Bachelorprogram i informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)
Programmet tilbys av
Presentasjon
Kva må til for å utvikle ei funksjonell nettside som tilfredsstiller brukarane sine behov? Kan du tenkje deg å programmere eit nytt dataspel? Kva vil ei datamaskin aldri kunne gjere? Ein kan forstå informasjonsteknologi som eit møte mellom analytisk tankegang og skapande evne, der bruk av datamaskina sin strenge logikk i modellering av forskjellige område og løysing av problem berre blir avgrensa av eigen kunnskap og kreativitet.
Studiet i informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) kombinerer tekniske informatikkfag med samfunnsvitskapleg informasjonsvitskap, og gir på denne måten dobbel kompetanse. Du får ei moderne, tverrfagleg utdanning som er spesielt tilpassa behova til næringsliv og forvalting. Dette omfattar alt frå brukar- og organisasjonsmessige vurderingar til spesifisering, utforming og implementering av programsystem.
Som student får du erfaring med moderne systemutviklingsmetodar og programmeringsverktøy gjennom praktiske øvingsoppgåver og prosjektoppgåver. Du skal kunne ta i bruk nye metodar, språk og teknologiar innanfor eit område i stadig utvikling.
Graden
Bachelorprogrammet i informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) fører fram til graden bachelor i kultur- og samfunnsvitskap. Studiet er treårig (180 studiepoeng).
Fagleg innhold
Bachelorprogrammet i IKT kombinerer matematisk-naturvitskaplege informatikkfag med samfunnsvitskaplege IKT-fag og gir ein moderne, tverrfagleg IKT-kompetanse som er spesielt tilpassa behova i næringslivet og forvaltinga. Studiet gir kompetanse i alt frå bruker- og organisasjonsmessige vurderingar til spesifisering, utforming og implementering av programsystem. Du vil få erfaring med moderne systemutviklingsmetodar og programmeringsverktøy gjennom praktisk øving og prosjektoppgåver.
Fag- og emneval
Det første semesteret i bachelorprogrammet tek du 30 studiepoeng med innføringsemne. Du må ta grunnkurs i informasjonsvitskap (INFO100), grunnkurs i programmering (programmering 1) (INF100) og ex.phil. Vidare inneheld programmet 90 studiepoeng med spesialisering i IKT-faglege emne. Studiet består av emne i informasjonsvitskap og informatikk. 60 studiepoeng er valfrie emne. Følgjande emne inngår i bachelorprogrammet:
- Grunnkurs i programmering (programmering 1)
- Grunnkurs i informasjonsvitskap
- Vidaregåande programmering (programmering 2)
- Algoritmar, datastrukturar og programmering
- Datamaskiner og operativsystem
- Funksjonell webdesign
- Datanett
- Prosjekt i systemutvikling
- Innføring i databasehandsaming
- Informasjonssystem
- Diskrete strukturar
Du kan velje inntil 60 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre fag eller fleire emne frå informatikk eller informasjonsvitskap. Bachelorprogrammet i IKT kan da sjå slik ut:
1. semester
- Grunnkurs i programmering (programmering 1) (10 sp)
- Grunnkurs i informasjonsvitskap (10 sp)
- Ex.phil. (10 sp)
2. semester
- Vidaregåande programmering (programmering 2) (10 sp)
- Diskrete strukturar (10 sp)
- Informasjonssystem (10 sp)
3. semester
- Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 sp)
- Innføring i databasehandsaming (10 sp)
- Prosjekt i systemutvikling (10 sp)
4. semester
- Datamaskiner og operativsystem (10 sp)
- Datanett (10 sp)
- Funksjonell webdesign (10 sp)
5/6. semester
- Frie fagemne (60 sp)
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. På bachelorprogrammet i IKT vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet er lagt til det tredje semesteret i programmet.
Vidare studium
Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterprogramma i informasjonsvitskap og informatikk. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid, oppgåveskriving og aktiv deltaking i undervisninga.
Yrkesvegar
Studiet kvalifiserer for arbeid i IKT-bransjen, f.eks. med utvikling og drift i IKT-avdelingane i private og offentlege verksemder. Aktuelle arbeidsoppgåver er utvikling, programmering og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system, utvikling av ny teknologi samt planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan utnytte IKT. Studiet kan også byggjast ut med eit masterstudium og kvalifisere for forsking og undervisning i universitets- og høgskolesektoren.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i IKT.
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (MATRS).
Poenggrense ved siste opptak
Nye reglar for utrekning av poeng gjer fjorårets poenggrensar mindre relevante for årets opptak enn normalt. Vi reknar med at poenggrensene blir lågare enn i fjor fordi det blir tildelt færre poeng totalt.
Ei liste over poenggrensene for 2008 finn du under menypunktet "Opptak" / "Opptak gjennom Samordna opptak".
Antall studieplasser
20 (talet på studieplassar kan bli justert).
Overgangsordninger
Det er mogleg å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no.
Meir infomasjon
Ønskjer du å vite meir, sjå studere.uib.no/ikt eller ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50
Institutt for informasjons- og medievitskap
studierettleiar@info.uib.no
55 58 91 00
Mål og innhald
Bachelorprogrammet i informasjons- og kommunikasjonsteknologi gir ein moderne, tverrfagleg IKT-kompetanse som er spesielt tilpassa behova innan næringsliv og forvaltning. Dette omfattar alt frå brukar- og organisasjonsmessige vurderingar til spesifisering, utforming og implementering av programsystem. Studentane får også erfaring med moderne systemutviklingsmetodar og programmeringsverktøy gjennom praktiske øvingsoppgåver og prosjektoppgåver.
Studiet er sett saman av emne som er relevante for næringsliv og forvalting. Bachelorprogrammet i IKT kombinerer matematisk-naturvitskapelige informatikkfag med samfunnsvitskapelige IKT-emne. Bachelorprogrammet i IKT gir både fagleg breidde og fordjuping innan IKT som gjer at studentane lettare skal kunne ta i bruk nye metodar, språk og teknologiar innan eit område i stadig utvikling.
Yrkesvegar
IKT er viktig for produktivitet, konkurranseevne og ei rekke former for nyskaping i samfunnet. Studiet kvalifiserer for arbeid i IKT-bransjen, for eksempel med utvikling og drift av IKT-avdelingar i private og offentlege verksemder. Aktuelle arbeidsoppgåver er utvikling, programmering og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system, utvikling av ny teknologi, samt planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan utnytte IKT. Studiet kan også byggjast ut med eit masterstudium og kvalifisere for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført studium skal ein kandidat kunne bidra til heile prosessen frå brukar- og organisasjonsmessige vurderingar til spesifisering, utforming og implementering av informasjonssystem. Dette inkluderer å kunne delta i større software-utviklingsprosjekt der ein krev kunnskapar om bruk av moderne metodar og verktøy for systemutvikling, programmering og datahandsaming.
Opptakskrav
For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i IKT krev ein generell studiekompetanse eller oppfylte krav til realkompetanse. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.
Rekkefølje for emne i studiet
Bachelorprogrammet i IKT er 3-årig (180 studiepoeng). Graden er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:
- 30 studiepoeng med innføringsemne inkludert Ex.phil.
- 90 studiepoeng med spesialisering i IKT-faglege emne på 100- og 200- nivå, inkludert enkelte valmoglegheiter.
- 60 studiepoeng med valfrie emne.
Gjennom heile studiet vil studentane møte ein kombinasjon av teoretiske og meir praktiske emne. Undervisninga blir gitt som førelesingar, seminar og kollokvier. Gjennom heile studiet vil det bli gitt personleg oppfølging og tilbakemelding på sjølvstendige arbeidsoppgåver.
I det første semesteret tek studentane eit obligatorisk introduksjonskurs - Grunnkurs i informasjonsvitskap (INFO100, 10 stp.). I tillegg tek studentane Grunnkurs i programmering (INF100, 10 stp) samt Ex.phil. (10 stp).
I det andre semesteret tek studentane kursa: Vidaregåande programmering (INF101, 10 stp.), Diskrete strukturar (MNF130, 10 stp.) og Informasjonsystem (INFO110, 10 stp.).
Det tredje semesteret er også normalt delt mellom tre emne: Algoritmar, datastrukturar og programmering (INF102, 10 stp.), Innføring i datahandsaming (INFO122, 10 stp.), og Prosjekt i systemutvikling (INFO210, 10,sp).
Det fjerde semesteret har følgjande tre emne: Datamaskinar og operativsystem (INF110, 10 stp.), Funksjonell Web-design (INF111, 10 sp) og Datanett (INF142, 10 stp.).
I det femte og sjette semesteret er det sett av 60 studiepoeng til valfrie emne. Du kan velje blant 100- og 200-emne ved Institutt for informatikk og Institutt for informasjons- og medievitskap, eller ta fordjuping i andre fag. Studentar som skal ta delstudium i utlandet vert rådd til å gjere dette i det femte og/eller sjette semesteret.
Delstudium i utlandet
Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet som eksisterer mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del av den ordinære verksemda til universitetet. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehand godkjent studieprogram, frå 3 veker til 12 månader, i sitt studium og i sin norske grad.
På bachelorprogrammet i IKT vel vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passer best for våre studentar. På den måten får du tilbod om et tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, 1 år | - | - | ||||||||||
| Førstesemesterstudiet, IKT (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| INF100 | Grunnkurs i programmering (Programmering 1) | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| INFO100 | Grunnkurs i informasjonsvitskap | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Obligatoriske emner for programmet (krav: 95 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| INF101 | Vidaregåande programmering (Programmering 2) | 10 | 2 | |||||||||
| INF102 | Algoritmar, datastrukturar og programmering | 10 | 3 | |||||||||
| INFO110 | Informasjonssystem | 10 | 2 | |||||||||
| INFO122 | Innføring i databasehandtering | 10 | 3 | |||||||||
| INFO210 | Prosjekt i systemutvikling | 10 | 3 | |||||||||
| MNF130 | Diskrete strukturar | 10 | 2 | |||||||||
| INF110 | Datamaskiner og operativsystem | 10 | 4 | |||||||||
| INF111 | Funksjonell Web-design | 10 | 4 | |||||||||
| INF142 | Datanett | 10 | 4 | |||||||||
| Valfrie emne innan bachelorprogrammet i IKT (krav: 55 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| INF121 | Programmeringsparadigme | 10 | 3-6 | 3 | ||||||||
| INFO232 | Programmering for kunstig intelligens | 5 | 3-6 | 3 | ||||||||
| INFO123 | Utvalte emne i databasehandsaming | 5 | 3-6 | 3 | ||||||||
| Permisjon for bachelorstudenter | ||||||||||||