Gå til innhold
Norsk A A A
Universitetet i Bergen
Studieprogram

Bachelorprogram i nye medier

ingressbilde

Presentasjon

Kva må til før Facebook blir eit naturleg verktøy i arbeidskvardagen din? Kven bestemmer kva om publisering på YouTube? Er blogging ei utelukkande positiv demokratisering av internett? Er nettaviser interaktive når dei har kommentarfelt?

Nye medium er baserte på datateknologi og har høve til å vere interaktive. Slik opnar dei for at publikum kan delta i ein dialog. Aviser, fjernsyn og radio tilhøyrer det vi på freidig vis kan kalle «gamle medium». Desse media er baserte på einvegskommunikasjon. På mange måtar går mottakaren si rolle over frå å vere tilskodar til å bli deltakar i dei nye media.

Dei nye media bruker for det meste internett som kommunikasjonskanal mellom publikum og avsendar. Døme på nye medium er e-post, Skype, podcasts, nettby, bloggar, Facebook, mobiltelefoni og onlinespel som World of Warcraft.

Ikkje overraskande oppstår det ei rekkje nye problemstillingar, og ikkje minst moglegheiter, når nye medium gjer sitt inntog. Ytringsfridom, copyright, lovgiving, skikk og bruk, avhengigheit, massedistribusjon, identitet, kommunikasjon, nyskaping, misbruk, verkelegheitsflukt, innovasjon, endeløyse - det finst mykje upløgd mark i faget.

Graden

Bachelorprogrammet i nye medier fører fram til graden bachelor i kultur- og samfunnsvitskap. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Fagleg innhold

Bachelorstudiet i nye medier skal kvalifisere for teoretisk reflektert og praktisk skapande formidlingsverksemd ved hjelp av nye digitale, nettverksbaserte medier. Studiet kombinerer teoretiske, analytiske og praktiske element frå medie- og informasjonsvitskap med nye, tverrfaglege komponentar. Studiet blir gjennomført i nært samarbeid med bachelorprogramma i film- og TV-produksjon og journalistikk.

Fag- og emneval

Bachelorprogrammet i nye medier inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1¿ års studium) med spesialisering. I tillegg til spesialiseringa kjem 30 studiepoeng med hovudvekt på planlegging og gjennomføring av avsluttande produksjonar (bacheloroppgåve). Studiet er sett saman av emne i medie- og informasjonsvitskap, fleire av dei praktisk retta. Derfor krev studiet aktiv deltaking i undervisninga.

Følgjande emne inngår i bachelorprogrammet:

- Grunnkurs i informasjonsvitskap

- Introduksjon til film, tv, journalistikk, og nye medier

- Interaksjonsdesign

- Databasar

- Multimediehandtering

- Nye medier, produksjon og analyse

- Dokumentar og portrett

- Innføring i programmering

Du kan velje inntil 30 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan til dømes vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre samfunnsvitskaplege fag eller fleire medievitskaplege eller informasjonsvitskaplege emne.

Bachelorprogrammet i nye medier kan da sjå slik ut:

1. semester

  • Introduksjon til lm/tv/journalistikk/nye medier (10 sp)
  • Grunnkurs i informasjonsvitskap (10 sp)
  • Ex.phil. (10 sp)

2. semester

  • Nye medier, produksjon og analyse (15 sp)
  • Grunnkurs i programmering (10 sp) og formelle metodar for informasjonsvitskap (5 sp)

3. semester

  • Dokumentar og portrett (15 sp)
  • Databasar (15 sp)

4. semester

  • Interaksjonsdesign (15 sp)
  • Multimediehandtering (15 sp)

5. semester

  • Valfritt/delstudium i utlandet
  • Valfritt/delstudium i utlandet

6. semester

  • Bacheloroppgåve i nye medier (30 sp)

TOTALT: 180 studiepoeng (3 år)

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. I bachelorprogrammet i nye medier vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet er lagt til det femte semesteret i programmet.

Vidare studium

Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterprogramma i informasjonsvitskap eller medievitskap dersom du under dei valfrie studiepoenga veljar ei fordjuping i ei av disiplinane. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid, oppgåveskriving og aktiv deltaking i undervisninga.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i nye medier set deg i stand til sjølvstendig arbeid med formidling og kommunikasjon ved hjelp av avanserte dataverktøy og digitale, nettverksbaserte medier i både privat og offentleg sektor, frå kommersielle medier til museumssektoren, frå målretta problemløysing til kunstnarisk verksemd. Programmet samarbeider med studieprogramma i film/tv og journalistikk, og gjennom studiet blir du stilt overfor svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:

www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i nye medier.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Nye reglar for utrekning av poeng gjer fjorårets poenggrensar mindre relevante for årets opptak enn normalt. Vi reknar med at poenggrensene blir lågare enn i fjor fordi det blir tildelt færre poeng totalt.

Ei liste over poenggrensene for 2008 finn du under menypunktet "Opptak" / "Opptak gjennom Samordna opptak"

Antall studieplasser

20 (talet på studieplassar kan bli justert).

Overgangsordninger

Det er mogleg å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no.

Meir infomasjon

Ønskjer du å vite meir, sjå studere.uib.no/mediefag eller ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50

Institutt for informasjons- og medievitskap
studierettleiar.praktiskinfomedia@uib.no
55 58 91 00

Undervisning

Bachelorprogrammet i nye medier er 3-årig (180 studiepoeng). Graden er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:

  • 30 studiepoeng med innføringsemne, inkludert Ex.phil.
  • 90 studiepoeng med spesialisering i informasjons- og medievitskapelege emne samt direkte produksjonsorienterte emne på 100- og 200-nivå
  • 30 studiepoeng innan ei valfri spesialisering anten i informasjons- eller medievitskap jf pkt 8. Tilleggsopplysningar.
  • 30 studiepoeng til avsluttande produksjonar (bacheloroppgåve)

Ein legg opp til eit studium som har både produksjonsretta og teoretiske modular.

I det første semesteret gjennomfører studentane eit obligatorisk, felles introduksjonskurs i film, tv og nye medier (MEVI106) saman med studentane ved bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon. Kurset gir 10 studiepoeng. I tillegg tek studentane introduksjonskurs på institutt- og fakultetsnivå: INFO100 (10 stp) og Ex.phil (10 stp).

I det andre semesteret tek studentane fire kurs: Eit i formelle metodar (INFO102 Formelle metodar i informasjonsvitskap), som gir 5 studiepoeng og eit 10-poengs kurs i programmering (INFO132 Grunnkurs i programmering). Vidare tek dei to praktisk retta kurs: Eit teknisk kurs i (MEVI172 Teknisk grunnkurs nye medier), som gir 5 studiepoeng, og der studentane får høve til å spesialisera seg i ulike felt/arbeidsoppgåver innan nye medier, samt eit 10-poengs kurs (MEVI171 Nye medier: produksjon og analyse) som ein tek saman med studentane ved bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon, i samarbeid med emnet MEVI154 Nyheitsjournalistikk ved bachelorprogrammet i journalistikk.

I det tredje semesteret følgjer studentane MEVI153 Manuskript og medier (15 studiepoeng), INFO122 Databasehandtering (10 studiepoeng) og INFO123 Utvalte emne i databasehandtering (5 studiepoeng).

I det fjerde semesteret gjennomfører studentane to obligatoriske 15 studiepoengs kurs, INFO221 Multimediehandtering og INFO261 Interaksjonsdesign.

I det femte semesteret kan studentane fritt velje ei spesialisering tilsvarande til saman 30 studiepoeng. Studentar som skal ta delstudium i utlandet, bør gjere det i dette semesteret.

Det sjette semesteret arbeider studentane med ei bacheloroppgåve (30 studiepoeng). Oppgåva rommar både praktisk og teoretisk arbeid.

Studiegang

1. semesterMEVI106 Introduksjon til film, tv og nye medier (10 stp)INFO100 Grunnkurs i informasjonsvitskap (10 stp) Ex.phil. (10 stp)2. semesterMEVI172 Teknisk grunnkurs nye medier (5 stp)MEVI171 Nye medier: produksjon og analyse (10 stp)INFO102 Formelle metodar i informasjonsvitskap (5 stp)INFO132 Grunnkurs i programmering (10 stp)3. semesterMEVI153 Manuskript og medier (15 stp)INFO122 Databasehandtering (10 stp)INFO123 Utvalte emne i databasehandter (5 stp)4. semesterINFO261 Interaksjonsdesign (15 sp)INFO221 Multimediehandtering (15 stp) 5. semesterValfritt/delstudium utanlandsValfritt/delstudium utanlands6. semesterMEVI270 Bacheloroppgåve i nye medier (30 stp)

Tilleggsopplysningar

  • Ein bachelorgrad i nye medier kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i informasjonsvitskap og medievitskap, samt masterstudiet i screenwriting for film/tv og nye medier.
  • For å kvalifisere til opptak til masterstudiet i medievitskap må studentane i den valfrie delen av studiet ta 30 studiepoeng i medievitskaplege emne (MEVI103 Medietekstar: teori og analyse, MEVI104 Medier, representasjon og identitet, MEVI211 Pressehistorie eller INFOMEVI201 Teknologi, kultur og samfunn).
  • For å kvalifisere til opptak til masterstudiet i informasjonsvitskap, må studentane i den valfrie delen av studiet ta 15 studiepoeng i systemutvikling - INFO210 Systemutvikling (10sp) og INFO214 Utvalde emne i systemutvikling (5 sp), eller tilsvarande. I tillegg rår ein sterkt til at INFOMEVI201 Teknologi, kultur og samfunn vert teke under den valfrie delen av bachelorstudiet, eller at studenten vél eit tilsvarande kurs under eit evt. utanlandsstudium.
  • Den pedagogiske utforminga av dei ulike kursa vil vere avhengig av ressurssituasjonen ved instituttet.
  • Studiekrav og/eller eksamensformer på studieprogrammet og/eller på enkeltkurs kan bli endra som følgje av vedtak i fakultetsstyret og/eller gjennom forsøksordningar med dispensasjon frå det gjeldande reglementet.

Reglement

PRODUKSJONSRETTAR

For alle produksjonar laga som ledd i utdanninga, eller som er laga heilt eller delvis med utstyr som tilhøyrer Universitetet i Bergen, gjeld følgjande:

a) Studentane har opphavsretten til produksjonane, og dei har rett til fritt å nytte desse i ikkje-kommersielle føremål.

b) Universitetet i Bergen står som ansvarleg produsent av alle produksjonar, og har såleis alle økonomiske rettar til produksjonane.

c) Distribusjon av produksjonar, samt fordeling av eventuelle inntekter, skjer etter reglar som blir nærmare fastsette av Institutt for informasjons- og medievitskap.

Krav til forkunnskaper

Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.

Mål og innhald

Bachelorstudiet i nye medier skal kvalifisere for teoretisk reflektert, praktisk, skapande formidlingsverksemd ved hjelp av nye digitale, nettverksbaserte medier. Studiet kombinerer teoretiske, analytiske og praktiske element frå medie- og informasjonsvitskap med nye, tverrfaglege komponentar og blir gjennomført i nært samarbeid med bachelorprogramma i film/tv og journalistikk.

Yrkesvegar

Bachelorstudiet i nye medier kvalifiserer studentane til sjølvstendig arbeid med formidling og kommunikasjon ved hjelp av digitale, nettverksbaserte medier i både privat og offentlig sektor, frå kommersielle medier til museumssektoren, frå målretta problemløysing til kunstnarisk verksemd. Samarbeidet med dei praktisk orienterte studia i film/tv og journalistikk bidrar også til å sikre at studentane er godt førebudde på svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver.

Delstudium i utlandet

Dersom studentar ønskjer å ta delstudium i utlandet, rår vi dei til å gjere det i det femte semesteret.

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet som eksisterer mellom dei nordiske universiteta og universiteta i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del den ordinære verksemda til universiteta. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehand godkjent studieprogram, frå 3 veker til 12 månader, i sitt studium og i sin norske grad.

I bachelorprogrammet i nye medier vel vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden.

SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
BASV-NYMED/Bachelorprogram i nye medier
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 år - -
Førstesemesterstudiet, nye medier (krav: 30 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum 10 1-6 1
INFO100 Grunnkurs i informasjonsvitskap 10 6 1
MEVI106 Introduksjon til film, tv og nye medier 10 1-6 1
Obligatoriske emner i studieprogrammet (krav: 120 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INFO102 Formelle metodar for informasjonsvitskap 5 1-6 2
INFO123 Utvalte emne i databasehandsaming 5 1-6 3
INFO132 Grunnkurs i programmering 10 1-6 2
INFO221 Multimediahandsaming 15 1-6 4
INFO261 Interaksjonsdesign 15 1-6 4
MEVI153 Manuskripter og medier 15 1-6 3
MEVI171 Nye medier: produksjon og analyse 10 1-6 2
MEVI172 Teknisk grunnkurs nye medium 5 1-6 2
INFO122 Innføring i databasehandtering 10 1-6 3
MEVI270 Bacheloroppgave i nye medier 30 1-6 6
Valgfrie emner (krav: 30 SP)
Velg fritt blant emner som til sammen utgjør 30 studiepoeng
Permisjon for bachelorstudenter