. Korleis vil du leggje opp konsultasjonen (bruk stikkord for anamnese, klinisk undersøking, laboratorieprøvar, rådgjeving)?

3.4. Korleis vil du evt. behandle genital Chlamydia trachomatis-infeksjon hos Irene?

3.5. Du har ei anna kvinne på 26 år til konsultasjon. Etter anamnese og klinisk undersøking, trur du at sjansen for at ho har genital Chlamydia trachomatis-infeksjon er 25%. Kva ville den positive prediktive verdien av testen i så fall vere, gitt sensitivitet på 80% og spesifisitet på 99%? ....................


Oppgåve 4.
Olga Olsen (78 år) har lest i Hjemmet at det er farleg å ha høgt kolesterol. Ho kjem difor innom legekontoret for å få målt kolesterol-verdien. Medarbeidaren din synes ikkje det er naudsynt med eigen konsultasjon for dette, så ho rekvirerer prøven i ditt namn. Tre dagar seinare kjem svaret: 9,1 mmol/l. Kva gjer du?


Oppgåve 5.
Odd Olseth (f. 13.04.48, adr. 5099 Bru) er salskonsulent ved eit meieri. Han er tidlegare frisk. Hausten 94 hadde han ein konsultasjon hos deg der han fekk utskrive 20 tablettar Paralgin Forte (paracetamol + kodein) for hovudpine. Han følte seg då svært stressa i høve "planar for EU-tilpassing" med innskrenkingar i bedrifta. Han kjem no att og gjev uttrykk for sterk uro for helsa si. Dei siste to vekene har han hatt sterk hovudpine. Den er jamnt trykkande, som eit band rundt hovudet, men spesielt sterk over panneregionen. Nokre dagar kjem smerten ved frukost-tid, nokre dagar kjem den sigande ut på dagen. Han har mista konsentrasjonen på jobb, og eit par dagar har han stått over matpakka på grunn av kvalme. Han føler seg ikkje bra. Han er no pålagt ekstraarbeid i høve det kommande årsmøtet i bedrifta. Han reknar med å arbeide overtid 3-4 dagar i veka dei neste par vekene. Han ber om meir Paralgin Forte då han må vere i form dei neste dagane.

5.1 Kva 3 diagnosar vil du rekne som mest sannsynlege?

1. _________________________________________

2. _________________________________________

3. _________________________________________

5.2. Anta at det er 90% sannsynleg at han har ein av dei 3 diagnosane du har foreslått ovanfor. Korleis vil du då fordele desse 90 prosentane?

Diagnose 1: .....% Diagnose 2: ......% Diagnose 3: ......%

5.3. Kva anamnesefaktorar og funn ved klinisk undersøking vil du legge vekt på for å skille dei to første differensialdiagnosane dine frå kvarandre?

5.4. Kva behandlingstiltak du vil setje i verk i denne konsultasjonen?

5.5. Skriv ein resept på 20 stk Paralgin Forte til pasienten.


Oppgåve 6.
14 mnd gamle Hege Hansen har fått eit kraftig bleieutslett.

6.1. Lag eit behandlingsopplegg for akuttfasen.

6.2. Kva råd vil du gje mor til Hege om førebyggjing av nye utslett?


Oppgåve 7.
Alma Haugli (74 år) kjem til deg på ein akutt-time ein ettermiddag på grunn av dysuri, og du gjev henne behandling for ein akutt nedre urinvegsinfeksjon. Av journalen går det fram at ho etter 70 års alderen har hatt ei rekke urinvegsinfeksjonar. Dette er den fjerde i løpet av eit år. Du ber henne difor komme til kontrolltime for å følgje opp saka.

7.1. Kva er vanlege disponerande faktorar for urinvegsinfeksjon i denne alderen?

7.2. Kva undersøkingar vil du gjere på kontoret av denne pasienten?

7.3. Kva tiltak vil du setje i verk for å forebyggje nye urinvegsinfeksjonar?


Oppgåve 8.
På legevakt vert du kontakta av ei eldre kvinne som ber deg undersøkje mannen hennar på 83 år som plutseleg er blitt så "rar". Du kjenner ikkje denne familien frå før. Bortsett frå eit hjerteinfarkt for nokre år sidan har pasienten vore frisk fysisk og psykisk. Du reiser heim til han, og seint same kvelden undersøker du han. Han er tydeleg forvirra, uroleg, masete. Han er svett, puls 108. Han verkar litt tungpusten og hostar ein del. Kona har målt temperaturen til 38,0 grader.

8.1. Kva diagnosar er mest sannsynlege?

8.2. Korleis vil du utrede pasienten i sjukebesøket?


Oppgåve 9.
Wilhelm Uthaug (frå oppgåve 1) er no svært dårleg, og livet går mot slutten. Det er fast vakt frå heimesjukepleien kvar natt. Helse-og sosialsjefen ringjer deg og seier at dei ikkje har meir pengar på ekstravakt-budsjettet, og han forlangar no som din overordna at du legg pasienten inn på sjukehus. Du og familien er usamde i dette utfrå det opplegget som tidlegare er skissert for pasienten. Kan du nekte å leggje inn pasienten? Grunngje svaret!


Oppgåve 10.
Ei 31 år gammal gift kvinne kjem til time og ber om å bli tilvist til sterilisering. Ho og mannen har to born og ønskjer ikkje fleire.

10.1. Kva er aldersgrensa for å få utført sterilisering? ________ år

10.2. Gje ein detaljert disposisjon over innhaldet i konsultasjonen (anamnese, klinisk undersøking, laboratorieprøvar, rådgjeving o.l.).


Oppgåve 11.
Du les ein artikkel i eit fagtidsskrift som konkluderer med at "... the test for calprotectin seems better than that for occult blood for the detection of gastrointestinal neoplasms". Artikkelen omtalar ein studie av 111 innlagte pasientar med kjente svulstar:

Tilstand 		Antal pasientar		Antal med positiv test
Ca. coli/ ca. recti		53			50
Colon-polyppar			40			32
Ca. ventriculi			18			18 

11.1 Diskuter om du synes dette er god nok dokumentasjon for å ta testen i bruk for utredning av symptom som kan representere kreftsjukdom hos pasientar i allmennpraksis.

11.2. Kva er dei typiske symptom og funn ved irritabel tarm (irritabel colon)?

11.3. Kva er dei typiske symptom og funn ved ikkje-metastasert cancer coli?

11.4. Gje ein disposisjon for innhaldet i ein kontrollkonsultasjon for ca. coli operert for 5 år sidan med ende-til-ende anastomose, utan kjente metastasar.


Oppgåve 12.
Dagrun Dyrstad (28 år) kjem til ein akutt-time kl. 10 på føremiddagen. Ho arbeider på eit matsenter. Under arbeid med å legge ein kartong frosne reker på plass i frysedisken i går kveld, fekk ho plutseleg smerter i korsryggen. Ho hadde problem med å rette seg ut att. Ho har ikkje hatt ryggvondt tidlegare. I dag har ho framleis så vondt at ho ikkje gjekk på arbeid. Smertene sit framleis midt i korsryggen, det er ikkje utstråling til underekstremiteten. Kva råd vil du gje henne, og kva tiltak vil du setje i verk i denne konsultasjonen?

Nedanfor er det 3 fleirvalsoppgåver. Set ring rundt bokstavkoden for det/dei svara som er rett. Det kan vere frå 0 til 5 rette svar på kvar oppgåve.


Oppgåve 13.
Kva er synskrav til førarkortattest?

a) visus > 5/5 på kvart auge
b) normalt synsfelt på begge augene
c) normale funn ved oftalmoskopi
d) normalt synsfelt på minst eitt auge
e) visus > 5/10 ved bruk av begge augene samtidig


Oppgåve 14.
Kva kan du som allmennpraktikar tilby av postcoital prevensjon?

a) ingenting
b) leggje inn spiral innan 5 dagar etter samleie
c) minipille (Conludag, Exlutona, Microluton) snarast mogeleg
d) etinyløstradiol/norgestrel (Eugynon) innan 72 timer etter samleie
e) testosteronfettsyre-ester (Androxon) innan 72 timar etter samleie


Oppgåve 15.
Gynekomasti kan opptre ved

a) lungekreft
b) bruk av spironolakton (diuretika)
c) kronisk leversjukdom
d) testikkelkreft
e) bruk av digitoxin


Oppgåve 16.
Nedanfor får du opplysningar om 5 symptomfrie 41-årige personar. Du skal svare på deira risikoauke for hjerteinfarkt i dei neste 10 åra etter følgjande bokstavkode:

A. Ingen/liten auka risiko
B. Lett auka risiko
C. Moderat auka risiko
D. Sterkt auka risiko

16.1. Risiko: .........
Mann
Ikkje koronarsjukdom i nær familie
BT 130/75
Røyker ikkje
S-kolesterol 4,9 mmol/l

16.2. Risiko:.............
Mann
Ikkje koronarsjukdom i nær familie
BT 130/75
Røyker ikkje
S-kolesterol 7,8 mmol/l

16.3. Risiko:...........
Kvinne
Ikkje koronarsjukdom i nær familie
BT 130/75
Røyker ikkje
S-kolesterol 7,8 mmol/l

16.4. Risiko:............
Mann
Far har hatt hjerteinfarkt
BT 145/85
Røyker 12 sigarettar dagleg
S-kolesterol 6,1 mmol/l

16.5. Risiko:............
Mann
Far har hatt hjerteinfarkt
BT 130/75
Røyker ikkje
S-kolesterol 9,0 mmol/l


Oppgåve 17.
Nedanfor finn du ei liste over 12 symptom og tilstandar som også kan vere biverknader til vanleg brukte legemiddel (med tilhøyrande bokstavkode). Deretter finn du namnet på 12 ulike legemiddel. For kvart legemiddel skal du med inntil 3 bokstavkodar markere viktige biverknader.

Symptom/tilstand:

A.  tørr i munnen	B.  ankelødem		C.  obstipasjon

D.  kalde bein		E.  forvirring		F.  ulcus/dyspepsi

G.  nedsett hukommelse	H.  urinretensjon	I.  brystspenning

J.  keratitt		K.  hoste		L.  osteoporose 


Legemiddel:				Bokstavkodar:

atenolol (betablokkar) 			___   ___   ___

nitrazepam (hypnotikum) 		___   ___   ___

naproxen (antiflogistikum)		___   ___   ___

acetylsalisylsyre (analgetikum)		___   ___   ___

furosemid (diuretikum)			___   ___   ___

enalapril (ACE-hemmar)			___   ___   ___

amitriptylin (antidepressivum)		___   ___   ___

klorpromazin (neuroleptikum)		___   ___   ___

prednison (kortikosteroid)		___   ___   ___

ferrosulfat (jernpreparat)		___   ___   ___

fenoxymethylpenicillin (antibiotika)	___   ___   ___

amlodipin (kalsiumantagonist)		___   ___   ___

blue Mer informasjon for studenter
blue Instituttets hovedside
blue UiBs hovedside

Institutt for samfunnsmedisinske fag, sist oppdatert 03.06.98

Hogne.Sandvik@isf.uib.no