| «Riv ned gjerdene»
For tida går ein tysk film på norske kinoar, «Eksperimentet».
Ideen bak filmen er henta frå eit verkeleg eksperiment som fann stad ved Stanford
University i USA for tretti år sidan. Nokre psykologar rekrutterte friviljuge,
ressurssterke collegestudentar til å spele fangar og fangevaktarar i to veker. Etter seks
dagar måtte eksperimentet avbrytast av omsyn til den psykiske helsa hjå deltakarane. I
ein artikkel psykologen Philip Zimbardo og medhjelparen Graig Handy skreiv etterpå,
oppsummerte dei: «Tross det faktum at fanger og voktere hadde mulighet for å inngå en
hvilken som helst samhandling...så ble møtet mellom de to gruppene negativt,
kjennetegnet ved fiendtlighet, krenking og umenneskeliggjøring».
Sjølv om konklusjonane frå dette eksperimentet har størst
praktisk relevans for kriminalomsorgen, peikar dei og på ei generell og grusom sanning
som alle krigar har prova om att og om att. Framandgjering av «dei andre», utvisking av
deira individuelle identitet, er fyrste steget mot umenneskeleggjering som i sin tur
legitimerar overgrep.
Nordmenn har eit schizofrent tilhøve til rus, blir det sagt.
Kanskje er diagnosen meir i retning manisk-depressivt. Dei fleste vaksne nordmenn brukar
rusmiddel i varierande omfang, men rusen er eit privat og skammmeleg tema som me ikkje
maktar å forhalde oss rasjonelt til eller integrere i kulturen. Den norske rusen er
pervers: Me ligg truleg i verdseliten i talet på synleg rusa personar ved alle festlege
lag og offentlege høgtidsdagar. Noreg har fleire overdosedødsfall enn trafikkdrepne
kvart år. Dei stakkarane som ikkje maktar å halde rusen innanfor vedtekne grenser, som
blir synlege , straffar me ved å støyte dei ut. «Dei andre». Det er ikkje utan grunn
at rusomsorgen har plass lågast i det medisinske hierarkiet.
Utposten ville lage eit temanummer om rus. Me måtte diskutere kva
som skulle vere Utposten sin bodskap. I redaksjonen finn ein både ideologiske
fråhaldsfolk og folk som likar å ruse seg i blant. Me er logisk nok usamde i det meste
som gjeld rus, sjølv om det er mange nyanser i debatten. Det me likevel er samde om, er
at det er naudsynt med meir kunnskap om korleis ein førebygger skadeleg rusbruk, spesielt
hjå unge folk. Og me er samde om at me må arbeide for eit betre helsetilbod både
somatisk og psykisk for dei tyngste rusbrukarane.
Martin I. Blindheim, redaktør for bladet rus&avhengighet, har
ein artikkel i dette nummeret av Utposten der han mellom anna etterlyser samarbeid mellom
profesjonar og vilje til å la rusbrukarane sine faktiske problem sette dagsorden framfor
hjelparane sine eigne ideologiske føringar. For tida arbeider Blindheim som
miljøarbeider i Rusmiddeletaten i Oslo kommune, i dagleg kontakt med dei tyngste
rusbrukarane. Forteljingane derfrå handlar ikkje om dei andre, men om oss sjølve som
fellesskap.
Frode Forland Elisabeth Swensen |