UiB : IT-avdelingen : Internsida


Årsmelding for IT-avdelinga 2001

 

Organisasjon

  • Den nye organisasjonsplanen vart implementert ved årsskiftet 2000/2001.
  • Avdelinga disponerte ved utgangen av 2001 42.2 årsverk. Ved at ELINE vart fullt integrert i IT-avdelinga frå 1. jan. 2002 er ein stilling frå UB og ein frå Informasjons-avdelinga overførde til IT-avdelinga. Ein medarbeidar i telefonekspedisjonen har slutta (pensjonist) i 2001.
  • To godt kvalifiserte personar er tilsette i 2001 i ledige stillingar i Seksjon for Nettverk og Seksjon for Servardrift.
  • Det er gjennomført medarbeidarsamtaler.

 

Utviklingsprosjekt

  • SEBRA: Det er sett i gang eit omfattande prosjekt for Sentral BrukarAdministrasjon, der den endelege målsettinga er å administrera tilgang til ressursar i UiB-nett og sentrale servarar gjennom ein sentral brukardatabase. Ein slik database er også ein føresetnad for å sikra trygg kommunikasjon innan UoH-sektoren.
  • Dokumentasjon: Logge- og backup-tenester er dokumenterte og dokumentasjon av rutinar og prosedyrar for ulike driftsoppgåver er under arbeid. Ein er også igang med ein risikoanalyse av dei systema som skal flyttast til BT-bygget, for å redusera sjansane for uhell under flyttinga.

 

Samarbeid

  • Det er gjennomført tre IT-Forum, eitt over to dagar på Marsteinen hotell i vårsemesteret og to ettermiddagsseminar i haustsemesteret. Møta har hatt god deltaking og har ført til auka kontakt og samarbeid mellom IT-driftsmiljøa ved UiB. På Marsteinen deltok også representantar for UiO, NHH og HiB.
  • IT-direktøren har hatt eitt møte med alle fakultetsdirektørane og det har dessutan vore møte mellom IT-avdelinga og det einskilde fakultet. Dette har auka forståinga for at ein kan oppnå rasjonaliseringsgevinstar ved å føreta endringar i arbeids- og ansvarsdeling sentralt/lokalt.
  • På nasjonalt plan er det i gang uformelle samtalar mellom IT-direktørane ved dei fire norske universiteta med sikte på utvida samarbeid.

 

Nettverk

  • Telefonsentralen er oppgradert med ny programvare som aukar effektiviteten til ekspedientane.
  • Det er inngått avtalar om nettverksamarbeid med Song og ElTeleVest.
  • Gjennom avtale med NextGenTel har studentar og tilsette fått tilbod om breiband via telefon-nettet for ein gunstig pris.
  • Gjennom ny fiberforbindelse mellom HIB og BT-bygget er det lagt eit solid grunnlag for flytting/oppgradering av sentrale nettverkskomponentar.

 

Servardrift

Det er investert om lag 4 millionar i fornying av utstyrsparken, som vil sikra meir stabil drift og utviding av tenestetilbodet. Av større utstyrsinvesteringar kan ein nemna

  • Utskifting av utstyr for tryggingskopiering
  • SEBRA-servar
  • Nytt anlegg (NAS = Network Attached Storage) for datalagring
  • To nye servarar til eposttenesta ved IT-avdelinga.

Dessutan er det føretatt oppgradering av den sentrale vevservaren (www.uib.no) ved hjelp av resirkulasjon av gamal epostservar. I tillegg har vevservaren fått auka prosessor- og lagringskapasitet. I neste omgang er proxyservar/webcache oppgradert ved resirkulasjon av gamal vevservar.

CA-avtala er reforhandla. Diverre har CA gått bort frå tidlegare muntlege lovnader, men i praksis vil avtala likevel dekka dei fleste behova til UiB. Havforskningsinstituttet har gått med på å betala 1/3 av dei årlege lisensutgiftene.

 

Klientdrift

  • Drift og brukarstøtte-opplegget mot fakultetsadministrasjonane er teke i bruk ved administrasjonen ved Matematisk institutt. Erfaringane er positive.
  • Ved sentrale innkjøpsavtalar reduserer ein kostnadene ved utskifting av klientutstyr samstundes som ein standardiserer utstyret.
  • Seksjonen har teke inn ein lærling

 

Databasedrift

  • Det er utvikla automatisk overføringsrutine frå SLP til SEBRA.
  • Ny fleirmodul StudWeb er testa og implementert. Det nye systemet er ressurskrevande og komplisert så det trengst nytt utstyr, auka kompetanse og betre dokumenterte driftsrutinar.
  • Det er implementert ei rekke endringar i test- og produksjonsmiljøa for OF.
  • Fleire nye databasar er installert.
  • IT-avdelinga driftar e-læringsystema Luvit og Boxer. Det siste systemet vil i fyrste omgang bli nytta som inngangsport til undervisningsopplegget for Datakortet.


Offisiell side