Toårig masterprogram i rettsvitskap
Fakta om studiet
| Studiekode | MAJUR-2 |
| Studiepoeng | 120 |
| Varigheit | 2 år |
| Grad | Master i rettsvitskap |
| Undervisingsspråk | Norsk. |
| Studiestart | Haust. |
| Ressursar | Studieplan |
| Tilhører | Det juridiske fakultet |
Presentasjon
Studiestart - semester
Haust.
Mål og innhald
Studiet er på tilsaman 120 studiepoeng (to årseiningar). I dette inngår eit sjølvstendig skriftleg arbeid på normalt 30 studiepoeng (masteroppgåve). Etter søknad kan masteroppgåva vere på 60 studiepoeng.
Studiet byggjer på problembasert læring. På andre studieåret kan ein velje emne etter eigne interesser. Ein skal også skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. I løpet av denne perioden har ein høve til å reise på studieopphald i utlandet.
Opptak
Studiestart - semester
Haust.
Opptakskrav
Bachelorgrad i jus/rettsvitskap, med faginnhald som oppfyller alle faglege krav i dei tre første åra i masterstudiet i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet i Bergen, med karakteren C eller betre i snitt.
30 studieplassar.
Utveksling
Delstudium i utlandet
Emne som svarar til spesialemne og masteroppgåve kan takast i utlandet. Fakultetet har ei rekkje avtalar med utanlandske lærestader.