Tema: Biokjemi og molekylærbiologi
Dag E. Helland og Anders Goksøyr, Februar 1997
Miljøet ved Biokjemisk institutt (seinare Institutt for biokjemi og molekylærbiologi, IBMB) har gradvis ekspandert og gitt knoppskytingar ved etablering av Felleslaboratorium for bioteknologi (FLB) i 1985 og Laboratorium for marin molekylærbiologi (LMM, under Unifob) i 1992. Både FLB og LMM vart lokalisert til Høgteknologisenteret (HIB) på Marineholmen då Bioblokka var ferdig hausten 1990.
I Universitetet i Bergen sitt 50-års jubileumsår 1996 var det difor mange historiske trådar som vart knytta saman når ein skulle gjennomføra Det akademiske kollegium (DAK) sine vedtak om at det skulle opprettast eit nytt institutt for biokjemiske fag ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet (MN-fak.) i HIB-miljøet på Marineholmen. Både i fagleg og geografisk tyding var ringen slutta og eit nytt kapittel for universitetet er starta. Det er likevel verd å peike på at denne veksten i fagområdet biokjemi-molekylærbiologi har sitt utspring i det fagmiljøet som blei bygd opp på PKI. Det er heller ikkje nokon tvil om at det er denne veksten som har gjort det naudsynt for MN-fak. å få sitt eige institutt på dette viktige fagområdet for såleis å få ein større nærleik til andre fag ved fakultetet. Omsynet til realfagstudentane har og gjort ei slik reorganisering naudsynt. Dette kjem klart fram i DAK sine vedtak (sak 137/95 og 174/95):
"1. Kollegiet konstaterer at biokjemi-molekylærbiologi er et nøkkelområde
i både biologisk og medisinsk forskning et nytt PKI-bygg vil innebære
en vesentlig styrking av den humanbiologiske og biomedisinske forskning
ved UiB ved en ny nærhet til de kliniske miljøene den faglige utvikling
har gjort biokjemi-molekylærbiologi til et sentralt fag innenfor de
fleste biologiske disipliner ved MN-fakultetet og ført til oppbygging
av et molekylærbiologisk miljø i Høyteknologisenteret dagens organisering
av undervisningen i biokjemi og molekylærbiologi fungerer ikke optimalt
for studieprogrammet i realfag.
På dette grunnlag finner Kollegiet at den framtidige organisering
av de biokjemiske og molekylærbiologiske fag bør baseres på at det
etableres et miljø i det nye PKI-bygget og et miljø i Høyteknologi-
senteret. Miljøene etableres ved en omorganisering og styrking av
eksisterende miljøer."
Omorganiseringa som vart gjort i 1996 førte til at det nye instituttet fekk overført stillingar frå FLB, LMM, IBMB og Institutt for fiskeri- og marinbiologi. Det nye instituttet fekk namnet Molekylærbiologisk insitutt (MBI) og det fekk sitt første budsjettår frå 1. januar 1997 med ein stab på 10 faste og ein mellombels vitenskapeleg tilsette, 11 i teknisk-administrativestillingar, 18 prosjekttilsette og 62 registrerte hovudfagstudentar. Fakultetet og Kollegiet sitt mål er å få tallet opp i 15 vitenskapeleg tilsette dei første åra. Professor Dag E. Helland, som har leia Felleslaboratorium for bioteknologi i mange år, vart styrar for det nye instituttet i den første valbolken.
Biokjemi/molekylærbiologi er eit dynamisk fag i rask utvikling. Dette gjer det naudsynt med ein kontinuerleg oppdatering av pensum og undervisningsplanar på alle grads-nivåa. Omorganiseringa ga eit godt høve til å revidera studieplanane og undervisninga på dette feltet, sjølv om slike revisjonar må sjåast på bakgrunn av dei ressursane som er tilgjengelege. I første omgang vedtok MBI-styret å slå saman studieretningane i biokjemi og genteknologi til eit hovudfag i molekylærbiologi. Samstundes har fristillinga frå den prekliniske medisinarundervisninga gjort det mogleg å betre tilpassa og optimalisera undervisninga for realfagstudentane på lågare grad i biokjemi og molekylærbiologi. Biokjemi/molekylærbiologi er blitt eit sentralt basalfag for dei fleste biologiske disipliner ved MN. Det syner seg at svært mange realfagstudentar tek grunnemnet i biokjemi (KB 101 ), slik at presset på dette emnet har vore stort lenge. Den nye kurssalen ved HIB som vart innvigd hausten 1996, kan alt no visa seg å vera for liten!
Forskingsaktiviteten ved det nye instituttet spenner over eit stort felt. Her vert det forska på det meste frå HIV-virus til vågekval og isbjørn, frå utviklingsbiologi til bioinformatikk og kreftforsking. Men trass spennvidda er forskinga mellom dei ulike gruppene overlappande m.o.t. basale problemstillingar. Satsingsområder for fakultetet som marin forsking og miljøforsking er og representerte ved instituttet. Eit viktig mål for instituttet i åra framover vil bli å styrka grunnforskinga samstundes at forskinga er retta mot problem i samfunnet og tida.