Årsstudium i sosiologi
Programmet tilbys av
Presentasjon
Sosiologi er vitskapen om samfunnslivet i vid forstand. Sosiologar studerer relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap; mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale plan.
Målgruppe
Dersom du berre skal studere eitt år ved universitetet for å få undervisningskompetanse i eit samfunnsfag, vil eit årsstudium vere det rette alternativet for deg .
Årsstudiet i sosiologi gir undervisningskompetanse i ungdomsskulen og i vidaregåande skule i samfunnsfag og samfunnskunnskap dersom du fyller eit heilt år med tilrådde emne frå faget .
Fagleg innhold
Sosiologi er vitskapen om samfunnslivet . Sosiologar studerer relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap: mellom individ, grupper og organisasjonar både på detlokale, nasjonale og globale plan . Vi menneske handlar ofte etter mønster som er uavhengig av oss sjølve, samtidig som vi kan endre desse vilkåra gjennom handlingane og reaksjonane våre . Sosiologar arbeider med å forklare og fortolke korleis vi blir forma av samfunnstilhøva . Det kan dreie seg om alt frå analyse av møte mellom enkeltindivid til gransking av globale sosiale prosessar .
Du lærer om aktuelle problemstillingar som endringsprosessar i familieliv, utdanning og arbeidsliv, velferdsstaten og offentlege omsorgstenester, klassebestemte og etniske og om forholdet mellom økonomi og samfunn .
Årsstudiet skal gi ei grunnleggjande forståing for sentrale tema innan sosiologi og leie fram til undervisningskompetanse i samfunnsfag i det offentlige skuleverket.
Fag- og emneval
Tilrådd emnesamansetjing:
1. semester
- SOS103
- MET102 eller eit valfritt sosiologiemne i rekkja SOS104-SOS114
2. semester
- SOS101
- MET102 eller eit valfritt sosiologiemne i rekkja SOS104-SOS114
Vidare studium
Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du går over til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt . Dette gjeld spesielt for dei «frie» bachelorprogramma der det er stor grad av valfridom i delar av studiet . Når du er teken opp på eit årsstudium er det mogleg å søkje intern overgang til dei «frie» bachelorprogramma.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudiet i sosiologi.
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Poenggrense ved siste opptak
Nytt studium
Antall studieplasser
20 (talet på studieplassar kan bli justert).
Meir infomasjon
Ønskjer du å vite meir, sjå studere.uib.no/samfunn eller ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50
Sosiologisk institutt
studierettleiar@sos.uib.no
55 58 21 75
Innføringsemne
Innføringsemne inngår ikkje i årsstudiane slik som i bachelorprogramma. Det vil likevel vere mogleg å velgje innføringsemne ved særskilde ønskje om dette.
Mål og innhald
Sosiologi er vitskapen om samfunnslivet . Sosiologar studerer relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap: mellom individ, grupper og organisasjonar både på detlokale, nasjonale og globale plan . Vi menneske handlar ofte etter mønster som er uavhengig av oss sjølve, samtidig som vi kan endre desse vilkåra gjennom handlingane og reaksjonane våre . Sosiologar arbeider med å forklare og fortolke korleis vi blir forma av samfunnstilhøva . Det kan dreie seg om alt frå analyse av møte mellom enkeltindivid til gransking av globale sosiale prosessar .
Du lærer om aktuelle problemstillingar som endringsprosessar i familieliv, utdanning og arbeidsliv, velferdsstaten og offentlege omsorgstenester, klassebestemte og etniske og om forholdet mellom økonomi og samfunn .
Årsstudiet skal gi ei grunnleggjande forståing for sentrale tema innan sosiologi og leie fram til undervisningskompetanse i samfunnsfag i det offentlige skuleverket.
Yrkesvegar
Årsstudiet er ikkje i seg sjølv eit grads- eller vitnemålsgjevande studium. Årsstudier er ei kortare utdanning som kan brukast til å komplettere tidligare utdanning. Det er satt saman blant anna for å gje undervisningskompetanse for ansettelse i skuleverket.
Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du går over til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt . Dette gjeld spesielt for dei «frie» bachelorprogramma der det er stor grad av valfridom i delar av studiet . Når du er teken opp på eit årsstudium er det mogleg å søkje intern overgang til dei «frie» bachelorprogramma.
Læringsutbyte/resultat
Etter årsstudiet skal du skal ha kjennskap til sentrale idear, teoriar og kunnskapsområde innan faget.
Rekkefølje for emne i studiet
1. semester
SOS103
MET102 eller eit valfritt sosiologiemne i rekkja SOS104-SOS114
2. semester
SOS101
MET102 eller eit valfritt sosiologiemne i rekkja SOS104-SOS114
Delstudium i utlandet
Årsstudium åpner ikkje for høve til å ta deler av studiet i utlandet.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester |