Tromsøflaket, avis for Universitetet i Tromsø

Gi oss jobb, så kjem me heim!

Dei er unge jenter frå distriktet som valte fiskeriutdanning for å kunne vende attende til heimbygda. - Korleis kan me komme attende når det ikkje er jobb til oss der? spør Bente Olsen og Ingunn Strømmesen, begge 25 år og snart ferdige med fiskerikandidatstudiet ved NFH.

Ingunn Strømmesen (t.v.) frå Brensholmen og Bente Olsen frå Hasvik vil gjerne attende til heimbygdene sine etter eksamen. Men det er det offentlege, og ikkje næringslivet som er mest interessert i arbeidskrafta deira. Foto: Torgunn Wærås


Av Torgunn Wærås

Dei to jentene tok begge ordet under seminaret på Sommarøya i førre veke, der temaet var kvinner, menn og lokal utvikling. Ingunn Strømmesen kjem frå Sommarøya, frå Brensholmen på Kvaløya, mens Bente Olsen er finnmarking frå Hasvik på Sørøya. Dei skriv begge hovudoppgåver innan marknadsføring, og har begge fått tilbod om jobb. Opp til fleire. Men ikkje der dei kjem frå. Det er jobbar i det offentlege som ventar.

- Kvifor hamnar me i det offentlege med den tverrfaglege utdanninga me har? Næringslivet er ikkje der og hankar oss inn. Kvifor ikkje? spør dei to jentene seg. For Bente Olsen er det særleg rart å skulle flytte til Vadsø, som ligg enda lengre vekk frå heimplassen enn Tromsø. Som akademisk lærling knytt til ei av bedriftene på Sørøya gjennom heile studiet, var ho sikker på å kunne flytte heim igjen etter avslutta utdanning.

- Bedrifta har visst i fem år at eg skulle komme attende, men dei har framleis ikkje klart å finne ut kva jobb eg skal gjere, fortel Olsen.

Av ei handfull medstudentar frå Finnmark, er det berre ein som har fått jobb i det private, og det er i ei familiebedrift, seier Olsen. Sjølv er ho engasjert som førstekonsulent av Finnmark fylkeskommune. Og - paradoksalt nok - skal ho arbeide med korleis ein kan få ungdom til å vende attende til heimbygdene sine etter utdanning. M.tittel: Misforhold Førsteamanuensis Siri Gerrard ved NFH var ein av arrangørane bak seminaret, eit seminar ho meiner var lærerikt fordi mange representantar frå ulike deler av samfunnslivet var til stades. Blant anna fekk ein eksemplifisert at det er eit misforhold ved at jenter med utdanning innan fiskeri vil heim, medan det ikkje finst posisjonar til dei i næringa. Dette er ei problemstilling som bygdene ikkje har vore særleg merksame på, men som dei no må gå inn i, meiner Gerrard.

- Bedriftene har ikkje stillingar til unge, urøynde, godt utdanna folk. Det er med andre ord få "lærlingstillingar" innan leiing slik leiarstrukturen er i mange små og mellomstore bedrifter. Dessutan er leiinga i dei fleste mindre fiskeindustribedriftene svært mannsdominert og ofte familiebasert. Dette gjer det vanskeleg å ta imot fiskerikandidatar slik heilt utan vidare. I tillegg er dei fleste nye jobbane innan marknadsføring plassert i fiskeribyane og ikkje i dei mindre fiskeværa, seier Gerrard.

Ho meiner at verken Universitetet eller NFH har vore nok merksame på denne problemstillinga tidlegare. Det er derfor viktig at også NFH tar ansvar ved å setje søkelyset på denne problematikken, meiner Gerrard.

- Me har i liten grad sett på dagsordenen korleis kunnskapen fiskerikandidatane tileignar seg skal gå inn i ein leiarsamanheng, aller minst for kvinner. Kanskje skulen skulle vore meir aktiv her, og sett kunnskapen meir inn i både ein samfunns-, bedrifts- og kjønnssamanheng, seier Gerrard, som gjerne hadde sett at desse studentane fekk med seg meir kulturforståing gjennom å ha meir samfunnsfag på timeplanen enn i dag. Ingunn Strømmesen kunne gjerne tenkje seg å jobbe i ei av fiskeribedriftene på Sommarøy. Utfordringa gjekk først og fremst til produksjonsleiar John Hjalmar Johansen, som sat og høyrde på innlegget hennar under seminaret. Tidlegare på ettermiddagen hadde han omsyning på bedrifta han leier, og han fortalde mellom anna at dei har stort behov for arbeidskraft. Rundt 50 prosent av dei tilsette kjem frå lokalsamfunnet, medan resten kjem utanfrå. For tida er og sju svenske arbeidarar tilsette. Også Ingunn Strømmesen kan få jobb der, men vil ho kunne bruke utdanninga si? Av dei rundt 50 i bedrifta er det berre Johansen sjølv som har høgare utdanning. M.tittel: Manglar informasjon Johansen meiner noko av problemet er at næringa ikkje veit nok om kva fiskerikandidatane kan, og han etterlyser meir informasjon både frå NFH og frå kandidatane sjølv. Det hadde vore bra om studentane og kunne marknadsføre seg litt, for eksempel ved å ta kontakt og fortelje om kva for oppgåver dei kunne tenkje seg å jobbe med, meiner Johansen.

- Kva jobb kunne du tenkje deg å by Ingunn Strømmesen? - Eg ser for meg prosjektbasert arbeid og eigenkontroll. Ho skal berre ta kontakt for å fortelje kva for område ho ønskjer å jobbe med, seier John Hjalmar Johansen. Sett frå studentane sin ståstad, er det eit problem at næringa tilbyr lågare løn enn det offentlege.

- Eg er villig til å gå ned 20-30 000 kroner i løn for å kome attende til Hasvik, men meir har eg ikkje råd til, seier Bente Olsen. Til så lenge leiger ho ut huset ho har kjøpt heime, medan ho sjølv skal bu i Vadsø. Selje vil ho ikkje. Før eller seinare skal ho nemleg heim igjen.


Fiskeri og utvikling

"Kvinner, menn og utviklingsmuligheter" heitte seminaret som vart halde på Sommarøya i førre veke. Rundt 70 personar fekk med seg seminaret, som var ope for alle interesserte. På programmet sto mellom anna bedriftsbesøk og kulturinnslag med lokale krefter. Tema som vart tatt opp under seminaret var unge jenter og fiskeridistrikt, korleis fiskerikandidatar kan medverke til utvikling av lokale fiskeri, kva organisasjonane har å seie for utvikling og kva utfordringar Sommarøy står overfor.

Seminaret samla studentar frå NFH, elevar frå vidaregåande skule, tilsette ved UiTø, representantar frå Tromsø kommune, Troms fylkeskommune, Tromsø Fiskarkvinnelag og folk busett på Sommarøy.

Seminaret inngår i undervisninga på grunnkurset i fiskeriorganisasjon og ressursforvaltning ved NFH, og vart arrangert av NFH i samarbeid med Kystsamfunnsprosjektet, Sommarøy.


[Eldre nummer] [Søk][UiTø's hjemmeside][Informasjon]
14. november 1997 / Tromsøflaketredaksjonen