UiB : IT-avdelingen : Internsida


Planar for IT-avdelinga 2002

 

Innleiing

IT-avdelinga har som målsetting å sikra best mogeleg service innan veldefinerte oppgåver. Utfordringa er å sikra kvalitet og stabilitet av nettverk og servartenester ved målretta innsats og medverka til at brukarane oppnår rasjonaliseringsvinstar ved kompetent bruk av elektroniske informasjonssystem.

 

Flytting

Flytteplanlegginga er no inne i den avsluttande fasen, med utarbeiding av risko/sårbarheits-analysar for alt det tekniske utstyret som skal flyttast til BT-bygget. Planen er å avslutta flyttinga med overføring av servarar og nedstenging av alle nettverkstenester helga 15. - 16. juni.

 

Strategi

Det er starta ein prosess som skal munna ut i ein ny IKT-strategi mot slutten av 2002. I fyrste omgang vil det bli gjennomført ei omfattande kartlegging av ressursbruk, oppgåver og organisering, regelverk, dokumentasjon og risikofaktorar. Tilsvarande kartlegging går føre seg ved dei tre andre norske universiteta og ti svenske universitet. IT-direktøren har oppnemnt ei arbeidsgruppe som skal vurdera betre samordning av elektroniske administrative system ved UiB.

 

Samarbeid

Det er sett i gang eit pilotprosjekt der 5 servarar ved Juridisk fakultet er flytta til IT-avdelinga og blir drifta herfrå. Meininga er at brukarane knapt skal merka denne omlegginga. Dersom prosjektet blir vellukka kan dette opna for tilsvarande sentralisering av driftsoppgåver ved andre fakultet.

Elles vil samarbeidet mellom IT-avdelinga og dei lokale IT-miljøa i år bli konsentrert om IT-strategi og IT-tryggleik, samstundes med at vi vil drøfta vidare planar for utvida sentralisering av datalagring og tryggingskopiering med tanke på større utstyrsinvesteringar i 2003.

 

Nettverk

Ved oppgradering/skifte av rutarar og svitsjar vil UiB-nettet i år bli oppgradert til til Gbit/sek kapasitet samstundes med at ein sikrar større grad av redundans. Ein vil også gje sluttbrukarar ekstra nettkapasitet. Om lag 6 millionar kr vil bli investert i ryggrads- og spreienett i år.

 

Servardrift

Det er heile tida trong for utskifting/oppgradering av servarar for å kunna møta ynsket om raskare respons og enda meir stabile tenester. Spesielt vil innføring av ny programvare innan FS/Studweb og OF medføra store investeringar i ny maskinvare. Dessutan vil det vera trong for ein ekstra servar til heimekatalogar for studentar.

 

Klientdrift og brukarstøtte

Det er nødvendig å gjennomgå avtalane mellom IT-avdelinga og brukaravdelingane (sentral- og fakultetsadministrasjon og fleire Unifob-avdelingar) slik at begge partar har felles forståing om kva tenester IT-avdelinga har drift- og brukarstøtteansvar for og kva som ligg utafor IT-avdelinga sitt ansvarsområde. Dette er særleg blitt ein aktuell problemstilling etter at mange brukarar har fått tilgang til UiB-nett heimefrå.

 

Databasedrift

Ymse vanskar med StudWeb ved starten av året har avdekka trong for meir ressursar og auka kompetanse på dette området. Også innføring av ny Oracle-versjon (11i) og nytt driftsopplegg for OF vil stilla krav om auka innsats. Det vil difor bli oppretta ein ekstra stilling ved Seksjon for Databasedrift.

 

ELINE

I tillegg til drift og vedlikehald av UiB-vev er fylgjande utviklingsoppgåver prioritert:
· Utvida datamengda og presentasjonsmåtar for studentrelatert informasjon (i samarbeid med Informasjonsavdelinga).

  • Utvikla personaliserte startsider for tilsette og studentar.
  • Utvida TAGG til fulltekstpublisering, i fyrste omgang for regelsamling og personalhandbok (i samarbeid med Kollegiesekretariatet). Effektivisera TAGG-rutinane, mellom anna ved å nytta databasesøk.
  • Delta i arbeidet med å integrera interaktive læresystem med data frå administrative databasar, mellom anna i samarbeid med dei andre universiteta.

 

Utviklingsprosjekt

I prosjekt for Sentral Brukeradministrasjon (SEBRA) er det utvikla ein prototype. Til hausten er det planlagt å implementera fase 1 som innebær automatisk dataoverføring frå SLP til SEBRA-databasen slik at alle fast tilsette kan ta ut brukarkonto og bli pålogga i ein interaktiv vevsesjon. Utviklingsarbeidet vil halda fram med sikte på auka automatisering og utvida styring av tilgang til ulike IT-system ved UiB. Dessutan vil etter kvart alle IT-brukarar bli lagt inn i SEBRA.

Ein er i gang med å oppdatera all slag dokumentasjon, frå systemdokumentasjon til brukarinformasjon. Arbeidet viser at det er trong for meir regelstyring på mange område.

Windows-operativsystemet på klientmaskinar og MS-Office vil bli oppgradert og det vil bli installert eit nytt kalendarsystem.

Ein vil vurdera tekniske løysingar som kan gje større tryggleik ved oppkopling mot UiB-nett utafrå. Dette kan med tida opna opp for tilgang på fleire IT-ressursar heimefrå.


Offisiell side