Bachelorprogram i sosiologi
Programmet tilbys av
Presentasjon
Kvifor ser ein på asylsøkjarar og andre immigrantar som ein trussel og eit problem? Kvifor vel gutar og jenter ulik utdanning og yrke? Kvifor er det så vanskeleg å gjere noko med fattigdommen i verda?
Sosiologi er vitskapen om samfunnslivet. Sosiologar studerer relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap: mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale plan.
Vi menneske handlar ofte etter mønster som er uavhengig av oss sjølve, samtidig som vi kan endre desse vilkåra gjennom handlingane og reaksjonane våre. Sosiologar arbeider med å forklare og fortolke korleis vi blir forma av samfunnstilhøva. Det kan dreie seg om alt frå analyse av møte mellom enkeltindivid til gransking av globale sosiale prosessar. Du lærer om aktuelle problemstillingar som endringsprosessar i familieliv, utdanning og arbeidsliv, velferdsstaten og offentlege omsorgstenester, klassebestemte og etniske relasjonar, og om forholdet mellom økonomi og samfunn.
Graden
Bachelorprogrammet i sosiologi fører fram til graden bachelor i kultur- og samfunnsvitskap. Studiet er treårig (180 studiepoeng).
Fagleg innhold
Sosiologi er vitskapen om samfunnslivet i vid forstand. Sosiologar studerer relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap; mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale plan. Sosiologar er opptekne av at menneskelege aktivitetar og handlingar gjerne har eit mønster eller ein struktur som er relativt uavhengig av enkeltindivida. Sosiologar arbeider med å forklare og fortolke korleis menneska blir forma av samfunnstilhøve, samtidig som dei sjølve kan endre desse vilkåra gjennom handlingane og reaksjonane sine. Sosiologiske studium kan dreie seg om alt frå analyse av møte mellom enkeltindivid, til gransking av globale sosiale prosessar.
I undervisninga og forskinga i fagmiljøet har dimensjonane kjønn, makt og ulikskap stått sentralt. I tillegg arbeider vi mykje med institusjonell endring, globalisering, livsløp og modernisering. I undervisninga lærer du om aktuelle problemstillingar i forskinga ved instituttet, som f.eks. endringsprosessar i familieliv, utdanning og arbeidsliv, velferdsstat og offentlege omsorgstenester, klassebestemte og etniske relasjonar, og forholdet mellom økonomi og samfunn.
Fag- og emneval
Bachelorprogrammet i sosiologi skal innehalde minimum 20 og maksimum 30 studiepoeng med innføringsemne. Vi rår deg til å studere emna invitasjon til sosiologi (SOS100) og samfunnsvitskaplege tenkjemåtar (SV100) i tillegg til ex.phil. det første semesteret. Vidare skal programmet innehalde 90 studiepoeng (1¿ års studium) med spesialisering innanfor sosiologi. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Du som ønskjer ein bachelorgrad i sosiologi må avleggje eksamen i følgjande emne:
- Individ og samfunn
- Samfunnsstrukturar i endring
- Sosiologiske perspektiv og teoritradisjonar
- Samfunnsvitskapleg metode
- Bacheloroppgåve
I tillegg må du velje eitt fordjupingsemne, for eksempel:
- Arbeid under kapitalismen
- Økonomisk sosiologi
- Utdanning og samfunn
- The Scandinavian Welfare Model and Gender Relations
- Familien i endring
- Internasjonal migrasjon og etniske relasjonar
- Velferd og ulikskap
- Social Inequality in Europe
Eit sentralt element i spesialiseringa i faget, er planlegging og gjennomføring av ei bacheloroppgåve. Du foreslår sjølv tema for oppgåva, og du vil få rettleiing undervegs i arbeidet.
Dei siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er frie studium, som det ikkje vert stilt krav til samansetjinga av. Du kan velje emne frå andre fag ved universitetet, eller frå utanlandske universitet. Det er også mogleg å supplere med fleire emne frå sosiologi. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, under føresetnad av at desse emna ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.
Bachelorprogrammet i sosiologi kan da sjå slik ut:
1. semester
- Ex.phil.
- SOS100
- SV100
1¿ år
- Spesialiseringsfag i sosiologi (60 sp)
1 år
- Frie fagemne (60 sp)
¿ år
- Spesialiseringsfag i sosiologi, 200 nivå (30 sp)
TOTALT: 180 studiepoeng (3 år)
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Bachelorprogrammet i sosiologi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.
Vidare studium
Bachelorprogrammet i sosiologi kvalifiserer for eit toårig masterprogram i sosiologi. Masterstudiet i sosiologi skal gi solid innsikt i ulike arbeidsfelt innan faget, samt i teoriar og metodar. Du vil få spesialiserte kunnskapar og analytiske reiskapar for undervisning, utgreiings- og forskingsoppgåver, og for arbeid innan administrasjon og planlegging. Dette skjer først og fremst gjennom arbeid med ei masteroppgåve, som er ei større vitskapleg avhandling, men også ved deltaking på ulike kurs og seminar.
Yrkesvegar
Sosiologar er kvalifiserte for arbeid med planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd, informasjonsarbeid, personaladministrasjon og organisasjonsutvikling, og forsking og undervisning på universitet og høgskolar. Med rett samansetjing av fagemne blir du også kvalifisert til å undervise i skoleverket. Sosiologar arbeider i den offentlege forvaltinga så vel som i det private næringslivet.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i sosiologi.
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Poenggrense ved siste opptak
Nye reglar for utrekning av poeng gjer fjorårets poenggrensar mindre relevante for årets opptak enn normalt. Vi reknar med at poenggrensene blir lågare enn i fjor fordi det blir tildelt færre poeng totalt.
Ei liste over poenggrensene for 2008 finn du under menypunktet "Opptak" / "Opptak gjennom Samordna opptak"
Antall studieplasser
75 (talet på studieplassar kan bli justert).
Overgangsordninger
Det er mogleg å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no.
Meir infomasjon
Ønskjer du å vite meir, sjå studere.uib.no/samfunn eller ta kontakt med studierettleiar!
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50
Sosiologisk institutt
studierettleiar@sos.uib.no
55 58 21 75
Fageining og spesialisering
Bachelorprogrammet i sosiologi er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalda inntil 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil og 90 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor sosiologi eller ein godkjend fagkombinasjon. Alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga kan veljast frå andre fag. Du vel emnekombinasjonar blant dei tilboda som til einkvar tid vert gitt, og/eller emne som er godkjende som likeverdige. Eit fullført bachelorprogram fører fram til bachelorgrad.
Mål og innhald
Sosiologi er vitskapen om samfunnslivet i vid forstand. Sosiologar studerer relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap, mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale plan. Sosiologar er opptekne av at menneskelege aktivitetar og handlingar gjerne har eit mønster eller ein struktur som er relativt uavhengig av enkeltindivida. Sosiologar arbeider med å forklara og fortolka korleis menneska vert forma av samfunnstilhøve, samstundes som dei sjølve kan endra desse vilkåra gjennom handlingane og reaksjonane sine. Sosiologiske studium kan dreia seg om alt frå analyse av møte mellom enkeltindivid til gransking av globale sosiale prosessar.
Ved Sosiologisk institutt i Bergen har forsking og undervisning som er knytt til kjønn, makt og ulikskap lange tradisjonar. I tillegg arbeider me mykje med institusjonell endring, globalisering, livsløp og modernisering. I undervisninga vert studentane gjort kjent med aktuelle problemstillingar ved endringsprosessar innan familie og familieliv, utdanning og arbeidsliv, velferdsstat og offentlege omsorgstenester, innan klassemessige og etniske relasjonar, og i forholdet mellom økonomi og samfunn.
Innføringsemne
Ex.phil. og innføringsemne for programmet, instituttet anbefaler SOS100 og SV100.
Obligatoriske aktivitetar
Eit sentralt element i spesialiseringa i faget er planlegging og gjennomføring av ei bacheloroppgåve. Du vel sjølve tema for oppgåva, og du vil få rettleiing undervegs i arbeidet.
Yrkesvegar
Sosiologar er kvalifiserte for arbeid med planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd, informasjonsarbeid, personaladministrasjon og organisasjonsutvikling, forsking og undervisning på universitet og høgskular. Med rett samansetjing av fagemne blir du også kvalifisert til å undervisa i skuleverket. Sosiologar arbeider både innan offentleg forvaltning så vel som i det private næringsliv.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, 1 år | - | - | ||||||||||
| Førstesemesteremner ved SV | ||||||||||||
| Ex.phil. og ett innføringsemne er obligatorisk for å oppnå en bachelorgrad. De fleste studieprogram anbefaler i tillegg ett ekstra innføringsemne som en integrert del av førstesemesterstudiet sitt. NB! Husk at exfac/innføringsemner fra andre studieprogram gir fritak. | ||||||||||||
| Exphil (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Velg mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil. | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-SVSEM | Examen philosophicum | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-SVEKS | Examen philosophicum | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Innføringsemner ved SV (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Du kan ha maksimalt 20 studiepoeng innføringsemner i tillegg til ex.phil. | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SV100 | Samfunnsvitskaplege tenkemåtar | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| AORG100 | Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| ECON100 | Innføring i samfunnsøkonomi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| GEO100 | Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| GLOB101 | Global utvikling | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| INFO100 | Grunnkurs i informasjonsvitskap | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MEVI100 | Introduksjon til media og kommunikasjon | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| SAMPOL100 | Innføring i sammenliknende politikk | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| SOS100 | Invitasjon til sosiologi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| SANT100 | Invitasjon til sosialantropologi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering i sosiologi (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Obligatoriske emner (krav: 75 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MET102 | Samfunnsvitskapleg metode | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SOS103 | Samfunnsstrukturer i endring | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| SOS101 | Individ og samfunn | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SOS201 | Sosiologiske perspektiv og teoritradisjonar | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| SOS202 | Bacheloroppgåve | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Valgemner (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Du må velge ett av emnene SOS104-111 i tillegg til de obligatorsike emnene for å få en bachelorgrad i sosiologi. | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SOS104 | Helse og globalisering | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| SOS105 | Arbeid under kapitalismen | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SOS106 | Økonomisk sosiologi | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| SOS107 | Urban Sociology | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SOS108 | Utdanning og samfunn | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| SOS109 | The Scandinavian Welfare Model and Gender Relations | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SOS110 | Global Dynamics: Development, Migration and Social Movements | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| SOS111 | Familien i endring | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| SOS112 | Internasjonal migrasjon og etniske relasjoner | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| SOS113 | Velferd og ulikhet | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| SOS114 | Social Inequality in Europe | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Valgfrie emner (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Velg fritt blant emner som til sammen utgjør 60 studiepoeng | ||||||||||||
| Permisjon for bachelorstudenter | ||||||||||||