Frekvensene
Sendingene Hvem er hva i SISU? Aktuelt Diskusjonene Bestillingene

HEILSKAPLEG VURDERING I KROPPSØVING

(frå Metodisk rettleiing, Vurdering 2. utgåva NLS)

Kva elevane må prestere for å oppnå ein karakter som representerer anten over middels, middels eller under middels grad av måloppnåing (jf. forskrifta paragraf 2-6), blir forklart med utgangspunkt i breidda av måla for faget. Ein skule har laga denne beskrivinga av kva som skal til for å oppnå dei ulike karakternivåa i kroppsøvingsfaget.

Beskrivinga byggjer på vurderingsforskrifta og læreplanen for faget, som vektlegg likt 1 kunnskap og evne til praktisk bruk av kunnskap, 2 dugleik og 3 innsatsvilje og samarbeidsevne.

Karakter 6 eleven viser svært høg grad av innsikt og forståing av lærestoffet, stor mognad og svært god evne til å bruke kunnskapen i ulike aktivitetar, eleven medverkar til å heve undervisningskvaliteten, søkjer utfordringar tek ofte initiativ og har svært god samarbeidsevne, svært god allsidig dugleik og gode fysiske ressursar.
Karakter 5 eleven har høg grad av innsikt og forståing i hovuddelane av lærestoffet, og har god evne til å bruke kunnskapen i ulike aktivitetar, tek initiativ, samarbeider lett med medelevar og har god dugleik og gode fysiske ressursar.
Karakter 4 eleven viser middels innsikt og forståing i hovuddelane av lærestoffet, og middels evne til å bruke kunnskapen i ulike aktivitetar, middels innsats/initiativ og evne til samarbeid og har middels fysiske ressursar og dugleik i ulike aktivitetar.
Karakter 3 eleven viser varierande innsikt og forståing i hovuddelane av lærestoffet, har varierande innsats og interesse for arbeidet med faget og har under middels fysiske ressursar og under middels dugleik i ulike aktivitetar.
Karakteren 2 eleven viser mangelfull innsikt og forståing av lærestoffet og mangelfull evne til å setje kunnskapen ut i praksis, har liten vilje til å delta, tek lite initiativ og har mangelfull dugleik i ulike aktivitetar
Karakter 1 eleven viser svært svak innsikt og forståing av lærestoffet, kan i liten grad bruke kunnskap og viser svært svak innsats og svært svake fysiske ressursar og svært svak dugleik i ulike aktivitetar
Karakter 0 eleven viser ingen grad av måloppnåing i faget

Denne beskrivinga gir et godt oversyn og kan brukast både til støtte for læraren og som generell informasjon til elevar og foreldre om kva faget krev av arbeid og innsats. Slik informasjon har elevane krav på og er også avhengige av for å kunne arbeide sjølvstendig og målretta.

Kroppsøvingslærarane ved denne skulen har også oppmoda elevane til å bruke karakteroversynet som grunnlag for eigenvurdering. Eigenvurderinga til den enkelte eleven har ein så halde saman med faglæraren sitt forslag til formell undervegsvurdering i form av ein terminkarakter, og eleven har fått høve tiol å samtale med læraren, stille spørsmål ved eventuell usemje, osv. Mykje kan oppklarast gjennom ein slik framgangsmåte og sikre at eleven får ei mest mogleg rettferdig vurdering.

Tilbake