Utvekslingsmoglegheiter ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet
Det er mange gode grunnar til å reise på utveksling. Du kan studere fag du ikkje kan studere i Noreg, du kan bli kjent med en ny kultur, du vil få vener frå heile verda og du får noko å skryte av på seinare jobbintervju. Ein annan god grunn til å reise på utveksling er at du får høve til å lære deg språket i landet du reiser til.
Universiteta du kan reise på utveksling til er valt ut på bakgrunn av etablert kontakt mellom fagmiljøa, eller på grunn av særs gode faglege kvalitetar og tilpassing til studieprogramma ved UiB. Difor vil du som student ha ein stor grad av vissheit i at det faglege utbyttet skal vere tilpassa studia her heime. I tillegg vil instituttet ditt ha særs god kjennskap til dei utvalde universiteta og dermed kunne gi deg betre rettleiing
Søknadsfristen er 1. februar uansett om du planlegg å reise på utveksling om hausten eller våren. I tillegg vert det eit suppleringsopptak der restplassar for utreise i vårsemesteret vert fordelte. Søknadsfristen for suppleringsopptaket er 1. september.
-
Søknadsprosessen – korleis går eg fram?Mindre bilder:

Den same søknadsprosessen gjeld for alle studentar som ønskjer å reise på utveksling gjennom UiB sine avtalar.
-
Kor kan du dra?Mindre bilder:

Som UiB-student på eit bachelor- eller masterprogram kan du reise ut på ein av UiB sine sentrale avtalar eller på ein av avtalane fakultetet ditt har.
-
Spørsmål om utveksling?
Du finner meir informasjon om utveksling på dei sentrale nettsidene. Har du fleire spørsmål hjelper vi deg gjerne vidare i Infosenteret ved MN-fakultetet.
