hia
hib
hiaa
hsf
hsh
himolde
hivolda
uib
uis

Høgskulane i VNN-FU Kontaktpersonar ved høgskulane Styret og tilsette i VNN-FU

Kva er Vestnorsk nettverk - forskarutdanninga?

Retningsliner for VNN-FU opptak til organisert forskarutdanning ved UiB

Studieplan og reglement PhD-kurs i vitskapsteori 2007

Historikk - tidlegare kurs

 

Vestnorsk nettverk - forskarutdanninga

VNN-FU er eit samarbeid mellom universiteta og høgskulane på Vestlandet med forskarutdanning retta mot vitskapleg tilsette ved høgskulane som fokus.

Mål - kompetanseheving og forskingssamarbeid mellom institusjonane i VNN.

 

Kurs i vitskapsteori

VNN-FU tilbyr i 2008 kurs i vitskapsteori på 7,5, 10 og 15 studiepoeng. Kurset er eit sjølvstendig kompetansehevande tiltak, og vil kunne gå inn som del av opplæringsdelen i PhD-utdanninga. Kurset er retta mot tilsette ved høgskulane i Vestnorsk nettverk. Utlysing, søknad og prioritering skjer via eigen høgskule.

Informasjon om kurs i vitskapsteori 2008 finn du her: Utlysing kurs i vitskapsteori 2008

 

PhD-utdanning

Høgskulane prioriterer søkjarar ut frå eigne strategiplanar, og finansierer kandidatene i form av lønn eller stipend. Første året går med til å sette kandidaten i kontakt med relevant forskingsmiljø ved UiB. Kandidaten skal inngå kontrakt med rettleiar og saman med denne utarbeide prosjektbeskrivelse og sende søknad om opptak ved aktuelt fakultet. Første året reknar ein 25 % arbeidsmengde, etter opptak ved fakultet krever PhD-reglementet minimum 50 % arbeidsmengde (minst 75 % vert tilrådd med full tid siste året).

Ein søker å knyte kandidatane til gode forskingsmiljø ved UiB, med medrettleiar ved fagmiljø ved eigen høgskule. Det institusjonelle samarbeidet opnar også opp for at hovudrettleiar kan sitje ved kandidaten sin egen høgskule. Ein forutset då at fagmiljøet held høg kvalitet og at det vert oppretta kontakt med relevant fakultet og fagmiljø ved UiB gjennom medrettleiar ved aktuelt fakultet.

I 2005 vart 26 kandidater tatt opp i VNN-FU PhD-utdanninga, for 2006 vart opptaket avgrensa til 4 kandidatar. For 2007 er det teke opp 5 kandidatar.

Utlysing til PhD-utdanninga for 2008 finn du her: PhD-utdanning 2008

   

Mi Side Lenker til aktuelle PhD-kurs Lenker til FoU-sider

Postadresse: Universitetet i Bergen, VNN-FU, Senter for vitskapsteori, P.b. 7800, 5020 BERGEN.
Besøksadresse: Allegt. 32, 3.etg. Tel. : (+47) 55 58 29 87. Fax: (+47) 55 58 96 65.
E-post: june-vibecke.indrevik@svt.uib.no