| |
|
|
Årstadvn.17, 5009
Bergen
Hovudresepsjon 55586600
Klinikk 55586622 |
Klinikk for pasientmottak er plassert i 3. etasje i Det odontologiske fakultetet, Årstadveien 17. Bruk pasientinngangen (1. etasje) og ta trappa eller heisen opp.
Klinikk for pasientmottak tar mot nye pasientar (unntak er pasientar til Klinikk for barnetannpleie, Klinikk for kjeveortopedi, Senter for odontofobi og, i ein del tilfelle, Klinikk for oral kirurgi og oral medisin).
Johanne Soleng , Marit Kvamme og Vibeke Bøe deler arbeidet i klinikken og i hovudresepsjonen og vil såleis vere kontaktpersonar for pasientar som møter fram eller ringer.
Pasientane vert registrerte og undersøkte. Det vert ført journal med opplysningar av generell medisinsk art i tillegg til diagnosar og behandlingsplan for munn-/kjeve-/tannsjukdomar.
Dei ulike fagklinikkane utfører behandlinga. Det kan vere litt ventetid før behandlinga startar, og av og til kan ein klinikk vere stengd i periodar fordi ventelistene er for lange. Behandlinga vert prinsipielt utført av studentar, og alle steg vert kontrollerte av instruktørar.
Fordi det er studentar som skal utføre behandlinga, vil det vere tilfelle der arbeidet kan vere for omfattande og/eller komplisert. Dette vil vi avklare på Klinikk for pasientmottak, og pasienten vil då kunne få med seg alle røntgenbilde til eigen tannlege.
Prisen for behandling i studentklinikken er rimeleg i høve til prisen hos ein tannlege.
Klinikk for pasientmottak deltar i undervisninga av studentar.
Personale:
- Avdelingstannlege lic.odont. Ståle Myklebust
Tlf. 55 58 66 26 - 55 58 66 22
- Spesialtannlege cand.odont. Elisabeth Ohm
- Instruktørtannlege cand.odont. Karen Tiller Vangsnes
- Instruktørtannlege cand.odont. Siri Flagestad Kvalheim
- Klinikkleder Marit Kvamme
- Klinikksekretær Johanne Soleng
- Klinikksekretær Vibeke Bøe
|