Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Integrert masterprogram i rettsvitskap

ingressbilde

Programmet tilbys av

Introduksjon

Kan ein saksøkje sjukehuset dersom ein blir gravid etter ein steriliseringsoperasjon? Når kan ein bruke tvang for å behandle rusmisbrukarar? Kven kan straffast dersom olje lek ut og forureinar kysten vår?


Kvar einaste dag dukkar det opp rettslege spørsmål i samfunnsdebatten. Det kan dreie seg om menneskerettar, straff, skattereglar, miljø og IT. Dette er spørsmål som engasjerer dei fleste, og som juristar jobbar med.

Det er vanskeleg å tenkje seg eit velfungerande samfunn utan rettsreglar. Retten slår fast korleis borgarane skal opptre i ulike samanhengar, noko som heng nært saman med politikk og moral. Her er juristane viktige aktørar.

Noko av det viktigaste du lærer på studiet er å tolke og bruke rettskjeldene på riktig måte for å nå fram til haldbare resultat. I juridiske tvilstilfelle finst det ikkje alltid fasitsvar. Her må ein ofte byggje på verdiar i samfunnet og rettskulturen for å finne ei best mogleg løysing. Du vil lære å løyse konkrete rettsproblem, og bli i stand til å argumentere og leggje fram ei sak på ein god og overtydande måte.

Studievegar

Profesjonsstudium

Det integrerte masterprogrammet i rettsvitskap er eit femårig studium. Alle studentane tek i utgangspunktet dei same emna i same rekkjefølgje. Det eine emnet byggjer på det andre, og du får ein jamn progresjon gjennom heile studiet. Studiet byggjer på problembasert læring. Du vil lære å jobbe sjølvstendig og i grupper. Studiekvardagen består av alt frå obligatorisk undervisning som forelesingar og seminar, til kollokvium, innlevering av oppgåver, sjølvstudium og eksamenar.

Forsking

Det juridiske fakultet har forskingskompetanse innanfor alle sentrale juridiske emne. Fagmiljøet er blant dei leiande i Norden innanfor strafferett, straffeprosess og politirett, og har sterk kompetanse i sentrale formuerettslege fag, forvaltingsrett, internasjonal privatrett og rettsteori og rettsfilosofi. I tillegg blir det satsa på å utvikle forskingsmiljø innanfor konkurranserett og energi- og ressursforvaltingsrett. Demokrati og rettsstat er eit tverrfagleg forskingsområde ved UiB der fakultetet er sterkt involvert.


Visste du at ...

Meir enn kvar tredje jusstudent reiser på utveksling. Dei studerer til dømes EU-rett i Brüssel, miljørett på New Zealand, opphavsrett i Paris, menneskerettar i Lancaster eller konfliktløysing i USA.

Oppbygging

Studiet byggjer på problembasert læring. Dei to første åra er studentane delte inn i arbeidsgrupper som møtast kvar veke for å løyse ei gitt oppgåve. Kvar enkelt student skal skrive eit sjølvstendig svar som dei får tilbakemeldingar på.

På fjerde eller femte studieåret kan du velje emne etter eigne interesser. Du skal også skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. I løpet av denne perioden har du høve til å reise på studieopphald i utlandet.

Det første semesteret går ex.phil. og ex.fac. parallelt fram til oktober/november. Vi gjer merksam på at studentar som har examen philosophicum og examen facultatum frå før, berre får 10 studiepoeng i haustsemesteret. Emnet i forvaltingsrett I byrjar i månadsskiftet oktober/november og endar med eksamen i januar.

Utveksling

Det finst mange alternativ for deg som ønskjer å studere eit semester eller to ved eit universitet i utlandet. På det integrerte masterprogrammet i rettsvitskap kan du reise på utveksling i det fjerde eller femte studieåret. I løpet av studieopphaldet kan du ta valfrie emne, eller skrive masteroppgåva di.

Vi har vald ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar, og vi har mange utvekslingsavtaler som du kan dra nytte av. Meir enn 1/3 av studentane ved jusstudiet reiser på utveksling.

Kva med å studere EU-rett i Brüssel, miljørett på Auckland eller i Reykjavik, opphavsrett i Paris, menneserettar i Lancaster eller konfliktløysing i Hamline, USA? Du kan velje mellom nærare 100 universitet i heile Europa og dessutan Hong Kong, Sør-Afrika, Australia, New Zealand og USA.

Yrkesvegar

Få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som juristutdanninga. Vi finn juristar overalt i arbeidslivet og det vil alltid vere stor etterspørsel etter dei med juridisk utdanning.

Medan fleire juristar går inn i næringslivet, f.eks. innan bank, forsikring, varehandel, industri eller skipsfart, jobbar andre innanfor offentleg forvalting som i NAV, Skatteetaten og Konkurransetilsynet. Departementa og politiet er populære og viktige arbeidsgivarar for juristar. Andre aktuelle arbeidsplassar er mediebransjen og organisasjonslivet. Du kan dessutan arbeide med forsking og undervisning ved universitet og høgskolar.

Du kan også bli dommar eller gå inn i advokatyrket. Det er berre juristar (advokatar) som har løyve til å drive profesjonell rettshjelp og føre saker for domstolane. For å få tittelen advokat og bevilling til å arbeide som advokat, må du ta eit obligatorisk advokatkurs. Du må også ha to års godkjend juridisk praksis, vanlegvis som advokatfullmektig, dommarfullmektig eller politifullmektig.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: http://www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til integrert masterprogram i rettsvitskap.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode norskkunnskapar er ein fordel, då du som jusstudent heile tida brukar det norske språket aktivt.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær kvote: 54,5

Førstegangsvitnemål: 50,0

 

 

Antall studieplasser

380

Meir infomasjon

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.jurfa@uib.no
55 58 95 00

Undervisning

Profesjonsstudiet i rettsvitskap byggjer på ein kursmodell.

Dette inneber at alle studentane i utgangspunktet tek dei same faga/kursa i same rekkjefølgje, slik desse blir gjennomførte i det enkelte studieåret. På denne måten byggjer det eine faget på det andre, og det blir jamn progresjon gjennom heile studiet. Prøvinga av studentane skjer på kvart enkelt fag eller kurs. For å få godkjent lukka kurs, må du som hovedregel ha oppfylt krava i studieplanen om å vera til stades på samlingar, levera oppgåver, med meir.

MAJUR/Masterstudiet i rettsvitenskap
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Innføringsemner, Masterstudiet i rettsvitenskap (krav: 20 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC Juridisk forprøve 10 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-JUEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1
EXPHIL-JUSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1
Første studieår, Masterstudiet i rettsvitenskap (krav: 40 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
JUS111 Forvaltningsrett I 10 1
JUS112 Arve- og familierett 12 2
JUS113 Kontraktsrett I 10 2
JUS114 Juridisk metode 8 2
Andre studieår, Masterstudiet i rettsvitenskap (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
JUS124 Tingsrett 13 3
JUS123 Forvaltingsrett II 17 4
JUS121 Norske og internasjonale rettslege institusjonar 17 3-4 3
JUS122 Skadebot 13 3
Tredje studieår. Masterstudiet i rettsvitenskap (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
JUS131 Kontraktsrett II 15 5
JUS132 Pengekravsrett 10 5
JUS133 Rettskjelde- og metodelære 10 6
JUS134 Rettshistorie og komparativ rett 10 6
JUS135 Rettsstat og menneskerettar 15 5-6 5
Fjerde studieår. Masterstudiet i rettsvitenskap. (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
JUS241 Strafferett 20 7
JUS242 Rettargang 20 7
JUS243 Allmenn formuerett 20 8
Femte studieår. Masterstudiet i Rettsvitenskap (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
JUSETIKK Kurs i etikk for jusstudentar 0 7-10 10
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 år - -
Masteroppgave. Masterstudiet i rettsvitenskap (krav: 30 SP)
    Vel eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
JUS398 Masteroppgåve 60 7-10 10
JUS399 Masteroppgåve 30 7-10 10
Spesialemner. Masterstudiet i rettsvitenskap (krav: 30 SP)
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
JUS329 Universitetspedagogisk rettleiing 15 7-10 9
JUS330 Forhandsgodkjent Prosedyrekonkurranse 15 7-10 9
JUS250-2-A Rett til helsehjelp og sosiale ytingar 10 7-10 9
JUS250-2-B Autonomi og tvang i helse- og sosialsektoren 10 7-10 9
JUS250-2-C Human Rights and the Welfare State 10 7-10 9
JUS251-2-A Arbeidsrett I 10 7-10 9
JUS251-2-B Arbeidsrett II 10 7-10 9
JUS253-2-A Kommunalrett I 10 7-10 9
JUS253-2-B Kommunalrett II 10 7-10 9
JUS254-2-A Politirett 20 7-10 9
JUS255-2-A Påtalerett 10 7-10 9
JUS256-2-A Skatterett I 10 7-10 9
JUS256-2-B Skatterett II 10 7-10 9
JUS257-2-A Grunnleggande selskapsrett 10 7-10 9
JUS257-2-B Aksjeselskapsrett - fordjuping 10 7-10 9
JUS258-2-A Norsk konkurranserett 10 7-10 9
JUS258-2-B Competition Law 10 7-10 9
JUS259-2-A Internasjonal privatrett 10 7-10 9
JUS260-2-A Design- og patentrett 10 7-10 9
JUS260-2-B Opphavsrett 10 7-10 9
JUS260-2-C Kjenneteiknsrett 10 7-10 9
JUS260-2-D Marknadsføringsrett 10 7-10 9
JUS261-2-A Konfliktmekling 20 7-10 9
JUS262-2-A Trygderett 10 7-10 9
JUS263-2-A Børs- og verdipapirrett 10 7-10 9
JUS270-2-A Economic Analysis of Law 20 7-10 9
JUS271-2-A Energy Law 10 7-10 9
JUS272-2-A American Law 10 7-10 9
JUS273-2-A Legal Philosophy 10 7-10 9
JUS273-2-B Rettsteori 10 7-10 9
JUS273-2-C Law and Justice 10 7-10 9
JUS274-2-A Comparative Company Law & Economics 1: Theory and Structure 20 7-10 9
JUS275-2-A Terrorism in International and European Criminal Law 10 7-10 9
JUS276-2-A Human Rights Law: Special Focus on Economic, Social and Cultural Rights 20 7-10 9
JUS277-2-A Introduction to Copyright Law 5 7-10 9
JUS277-2-B International Copyright Law 10 7-10 9
JUS278-2-A Comparative Private Law 10 7-10 9
JUS279-2-A Transnational Commercial Law I 10 7-10 9
JUS279-2-B Transnational Commercial Law II 10 7-10 9
JUS280-2-A Alternative Dispute Settlements 10 7-10 9
JUS325 Rettshjelp - valemne 30 7-10 8
JUS281-2-A Comparative Constitutional Law 10 7-10 9
JUS282-2-A International Business Contracts: Structures, Negotiation, Conflict Avoidance and Resolution 10 7-10 9
JUS283-2-A Arbitration Theory and Practice 20 7-10 9
JUS2FRI Kan ta særskilt valgemne jus - 7-10 9
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -