|
||||||||||||||
Bli i stand til å arbeida vitskapleg med historiske syntaktiske data, ved m.a.
Studentar med studierett på program eller enkeltemne må kvart semester melda seg på undervisninga i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbod og opptak til studieprogram, eller om opptak til enkeltemne med ledig kapasitet.
Det er ikkje mogeleg å ta dette emnet som privatist. Berre studentar med undervisningsopptak til emnet kan delta i undervisninga og framstelle seg til eksamen.
NOR2111 Syntaks og morfologi eller LING1102 Syntaks og semantikk eller tilsvarende.
Undervisninga går over heile semesteret i samsvar med § 4.1 i Forskrift om studium og eksamenar ved Universitetet i Oslo.
Ein student som har fått gjennomført og godkjent obligatorisk undervisning har ikkje krav på ny undervisning. Ein student som har fått undervisningsrett til eit emne, men ikkje har gjennomført og/eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har rett til ny undervisning, men fyrst når kapasitetsomsyn gjer det mogleg.
Eksamen er ei munnleg prøve i slutten av semesteret som blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
Det er vanlegvis mogleg å svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst retter du til kontaktpunkt for emnet. Om bruk av målform i eksamensoppgåver, sjå § 5.4 i Forskrift om studium og eksamenar ved Universitetet i Oslo.
Prestasjonen til studenten blir vurdert ut frå ein gradert bokstavkarakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. jf. § 6.1 om karaktersystemet i Forskrift om studium og eksamenar ved UiO.
Ein student kan klage på karakterfastsetjinga og/eller formelle feil ved eksamen.
Studentar som på grunn av gyldig fråvær (sjukdom o.l.) ikkje har kunna gjennomføre ordinær eksamen, kan søkje om å få avleggje utsett eksamen. Utsett eksamen blir halden anten seinare i same semester eller tidleg i semesteret etter ordinær eksamen. Dokumentasjon på gyldig fråvær må leggjast ved søknad om utsett eksamen, jf § 5.5 i Forskrift om studium og eksamenar ved UiO.
Studentar som har stroke på eksamen, og studentar som ønskjer å forbetre sin opphavlege karakter, får ikkje høve til å ta utsett eksamen, men må ta eksamen neste gong det blir halde ordinær eksamen i emnet.
Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblemer som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.
Besøksadresse:
Henrik Wergelands hus, 1. etg.
Postadresse:
Postboks 1102 Blindern
0317 Oslo
Ekspedisjonstid:
12:30 - 15:00