Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Årsstudium i naturvitskaplege fag

Årsstudium mat.nat.

Introduksjon

Vil du supplere tidlegare utdanning eller fordjupe deg innanfor eit fagområde? Ønsker du undervisningskompetanse i eit nytt fag?

Eit årsstudium er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå tidlegare. Årsstudiet gir deg studierett i eit år.

Dei naturvitskaplege faga har stor spennvidde og dekker fag som biologi, kjemi, molekylærbiologi, nanoteknologi, fysikk, geofysikk, geologi, datavitskap, datateknologi, matematikk, meteorologi og oseanografi, petroleum- og prosessteknologi. På årsstudiet i naturvitskaplege fag kan du velje å konsentrere deg om berre eitt fag, eller du kan kombinere emne frå fleire fagområde.

Innanfor dei ulike faga er det mange spennande emne å velje mellom. Men ver merksam på at studentar på bachelorprogram vil ha fortrinn på emne med avgrensa kapasitet knytt til laboratorieøvingar, tokt, feltkurs etc.

Målgruppe

Årsstudium i naturvitskaplege fag er eit søknadsalternativ for deg som berre skal studere ved UiB i eitt år, og som ikkje har planar om å ta ein grad.

 

Årsstudiet er for deg som:

ønsker å ta emne som gir deg undervisningskompetanse i fag i skolen.

ønsker å supplere tidlegare utdanning eller fordjupe deg innanfor eit fagområde.

 

 

 

Studievegar

Ver merksam på at dersom du har planar om å studere ved UiB i meir enn eitt år, bør du søke opptak på eit bachelorprogram.

 

Opptak til årsstudium i naturvitskaplege fag gir studierett til opne emne i realfag over to semester.

Du set sjølv saman studieplanen din med emne frå dei naturvitskaplege faga ut frå forkunnskapane dine. Emna du vel mellom er altså ein del av det ordinære emnetilbodet.

Du treng ikkje ta ex.phil. eller andre førstesemesteremne dersom du berre skal studere eitt år ved universitetet.

Det er fleire måtar å fylle eit årsstudium på:

1. Fagstudium

I eit eittårig fagstudium kan du velje eitt fag i begge semestra som utgjer til saman 60 studiepoeng. Du står da fritt til å sette saman emne innan faget.

2. Fritt valde emne

I løpet av studieåret set du saman emne sjølv. Du kan velje om du vil inkludere ex.phil. og andre førstesemesteremne, du kan ta med emne frå berre eitt av dei naturvitskaplege faga, eller du kan kombinere emne frå fleire fag. Innanfor visse rammer kan du også velje blant andre opne emne ved UiB.

3. Undervisningskompetanse

Eit årsstudium i naturvitskaplege fag gir grunnlag for undervisning i den vidaregåande skolen dersom du fyller året med ein anbefalt kombinasjon av emne frå det aktuelle faget. For å gi undervisning i grunnskolen er det faglege minstekravet normalt eit halvt års utdanning. Følgande naturvitskaplege fag gir undervisningskompetanse: biologi, fysikk, kjemi og matematikk.

Du bør ta kontakt med ein studierettleiar så tidleg som mogleg i søknadsprosessen for å få hjelp til å sette saman studiet ditt.

 

Vidare studium:

Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du søker overgang til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt.

Overgangsordninger

Finn ut kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker: http://link.uib.no/?3S29o

Det er mogleg å byte studieprogram både haust og vår.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på: http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak

 

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i naturvitskaplege fag, studiekode i Samordna opptak: 184670.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og
REALFA: Matematikk R1 eller (S1+S2) OG fordjuping i eitt realfag (R1+R2) eller FYS(1+2) eller KJE(1+2) eller BIO(1+2) eller INFO(1+2) eller GEO(1+2) eller TEK(1+2).

Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY

Poenggrense ved siste opptak

Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.

Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.

Overgangsordninger

Finn ut kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker: http://link.uib.no/?3S29o

Det er mogleg å byte studieprogram både haust og vår.

Antall studieplasser

75

Meir informasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar:
Epost: studierettleiar.mnfa@uib.no
Telefon: 55 58 30 30

ÅRMN/Årsstudium i naturvitskaplege fag
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Du velger selv hvilke emner du vil ta, og om du vil være fulltids- eller deltidsstudent.
Valemner (krav: 60 SP)
Alle emner er valgfrie i årsstudiet og du må selv sette sammen ditt eget studium.